Genitiv ellereigefall er eit grammatiskkasus brukt i eigarkonstruksjonar, som tyskdas Haus des Mannes eller finskmiehen talo, «mannens hus».
Merk at normert norsk (bokmål ellernynorsk) ikkje har genitiv[treng kjelde]. Den såkalla «genitivs-s-en» vert i moderne grammatisk analyse rekna som eitklitikon[1] som markerer eigedomstilhøve. Derfor vil eit uttrykk som på norrønt het[konungsins af Noregi] bátr på moderne norsk kunne heite[kongen av Noreg]=s båt.
Restar av gammalnorsk genitiv finn ein faste uttrykk, ofte etter preposisjonentil :
- til dømes
- til års
- til tols
- til orde
- til dags / kvelds
- til lands / fjells / havs
Restar av genitiv finst òg i ordsamansettingar. Her vert –s- bruka etter sterkehankjønns- oginkjekjønnsord:dagsljos, kveldsmål, årstal, landsfolk. Sjeldnare brukar ein same forma etterhokjønnsord (morsmål). Elles vert hokjønnsord ved slike høve helst samanføydd med eine:tidevatn, solemerke (etter gammalt genitivtidar, solar).[2]
Former somdødsens kan i moderne norsk reknast som eigne ord, med opphav i ei gammal bunden genitivsform.[3]
Tidlegare var det vanleg å rekne med at genitiv fanst i norsk, men da slik at det av dei gamle genitivformene på -s, -ar, -a , -e/i og -o/u var berre formene på -s som hadde halde seg levande i språket, mens dei andre formene var å finne berre i faste ordlag. Ein rekna da at s-formene hadde breidd seg i språket.[4]
Ivar Aasen registrerte at dei gamle genitivformene hadde halde seg best iubundne hankjønnsord og etter mannsnamn. Hokjønns- og fleirtalsord med s-genitiv kalla han uekte genitiv. Han såg at folk ikkje hadde særleg bruk for genitivformene i daglegtalen, men at det ville vere større behov for formene i meir regelbunden stil. Han ville derfor ta vare på dei ekte genitivformene han fann i folkespråket.
I nynorsk språk har idealet vore å avgrense s-genitiven til former som fell saman med dei opphavlege gammalnorske formene. S-genitiv har vore godtatt ettersterke ubundne hankjønns- og inkjekjønnsord og mannsnamn, mens ein ellers har tilrådd omskriving etter mønster for munnleg språk.[5] «Noregs Mållag» er derfor eit døme på grei bruk av s-genitiv, medan «vekas artikkel» hjå mange skurrar i øyro. «Kongen av Noregs båt» vil heller ikkje vere gangbart i tradisjonell nynorsk.
Ihøgnorsk språk vert bundne genitivformer med endinga-sens bruka ipoesi og i høgtidleg stil:Dagsens auga sloknar ut (Blix) ogAa, du Guds lamb som bar heimsens synder (Altarboki 1920).
Både i norske dialekteter og i nynorsk skriftspråk kan eigeform av ordpar som «han far», «ho mor» og «ho Kari» verta uttrykt som «hans far», «hennar mor» og «hennar Kari». Døme på dette innan poesien erHandi hans far min (Hovden) ogMålet hennar mor (Reitan), medan ein i nynorskbibelomsetjing kan lese at «Gud høyrde bøna hennar Lea» (1. Mos.[6], 1978/85-omsetjinga).