Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Geit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geit
Geit
Geit
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Klasse:PattedyrMammalia
Orden:KlauvdyrArtiodactyla
Familie:KvegdyrBovidae
Slekt:Capra
Art:VillgeitC. aegagrus
Underart:GeitC. a. hircus
Vitskapleg namn
Capra aegagrus hircus

Geit (Capra aegagrus hircus) er eintamd underart avvillgeit som er å finna i Sørvest-Asia ogAust-Europa, eit klauvdyr som er nært i slekt medsauen.

Geita har vore i bruk somhusdyr over store delar av verda i fleire tusen år. Ein har fått mellom annamjølk,kjøt,hår ogskinn frå dyret. Frå slutten av nittenhundretalet har geita også vorte noko utbreidd somkjæledyr.

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Geiter på fjellet

Geita vart først tamd for om lag 10 000 år sidan i deiiranskeZargosfjella.[1] Gamle stammekulturar heldt dyr for å få jamn tilgang tilmjølk,hår,mat ogskinn. Dei tamde geitene blei haldne i flokk, og beita mens dei var påpassa avgjetarar som vanlegvis var ungdom eller barn. Slik gjeting blir praktisert den dag i dag.

I historia har geitehud vorte brukt som vesker og som ei slags flaske til åvatn ellervin i under både reising og transport og sal av vin. Huda vart òg brukt sompergament, som var det vanlegaste materialet å skriva på iEuropa førboktrykkjarkunsten vart oppfunnen.

Formeiring

[endre |endre wikiteksten]
Killingar

I nokre klimasoner kan geiterformeira seg heile året, men i nordlege område byrjarparingstida når dagane blir kortare, og varar til tidleg om våren. Ho-geitene er mottakelege kvar 21. dag i 2-48 timar. Ei mottakeleg ho-geit viftar ofte med halen og held seg i nærleiken av bukken dersom det er mogleg, brekar meir, og kan også mista matlyst eller minke mjølkeproduksjonen. Bukkar i nordlege område blir brunstige om hausten samstundes som ho-geitene vert mottakelege. Karakteristisk for brunsttida er lågare matlyst og stor interesse for ho-geiter.

I tillegg til vanleg paring har bønder som driv medavl teke i brukkunstig befruktning for å få dyr med eigenskapane dei ønskjer på enkelt vis.

Geitene er drektige i om lag 150 dagar og dei får som oftasttvillingar, mentrillingar er òg vanleg. Mindre vanleg er firlingar, femlingar og sekslingar. Fødselen skjer vanlegvis utan komplikasjonar eller hjelp frå menneske. Mora et gjernemorkaka som er full avnæringsstoff som til dømesoxytocin.

Mjølkeproduksjonen startar så snart geita har fødd killingane sine. Produksjonen varierer med rase, alder og dyret sine matvanar; mjølkegeiter produserer generelt sett om lag 660 til 1.800 liter mjølk på 305 dagar. I snitt produserer ei god mjølkegeit 2,7 liter mjølk om dagen. I enkelte tilfelle kan ei geit produsera så mykje som 7,3 liter mjølk. Rasar som ikkje er rekna som høvelege til mjølking produserer ikkje meir enn det killingane deira har bruk for.

Ernæring

[endre |endre wikiteksten]

Geiter har eit rykte på seg for å gå laus på kva det skal vera, og er kjende for å ha sansen fortobakk. Mange bønder brukar billege hybridgeiter (ikkje rasegeiter) for å halda vegetasjonen i sjakk. Fordi geiter heller et ugras enn kløver og gras, vert dei bruka til å halda beiteområde for andre dyr buskfrie. Geiter har ei ganske robust fordøying som bryt ned nesten alle organiske materiale til næringsstoff dei kan utnytta.

Det er lite frå den botaniske verda ei geit ikkje ville ha ete, enkelte av plantane dei et er jamvel skadelege eller giftige forkveg ogsauer, og difor kan geitene vera verdfulle i bruk for å kontrolleragiftig ugras og halda borte kratt og buskas. Men dei et sjeldan skiten mat eller skite vatn om dei ikkje svelt og tørstar.

Geiter et ikkjesøppel,emballasje ellerklede, men kan gjerne finna på å eta materiale laga avtre, eller annaplantefiber. Ryktet om at dei faktisk et slike ting har mykje å gjera med at dei er nysgjerrige av natur, og gjerne utforskar det ukjende. Dette gjer dei med den følsame overleppa og tunga.

Bruk

[endre |endre wikiteksten]

Ei geit kan vera lika mykje til bruk levande som daud, då ho kan gje frå seg mjølk og hår. Nokre organisasjonar som driv med velgjerd sender geiter til fattige iAfrika. Grunnen til at geiter blir brukt til dette er fordi dei er lettare å handtera enn til dømeskveg.

Kjøt

[endre |endre wikiteksten]

Kjøtet frå ei geit kan minna om smaken avlammekjøt, men enkelte meiner òg smaken kan liknakalv ellerhjort etter kor gamalt dyret er. Ein kan gjera mykje med kjøtet, som til dømessteiking,grilling, somkjøtdeig,hermetisering, baking, koking av forskjellige slag, eller somspekemat.

Geit har lågarefeitt- ogkolesterolinnhald ennfår, og er difor næringsmessig sunnare, og kan på den måten samanliknast medkylling. Kjøtet inneheld òg fleiremineral enn kylling[2] og mindremetta feitt enn andre slag kjøt[3]. Dette har gjort at kjøt av geit er klassifisert somkvitt kjøt[4]. Ideelt sett skal kjøtet òg kokast lengre og under lågare temperatur enn raudt kjøt[5].

Indre organ somhjerne oglever blir rekna for å vera delikatesser enkelte stader. Hovud og bein av dyret vertrøykt eller brukt isuppe.

Mjølk og ost

[endre |endre wikiteksten]
Mjølking av geit iBondhusdalen iKvinnherad kring 1890.
(Foto:Axel Lindahl/Norsk Folkemuseum)

Geitemjølk er lettare fordøyeleg for menneske ennkumjølk og små born og personar med mjølkeallergi er rådde til å drikka geitemjølk. Mjølka treng ikkje åhomogeniserast fordi ho ikkje inneheldproteinetagglutinin. Ho inneheld like mykjelaktose som kumjølk (4,7 %).

Mjølkegeiter ved Kjøsnesfjorden i Jølster.
Foto: Atle Råsberg

I motsetning til kva mange førestiller seg, smakar ikkje geitemjølk vondt. Når ho er riktig handtert, er mjølka av friske og raske geiter, og har vorte raskt nedkjølt, er smaken behageleg og ikkje skarp. Når ein mjølkar geiter er det viktig å ikkje ha bukkar i nærleiken, fordi den stramme lukta frå bukken kan smitta over i mjølka.

Mjølka kan òg brukast iost, som til dømes irocamadour.Fetaost skal vere laga av mjølk frå sau, men geitemjølk vert ofte brukt som erstatning. I Noreg vert det meste av geitemjølka brukt ibrunostar somgudbrandsdalsost ogbrun geitost, sjølv om det no er kome til fleire småskalaprodusentar kring i landet som lagar kvite geitostar.

Skinn

[endre |endre wikiteksten]

Geiteskinn vert framleis brukt til å laga hanskar,skor og andre produkt som inneheld mjuktlêr.Black bengal er ein rase fråBangladesh som har skinn med særleg høg kvalitet. Skinnet vert òg bruka på enkelte trommer.

Rasar

[endre |endre wikiteksten]

Det finst fleire rasar av geit, til dømeslappgeit ogkystgeit.

I kulturen

[endre |endre wikiteksten]

Geiter er nemnde fleire stader iBibelen. Ijødisk matlaging har geita vore rekna som eit reint dyr, og vartslakta når storfolk vitja. Dyret var òg rekna som eit akseptabelt slakt i enkelte offer. PåJom Kippur, den jødiske forsoningsdagen, vart to geiter utvalde og det blei drege lodd for dei. Ei av dei blei ofra mens den andre fekk rømma attende til det frie, der ho symbolsk sett bar med seg folket sine synder, som einsyndebukk. Ein leiar ellerkonge vart ofte samanlikna med ein bukk som leidde flokken sin. I detnye testamentet samanliknaJesus dei som følgde han med sauer og vantru med geiter.

Iåsatru er geita knytt tilTor, som har to geitebukkar,Tanngrisnir ogTanngnjóstr. Geita er også viktig somjulebukk i ulike skandinaviskejuleskikkar.

Ordhistorie

[endre |endre wikiteksten]
Namn på ulike språk
Geit
Norrønt
Geit
Svensk
Dansk
Engelsk
Tysk
Fransk
Spansk
Russisk

Det moderne norske ordetgeit kjem frå det norrøne ordet 'geit', som har opphav i deturgermanske*gaitaz. Frå dette urgermanske ordet har ordagaits (gotisk),gait (skotsk),geit (norsk),Geiß (tysk) oggoat (engelsk) oppstått. Opphavsordet, fråurindoeuropeisk,*ghaidos tyderung geit (ref. til latinhædus som tyderkje).

Geiter av hannkjønn blir ofte kalla[geite]bukkar og ungdyr forkje ellerkillingar.Bukk kjem frå det norrønebukkr ellerbokkr.

Det norrøne ordetkið har i moderne norsk blitt tilkje, ogkiðlingr som er einorrøn avleiing avkið, finst i dag somkilling.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Goat busters track domestication.(physiologic changes and evolution of goats into a domesticated animal)(Brief Article), arkivert fråoriginalen 4. februar 2012, henta 18. februar 2007 
  2. Use of Goat Milk and Goat Meat as Therapeutic Aids in Cardiovascular Diseases by John R. Addrizzo, arkivert fråoriginalen 3. februar 2007, henta 18. februar 2007 
  3. Meat Goat Production in North Carolina by Jean-Marie Luginbuhl -North Carolina State University
  4. GOAT MEAT THE "NEW" LEAN MEAT, arkivert fråoriginalen 30. mars 2007, henta 18. februar 2007 
  5. UF, FAMU WORK TO MAKE GOAT PART OF MAINSTREAM AMERICAN DIET Aug. 2, 2001, arkivert fråoriginalen 1. september 2006, henta 18. februar 2007 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Geit
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Geit&oldid=3575481»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp