Tysk plansje som viser arbeid med skinn og huder på eit garveri omkring1880Arbeid ved eit tradisjonelt garveri og fargeri iFez iMarokko
Garving er ein reinse- og konserveringsprosess derhud vert omdanna tillêr.
I garveprosessen kan ein bruke vegetabilske, mineralske eller animalskegarvestoff. Vegetabilsk garving var kjend heilt attende til førhistorisk tid, semsgarving er kjend fråantikken og mineralsk garving medalun ellerkoksalt er kjend frå tidleg mellomalder.
Ved vegetabilsk garving (barking) vert huda lagt i vassbad til håra kan fjernast. Samstundes vert knustbork lagd i eit kar med vatn slik at garvestoffa trekkjer ut. Den hårlause huda vert så lagd i badet for barking. Etter barkinga vert underhuda skrapa vekk frå lêret.
Eikebork inneheld mykje garvestoff, men bork avbjørk ogselje har vore meir brukt i Noreg. Garving med seljebork gir lysbrunt lêr, medan bjørkebork gir mørkt lêr.
Ved alungarving eller kvitgarving vert det brukt alun eller koksalt som garvemiddel. Saltet konserverer håra eller ulla, slik at det ikkje er nødvendig å røyte huda før garvinga. Metoden er helst bruka på skinn av sau, geit og småvilt.
Ved semsgarving, trangarving eller feittgarving vert skinnet røytt med kalk før det vert innsmurt medfeitt ellertran, bløytt og banka. Tradisjonelt vert det helst brukt skinn av småfe til semsking, og semska skinn vart brukt til klede.
Kromgarving vart oppfunnen i 1853 og kom i praktisk bruk i 1870-åra. Metoden går ut på å få kromsalt i tilstrekkeleg mengd inn i rålêret. Metoden har mange fortrinn framfor vegetabilsk garving. Kromlêr toler nær innpå dobbelt så høg temperatur og det toler betre vatn og det er mjukare. Av den grunn vert det meste av overlêr, lêr til klede og og møbellêr kromgarva. Sålelêr, beltelêr, pakningslêr og bokbindarlêr vert enno garva vegetabilsk, sidan slikt lêr er fastare, mindre elastisk og mindre porøst.