Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Garnison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eingarnison (fråfransk, avleidd frågarnir, 'å utstyre') er einmilitærstyrke som er stasjonert på ein særskild stad. I den opphavlege tydinga av ordet hadde denne styrken som oppgåve å verne staden, gjerne eifestning, eitslott eller ein by. Byar som har ein militærforlegning vert ofte kalla garnisonsbyar.

Seinare har ein byrja å nytte ordet om styrkar som er stasjonert ein særskild stad utan at dei har oppgåve knytt til nettopp denne staden. Ordet vert nytta på denne måten iDet norske forsvaret, der ein til dømes harGarnisonen i Porsanger ogGarnisonen i Sør-Varanger. Noko liknande gjeld iStorbritannia, der dei større militære basane, med meir enn ein leir og eige hovudkvarter vert kalla garnisonar.

IIsrael er ei garnisonseining (hebraisk חיל מצב;cheil matzav) ei regulær eining som forsvarer eit spesifikt område som ein by, ein provins, ei festning eller ein enkelt bygning.

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Garnison&oldid=2980114»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp