Elva har utspring iHimalaya i delstatenUttarakhand, nær grensa tilDen autonome regionen Tibet iFolkerepublikken Kina. Ho blir danna gjennom møtet mellom elvane Alaknanda frå aust og Bhagirathi, med kjelde iGangotribreen, frå vest. Ved den heilage byenHaridwar (311 moh.) når elva slettelandet, og renn gjennom dette med eit lite fall. Retninga endrar seg frå sørvestleg til søraustleg.
Satellittbilde av Ganges-Brahmaputra-systemet fram til utløpet i Bengalbukta.
Etter å ha runne inn iBangladesh er hovudgreina av elva kjend somPadma. Ho renn saman medJamuna og seinareMeghna, begge delar avBrahmaputra, Om lag 200 km frå munningen i Bengalbukta dannar elvesystemet verdas størsteelvedelta.Gangesdeltaet er 7 700 km² og omfattar mykje fruktbart jordbruksland i den øvre delen, medan deltaet nærare sjøen er vill, salthaldigmangrovesump med stor naturrikdom.
Elva har fleire bielvar, dei største er Yamuna, Sarda, Gogra og Gandak frå nord og Chambal og Son frå sør. Ho har tilførsel frå snøsmelting, og er vassrik sjølv itørketida. Floda fører også med segslammassar som gjødslar og endrar deltaet hans.
For mangehinduar er Ganga særs heilag, og dei bruker elva til ritual som å vaska seg, be og dryssa kremasjonsoske i. Vatn frå elva blir brukt vedbryllaup og gjeve til sjuke og døyande. Daglege seremoniar og meir sjeldne høgtider somkumbh mela blir haldne i og langs Ganges. Viktige punkt ved elva erpilegrimsmål, til dømesGangotri,Haridwar, møtepunktet mellom Ganga og Yamuna vedAllahabad,Varanasi.
Ifølgje mytologien kom elva ned til jorda for å reinsa menneske fråsynd. Flaumen hennar blei dempa av at ho blei teken imot av gudenSjiva sitthår. Gudinna kan sjåast på som eimor, og som den kvinnelege krafta til Sjiva,sjakti. Den personleggjorde Ganga blir ofte framstilt som ei ung kvinne som held symbol forgrøde. Ho blir ofte framstilt saman medYamuna, ei sideelv som også blir vist som ei ung kvinne.