Game Boy Advance (ofte kortaGBA) er ein handhalden spelkonsoll utvikla, produsert og marknadsført avNintendo. Han vart lansert i Japan 21. mars 2001, i Nord-Amerika 11. juni 2001, i Europa og Australia 22. juni 2001. Under utviklinga vartGame Boy Advance gjeve kodenamnProject Atlantis.
SP-versjonen som vart lansert imars2003 hadde ein ny og mindrekamskjelldesign med ein skjerm som ein kunne flippe opp, internt forlys (ikkje baklys) og oppladbart batteri, men var elles uforandra.SP står forSpecial (spesiell).
Game Boy Micro er den andre omforminga av Game Boy Advance. Maskina er 10,6 cm brei, 5,08 cm høg og 1,78 cm djup og veg 85 gram. Micro har ein mindre skjerm enn dei andre modellane, men med skarpare oppløysning og bakgrunnsopplysing. Maskinen er ikkje kompatibel med spel for Game Boy eller Game Boy Color.