Game Boy (ゲームボーイ) er ein handhaldenspelkonsoll som er laga av det japanske føretaketNintendo. Spelkonsollen vart lansert i 1989 og kom ilag med speletTetris
Game Boy er den første konsollen i Game Boy-serien og vart lansert første gong den 21. april 1989 i Japan. Maskina er basert på ein Z80 prosessor, hadde ein liten svart og grøn reflektiv LCD-skjerm, ein åttevegs styreknapp, to handlingsknappar (A og B), og Start- og Select-knappar. Game Boy speler spel frå ROM-baserte medium i små plastikkeniningar som ein kunne skifte ut, kalla spelekassettar.Dataspelet Tetris hjelpte Game Boy med å nå ut til dei store massane, og står bak mykje av suksessen til plattforma.I starten var konsollen berre tilgjengeleg i ein nøytral gråfarge, men i 1995 gav Nintendo ut modellar i fleire ulike fargar og reklamerte for dei med ein Play It Loud!-kampanje (spel høgt).
I 1996 lanserte NintendoGame Boy Pocket; ei mindre og lettare ny utgåve som kravde færre batteri. Med plass til 2 stk AAA batteri kunne maskina halde det gåande i om lag ti timar med speling. Denne versjonen fekk ein mindre linkport, og ein treng såleis ein adapter for å kopleGame Boy Pocket saman med den eldre Game Boy-utgåva. Denne porttypen vart seinare nytta på alle dei nyare Game Boy-modellane. Fargene på skjermen vart endra til ekte svart-kvitt i staden for grønfargane som originalen nytta. Den første utgåva hadde ikkje LED-lampe for å vise straumnivået til batteriet, men dette vart seinare lagt til etter etterspørsel om dette frå kundane.
Game Boy Light vart lansert i 1998, men berre i Japan. Denne utgåva var litt større enn Pocket-utgåva, og hadde opplyst skjerm for speling i mørke og svakt lys.Light nytta 2 stk. AA batteri som rakk til kring tjue timar med speling med lyset av og tolv timar med lyset på. Maskina er den einaste handhaldne spelkonsollen Nintendo kom ut med fram til lanseringa avGame Boy Advance SP i 2003.
Denne modellen er den mest sjeldne modellen utanfor Japan, og på grunn av dette vert den ofte seld for langt meir enn dei andre Game Boy-modellane.