Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Gambe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gambe

Klassifiseringgambefamilien
Hornbostel-Sachs klassifisering321.322-71

Gambe er eitstrykeinstrument medtverrband, flat botn og ters-/kvartstemming som var særleg populært irenessansen ogbarokken. Gambefamilien er nært i slekt medvihuela,rebec,gitar og liknande instrument.

Fire medlemmer av gambefamilien fråSyntagma musicum.

Opphav

[endre |endre wikiteksten]

Ein teori: Opphav i gitaren

[endre |endre wikiteksten]

Instrumentet har truleg sine røter igitaren. Ein tenkjer seg at nokre gitaristar byrja å spela med boge ein gong på1400-talet. Dette førte etter kvart til utviklinga av eit heilt nytt instrument med mange av særtrekka til gitaren (flat botn, tverrband), men som vart stroke i staden for klimpra. Dette instrumentet vart først halde på same viset som ein gitar, men vart seinare halde loddrett — anten kvilande på fanget eller halde mellom beina som eincello. Den sistnemnde måten gav opphav til namnetviola da gamba, som eritaliensk for «knefele». Namnetgambe er ei kortform av det italienske namnet.

Forelda teori: føregangar til fiolinfamilien

[endre |endre wikiteksten]

Nokre kjelder har hevda at gamben er føregangaren til fiolinfamilien, men det finst ikkje historisk grunnlag for dette. Fiolinen har heilt ulikt opphav og vart underrenessansen mykje lågare verdsett enn gamben.

Om instrumentet

[endre |endre wikiteksten]

Tverrband og ters-/kvartstemming

[endre |endre wikiteksten]

Gamben har, som nemnt, tverrband som ein gitar. (Men desse tverrbanda er, i motsetnad til på moderne gitarar, flyttbare påknytte band av tarmstrenger.) Ein gambe har vanlegvis seks strenger, men nokre eksemplar med fem strenger finst òg. Ei låg sjuande streng (''A) vart lagt til på bassgamben av den franskegambistenSainte Colombe, som var lærar åt mange av dei franske gambevirtuosane på1700-talet. I motsetnad til dei fleste medlemmene avfiolinfamilen, som normalt er stemde ikvintar, er ein gambe normalt stemt ikvartar med einstor ters i midten, på same vis som pålutt og på liknande vis som gitaren.

Boge

[endre |endre wikiteksten]

Bogen blir halden med underhandsgrep og er normalt nokokonveks (rund) som ein tidleg barokkfiolinboge heller ennkonkav (innoverbøygd) som ein moderne fiolinboge.

Storleikar

[endre |endre wikiteksten]

Gamben finst i fire hovudstorleikar:

  1. Diskantgambe (Stemming: d g c' e' a' d")
  2. Altgambe/Tenorgambe (Stemming: G' C F A d g)
  3. Tenorgambe/Bassgambe (Stemming: D G c e a d') (og, fråSaint Colombe si tid: ''A nedst)
  4. Violone (Stemming: ein oktav under alt-/tenorgambe)

Nærskylde instrument

[endre |endre wikiteksten]

Gamben er nært i slekt med strykeinstrumentaviola d'amore ogbaryton.

Skordatur

[endre |endre wikiteksten]

Andre stemmingsmåtar enn dei nemnde ovanfor har stundom vore bruka — særleg i samband med den solistiskelyra viol-spelestilen, som òg omfatta teknikkar som akkordspel ogpizzicato (klimpring i staden for stryking) — teknikkar som normalt ikkje vart bruka iconsortspel. Ein uvanleg pizzicatostil var kjend på engelsk som «thump».Lyra viol-musikk var ofte skriven medtabulatur, og det finst svært mykje repertoar; noko av kjende komponistar, men det meste anonymt.

Bruk

[endre |endre wikiteksten]

Consort

[endre |endre wikiteksten]

Gambar var vanlege blant amatørar, og i mange velståande heimar fanst det ei såkalla gambekiste som kunne innehalde ein eller fleire gambar av kvar storleik. Gambeensemble, såkallaconsorts, var vanlege på1600- og1700-talet. Ein typisk consort spela gjerne vokalmusikk (consort-songar, hymnar, madrigalar) såvel som original instrumentalmusikk. Consortmusikken var svært populær iEngland i tida kring dronningElizabeth I, med komponistar somWiliam Byrd,John Dowland; og under styret til kongCharles I med komponistar somJohn Jenkins ogWilliam Lawes. Den siste musikken spesifikt skriven for gambeconsort føretidleg musikk-rørsla i moderne tid vart truleg skriven på1680-talet avHenry Purcell.

Læreverk

[endre |endre wikiteksten]
Gambe på Isenheimer-altaret (1506-1515)

Det finst fleire viktige utgreiingar om gamben. Den første var skriven avSilvestro Ganassi:Regola Rubertina & Lettione Seconda (1542/3).Diego Ortiz gav utTratado de Glosas (Roma1553), ei viktig bok på gamberepertoaret med mange eksempel påornamentering og musikkstykke kalla“Recercadas”. IEngland skreivChristopher Simpson den viktigaste utgreiinga som kom ut i andre utgåva som tospråklegengelsk/latinsk i1667. Attast i denne boka finst detdivisjonar (ornamenterte variasjonsverk) som utgjer eit svært gjevande repertoar. Litt seinareEngland skreivThomas Mace utgreiingaMusick's Monument, som dreier seg mes omluttspel, men som òg har ein viktig bolk om gamben. Etter dette viser deifranske utgreiingane av Rousseau, Danoville (1685) ogLoulie (1700) vidare utvikling av speleteknikken.

Bassgamben i høg- og seinbarokken

[endre |endre wikiteksten]

Bassgamben fortsette å bli bruka som soloinstrument og, saman medcembaloet, somgeneralbassinstrument inn på1700-talet. På denne tida hadde gamben opparbeidd seg ry som eit arkaisk og høvisk instrument. Komponistar somMarin Marais,Johann Sebastian Bach ogCarl Friedrich Abel var blant dei siste til å skrive musikk for gambe. Med større konsertsalar og endra musikksmak var den kraftigare tonen tilfiolinfamilien meir i tråd med tidsanden, og gamben gjekk stort sett or bruk.

Tidleg musikk-rørsla

[endre |endre wikiteksten]

Frå tidleg på1900-talet har gamben vorte teken i bruk att avtidleg musikk-entusiastar. Ein tidleg pådrivar for dette varArnold Dolmetsch.

FilmenTous les Matins du Monde regissert avAlain Corneau er basert på liva åtSainte Colombe ogMarin Marais, med gambemusikken deira i hovudsetet.

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Gambe&oldid=3366197»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp