Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Galisisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galisisk
galego
KlassifiseringIndoeuropeisk
 italiske språk
  romanske språk
   iberoromanske språk
Bruk
Tala i Spania
Galisisktalande i alt3–4 millionar
SkriftsystemLatinsk
Offisiell status
Offisielt språk iGalicia i Spania
Normert avReal Academia Galega
Språkkodar
ISO 639-1gl
ISO 639-2glg
ISO 639-3glg
Wikipedia på galisisk

Galisisk ellergalicisk er eitiberoromansk språk som ein snakkar i den autonome regionenGalicia og tilstøytande område iAsturias ogCastilla y León, nord iSpania. Det blir tala av 3-4 millionar, ein halv av dei emigrantar tilSør-Amerika.

Det har nært slektskap medportugisisk, og blir ofte sett på som eindialekt av dette språket. Men språkbrukarane og dei galisiske styresmaktene ser annleis på det. Dei har ein eigen identitet og har utvikla seg vekk frå portugisisk. Ettersom portugisisk utvikla seg i Galicia, kan det like gjerne vera ein dialekt av galisisk.

Galisisk skrift

[endre |endre wikiteksten]

Galisisk har hatt eit eige skriftspåk sidan 1000-talet. Imellomalderen vartgalaico-português sett på som eitkulturspråk, brukt innandikting og ireligiøse samanhengar. Dette gjaldt ikkje berre i Galicia og Portugal, men òg iCastilla, der kastiljansk hovudsakleg var brukt til å skrivaprosa.

Etter at portugisisk og galisisk blei skilde, blei språket etter kvart sett på som provinsielt og udanna. Det var lite brukt innanakademi ellerskjønnlitteratur før det fekk ein renessanse midt på 1800-talet.Rosalía de Castro blir framleis feira for utgjevinga si i1863 av eidiktsamling på galisisk. Dagen boka kom ut på,17. mai, er ògdagen for galisisk litteratur.

Forbod

[endre |endre wikiteksten]

Under styret tilFrancisco Franco, som sjølv var galisar, var alle språk bortsett frå kastiljansk forbodne i landet. Galisisk blei framleis brukt som talespråk på landsbygda, og etter atdiktaturet var over i 1975 blomstra det opp igjen.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]

Wikipediagalisisk


Større moderne språk med litterær tradisjon
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Galisisk&oldid=3355572»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp