Fyrste ellerfyrstinne (fråtysk:Fürst, 'den fyrste') er ei nemning eller tittel som kan visa til ulike typaradelsfolk. Ordet kan visa til eit medlem av eitkongehus ellerhøgadelen, men kan også brukast om kvar ein uavhengigmonark.
«Fyrste» kan brukast om ein uavhengig monark av eit område uansett kva for eintittel dei brukar. Det kan visa til folk med titlar somkonge,keisar,hertug ogmaharajah, men også fyrste. I Europa i dag finst trefyrstedøme der statsoverhovudet brukar tittelen «fyrste»:Andorra,Liechtenstein ogMonaco.
Prins har same avleiing som fyrste (latinprinceps, 'den fyrste'), og blir i nokre språk brukt på same vis.[1]
Fyrste har også blitt brukt somadelstittel i fleire land, mellom annaTyskland ogRussland. Tittelen har då gjerne vore den høgaste adelsklassa blant den ikkje-regjerande delen av adelen.Otto von Bismarck var ein slik fyrste. Variantar av fyrstetittelen er storfyrste ogkurfyrste.
Fyrstehus ellerfyrsteætt kan visa til slekta til ein uavhengig herskar.