Brua er ikkje del av Fv5442, men vegen til Masfjorden er synleg oppe i bergsida inne i dalen bak brua. | |||
| Strekning | |||
|---|---|---|---|
| Matre i Masfjorden–Ortnevik i Høyanger | |||
| Informasjon | |||
| Status | fylkesveg | ||
| Fylke | Vestland | ||
| Restriksjonar | |||
| Vinterstenging | Bjordal-Stordalen | ||
Fylkesveg 5442 iVestland fylke går mellom Matre iMasfjorden og Ortnevik iHøyanger.
Det er ikkje bygd veg mellom Ortnevik ogNese i Vik, men på bestemde vekedagar er det båtsamband mellom Ortnevik og Vik som kan ta med bilar.[1]
I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og traséen til Fylkesveg 5442 står av fylgjande gamle fylkesvegar:[2]
I 1930-åra hadde Høyanger kommune berre lokale grendevegar på sørsida avSognefjorden. Etter at kommunane Kyrkjebø og Lavik var slått saman til Høyanger kommune 1963 fekk innbyggjarane i den tidlegare Lavik kommune ein mykje lengre veg til kommunesenteret enn før. Derfor blei det vedteke å byggja veg frå Ikjefjord til Svartemyr, med ferje vidare til Nordeide, saman med ein gjennomgåande veg for grendene i Høyanger sør for Sognefjorden.[3]
Etter ein del diskusjonar om kvar vegen skulle gå blei han bygd ut i etappar. I 1970 blei 3,9 km gammal veg mellom Bjordal og Leirnes oppgradert, traséen Hest–Bjordal blei seinare del avFv92. 1972 blei 3,5 km mellom Leirnes og Svartemyr teke i bruk saman med ferjesambandetSvartemyr-Nordeide, og same året vart vegen Vamråk–Mjølvik teken i bruk. På dette tidspunktet hadde Ikjefjord vegløysing tilOppedal ferjekai iYtre Oppedal og ferjesambandetLavik-Oppedal-Brekke.
Med åra etterpå vart fleire strekningar ferdigbygde: i 1976 Bjordal–Søreide, 1980 Mjølsvik–Ortnevik, og ferjesambandetOrtnevik-Nordeide opna i 1982. Det siste stykket, mellom Søreide og Vamråk blei teke i bruk 1985.[3]
MasfjordenStordalsvegen
HøyangerStordalsvegen