Fylke (nordsamiskfylka,sørsamiskfylhke;lulesamiskfylkka,kvenskfylkki) er regionale administrative område iNoreg som har eit visst sjølvstyre i form avfylkeskommunar, som er administrative einingar med same geografiske grenser og namn som fylka. Ein må skilje mellom fylket som geografisk eining og fylkeskommunen som sjølvstendig administrativt organ som har fylket som sitt geografiske virkeområde. Tidlegare vart fylka kallaamt.
Eit fylke er delt inn ikommunar, som er mindre og sjølvstendige administrative einingar med sitt eige geografiske virkeområde.
Talet på fylke hadde halde seg stabilt mellom 1919 og 2017; den einaste fylkeskommunen som er forsvunnen i den perioden erBergen, som tidlegare var eige fylke, men vart teke opp iHordaland fylke som ein ordinær kommune. Den 1. januar 2018 sloNord-Trøndelag ogSør-Trøndelag seg saman tilTrøndelag fylke. Stortingsfleirtalet hadde i 2016 sett i gang ei reform av fylkeskommunane som førte til at det vart 11 fylke i landet frå 1. januar 2020. FylkaBuskerud,Akershus ogØstfold vart tilViken fylke,Vestfold ogTelemark vart tilVestfold og Telemark fylke,Oppland ogHedmark vartInnlandet fylke,Aust-Agder ogVest-Agder vartAgder fylke,Sogn og Fjordane ogHordaland vartVestland fylke ogTroms ogFinnmark vartTroms og Finnmark fylke. Dei gamle fylkaNordland,Møre og Romsdal,Rogaland ogOslo heldt fram som dei var.
Frå 1. januar vart Troms og Finnmark fylke, Vestfold og Telemark fylke og Viken fylke oppløyste, og fylka som hadde eksistert fram til 2019, vart oppretta igjen.
Det er i dag berre eitt fylke i Noreg utan kyst, og det er Innlandet fylke.
I kvart fylke er det einstatsforvaltar (fylkesmann) som erregjeringas representant og kontrollstyremakt; fylkaOslo ogAkershus har sams fylkesmann. Statsforvaltaren i kvart fylke er beinveges underlagt regjeringa.
Det folkevalde styret i kvart fylke vert utøvd gjennomfylkeskommunen i fylket, som er ei administrativ eining som fylkesmannen i vedkomande fylke ikkje er ein del av. Fylkeskommunane er styrte av kvart sittfylkesting som øvste organ,fylkesutval,fylkesordførar og ein fylkeskommunal administrasjon. Fylkestinget blir vald inn direkte av innbyggjarane i fylket ved fylkestingsvala, som vert halde i samband med kommunevala; Oslo, som er både eige fylke og eigen kommune, har berre kommunestyre, ikkje fylkesting, og difor heller ikkje fylkestingsval (men har eige val til dei ulike bydelsutvala). Fire fylkeskommunar har innførtfylkeskommunal parlamentarisme.
Administrasjonen i fylkeskommunen er som regel samla i einfylkeshovudstad; Akershus, som har Oslo som sin fylkeshovudstad, er den einaste fylkeskommunen med administrasjonen sin plassert utanfor eige fylke.
I 1977 var det innført ein direkte fylkesskatt som skulle dekka utgiftene til fylkeskommunen; tidlegare hadde fylkeskommunen fått pengane sine frå kommunane.
I dag steller fylkeskommunane med mellom anna deividaregåande skulane, offentleg tannhelse, kultur og regional utvikling. Dei byggjer og styrer vidaregåande skular ogfylkesvegar. Sjukehusa høyrde tidlegare til under fylkeskommunen, men vert i dag styrt av statlege regionale helseføretak.
Nemninga «fylke» (skriv seg fråomgrepet folk) vart nytta frå norrøn tid og opp gjennommellomalderen. Med tida vart fylket erstatta med «syssel», som seinare vart kalla «len». Frå 1662 til 1918 var nemninga «amt», men 1. januar 1919 vart amta gjort om til fylke. Den noverande fylkesinndelinga skriv seg frådansketida, og er i grove trekk skipa av kongFredrik III av Danmark-Noreg si forvaltning. Dei norrøne fylka var langt fleire enn dei 19 vi har i dag, og svarar meir til landskapa innanfor kvar administrative fylkeseining. Soleis var det åtte «fylke» berre iTrøndelag:Naumdølafylke,Skognafylke,Orkdalen,Verdalen,Gauldalen,Stjørdalen,Strinda ogSparbyggjafylke. Alle desse fylka høyrde innunderFrostating. Fylka var å rekne som opphavlege «folkeland», som var bygde førrikssamlinga, og hadde vakse fram som sjølvstendige einingar.
Lensinndelinga i seinmellomalderen kom til å dekkje over fleire opphavlege fylke, og amtsinndelinga skapte heilt nye administrative grenser, som er haldne i hevd sidan.
Fylkeskommunen som folkevalt styringsnivå vart skipa vedformannskapslovene i 1837, samstundes med kommunane. Representantane til Amtsformannskapet (seinareFylkestinget) vart heilt fram til 1964 valde av og mellom representantane i kommunestyra i allelandkommunane i fylke. Ein representant frå kvar kommune vart vald.
Frå 1964 kom ogsåbykommunane med i skipnaden. Kommunane måtte dekkje dei utgiftene Fylkestinget vedtok gjennom repartisjonsskatten. I 1976 gjekk fylkeskommunen over frå å vere sekundærkommune til å bli primærkommune på line med kommunane. Det vart direkte val til Fylkestinget, direkte skatt og eigen administrasjon. Fylkesrådmannsfunksjonen vart skilt ut frå fylkesmannsembetet.
Stortinget vedtokLov om kommuner og fylkeskommuner i 1961, og frå 1964 velde kommunestyra inn representantar til fylkestinga etter innbyggjartal. I 1976 vart det innførtdirekte val til fylkestinget.