Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Furkapasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Panorama over Furkapasset, utsyn mot Urserendalen

Furkapasset er ein fjellovergang iSveits, på grensa mellom kantonaneUri ogValais. Passhøgda er 2 436 meter over havet og knyter samanRealp iUrserendalen i Uri medGoms i Valais. Vasskiljet mellom elvaneReuss ogRhône ligg på Furkapasset.

Vegen er vinterstengd oktober-mai. Under passhøgda går ein 1 850 m langjarnbanetunnel som var i bruk i tida 1925-82.

Soge

[endre |endre wikiteksten]

Køyrevegen over Furkapasset vart bygt i åra 1864-66. I 1925 vart det bygt ein knapt to kilometer lang tunnel for jarnbanen Furka-Oberalp-Bahn. Då denne jarnbanestrekninga var mykje utsett om vinteren, vart det bygt ein vel 15 km lang erstatningstunnel som stod ferdig i 1982.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Furkapasset
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Furkapasset&oldid=2826912»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp