Fujian (forenklakinesisk福建,pinyinFújiàn) er ein provins på søraustkysten avKina. Fujian grensar tilZhejiang i nord,Jiangxi i vest, ogGuangdong i sør. ØyaTaiwan ligg i aust, bortom Taiwansundet.[1]Hankinesarar er i fleirtal, men provinsen er kulturelt og språkleg ein av dei mest mangleta provinsane i Kina. Han dekker ei flatevidd på 121400 km². Folketalet vart i 2009 berekna til 36,27 millionar. Fuzhou er hovudstad i provinsen.
Namnet Fujian er ei samansetting avFuzhou og Jianzhou (dagensJian'ou), to byar i Fujian, danna underTang-dynastiet. Den kinesiske enkeltteiknsforkortinga er 闽 forMin.
Provinsen er rik på fjellandskap, og vert ofte omtala som «åtte delar fjell, ein del vatn, og ein del dyrka jord» . Dei høgstliggande delane er i nord, medWuyi Shan som dannar grense mellom Fujian ogJiangxi. Av dei kinesiske provinsane er han den mest skogdekte av alle, i 2009 voks det skog på 62,96% av flatevidda.[2] Høgste fjelltoppen i Fujian er den 2157 meter over havet høge Huanggang i Wuyi Shan.
Fujian vender motAustkinahavet i aust,Sørkinahavet i sør, og motTaiwansundet i søraust. Fujian er skilt frå Taiwan av det 180 km vide Taiwansundet. Kyststrekninga er ulendt med mange bukter og øyar. Mellom dei største øyane er Quemoy, kontrollert av Taiwan, samt Haitan og Nanri.
ElvaMin, med sine sideelvar, deler opp mykje av det nordlege og sentrale Fujian. Andre elvar er Jin Jiang og Jiulong. Med den ujamnetopografien, har Fujian mange klipper, hamrar og fossar.
Fujian har eitsubtropisk klima med varme vintrar. På kysten ligg middeltemperaturen i januar kring 7–10°C, i åslandskapet kring 6–8°C. Om sommaren er temperaturane høge, og provinsen kan verte råka avtyfonar som kjem inn fråStillehavet. Normal årsnedbør ligg mellom 1400 og 2000 mm.
98% av innbyggarane i Fujian erhan-kinesarar. Ulike min-talande folk utgjer dei største undergruppene av han-kinesarar i provinsen.Hoklo, foochow, teochew og putian er mellom desse.
Hakkaer, eit han-kinesisk folk med sin eigne særkjenne, bur i dei sørvestlege delane av provinsen.Hui'an, også ei grein av han med særeigen kultur, bur på søraustkysten av Fujian, nærChongwu i Hui'an fylke.Shefolk, spreidd over fjellområde i nord, er den største minoritetsgruppa i provinsen.[3]
Forfedrane til mange etniske kinesarar rundt om i verda, særleg iSøraust-Asia, vandra ut frå Fujian. Etterkomarar av fujianske emigrantar utgjer ein majoritet av kinesarar busett iSingapore,Malaysia,Indonesia ogFilippinane. Fujian, særleg Fuzhou, er den største avsendaren av kinesiske emigrantar tilUS-Amerika.
Fujian har sidan 1970-åra gått frå å vere ein av Kinas fattigaste provinsar til å verte ein av dei rikaste. Menbruttonasjonalprodukt per innbyggjar er likevel det lågaste av kystprovinsane.
Frå 1949 og fram til 1979 vart Fujian rekna som eit militært frontlinjeområde mot Taiwan, og næringslivet fekk ingen stimulansar. Eintungindustriell akse fråNanping tilLongyan i det indre av provinsen var einaste større næringsutviklinga.
Fujian er kupert og har heller lite jordbruksland. Målt mot folketalet har Fujian minst jordbruksareal av alle provinsar i Kina, og er ikkje sjølvforsynt med mat. Grunnatopografien erlandbruket konsentrert om dei austlege og sørlege delane av provinsen. Det varme klimaet og rikelege nedbørsmengder gjev elles gode tilhøve for landbruk.Ris er den viktigaste kornavlinga, derettersøtpoteter,kveite ogbygg. Ein haustar jamt tre avlingar om året, i eit rotasjonssystem der ris vert kombinert med andre vekstar. Dyrking av salsvekstar somsukkerrøyr,raps,tobakk,erter og ei rad ulike tropiske frukter har auka kraftig i kystområda. Provinsen er ein leiandeteprodusent i Kina, og har den største totalavlinga medlongan. Fujian var tidleg ute med reformer i landbruket, og produktivitetsveksten var stor gjennom heile 1980- og 1990-åra. Driftseiningane er i hovudsak små. I 1998 sysselsettejordbruket 81% av befolkninga.
Rundt halvparten av landarealet er dekt av skog. Mest drivverdig skog finn ein nord i provinsen. Fujian er mellom dei leiandefiskeriprovinsane i Kina med rike fiskeri langs kysten.Havbruk, med vekt påskaldyr, er ei viktig næring.
Fujian og naboprovinsenGuangdong fekk ei nøkkelrolle då Kina etter 1978 la om den økonomiske politikken. I 1980 fekkXiamen status som ei av fire «særlege økonomiske soner». Denne førte til store utanlandske investeringar, også frå Taiwan, der folket talar same dialekten som i det sørlege Fujian. Særleg fart skaut utbygginga av eksportorientert industri, som vart basert på billeg arbeidskraft. Industrien er dominert av mange små føretak i både lettindustrien og den tyngre foredlingsindustrien. Det meste er konsentrert langs kysten i byprefektura Xiamen, Zhangzhou, Quanzhou på den eine kanten og Fuzhou på den andre.
Handelen med matvarer somsukker,hermetikk,krydder,keramikk, vesker, klede, elektriske- og elektroniske komponentar, bygningsmaterialar og kjemiske produkt er svært omfattande. Xiamen, Quanzhou og Zhangzhou står for 40 prosent av bruttonasjonalprodukt i Fujian-provinsen.
Tenesteytande næringar som turisme, finans og infrastruktur er bygd opp med kapital fråHong Kong. Hamnene er mykje utbygde, dei største er i Xiamen, Fuzhou og Quanzhou.
Handelen med den kinesiske heimemarknaden er hemma av fåjarnvegar. Topografien har vore hindringa for jarnbanen, så vegnettet er dess viktigare. Xiamen og Fuzhou har internasjonale flyplassar. Frå desember 2008 har Fujian hatt direkteruter med Taiwan frå desse to flyplassane.
Arkeologiske funn frå Keqiutou (壳丘头 på øyaPingtan, 70 km søraust forFuzhou, viser atyngre steinalder slo inn i det nordlege Fujian ca 6000 år f.Kr. Funna omfattar verktøy av steinar, knoklar, skjel ogjade; nåler ogspinnrokkar viser at folk kjende til vevkunsten. I Tanshishan (昙石山) er oppdaga halvt underjordiske sirkelforma bygningar, og funn i Huangtulun (黄土崙, datert til ca 1300 år f.Kr.) tyder på atbronsealderen var i gang.
Funna viser at urinnvånarane i provinsen varaustronesarar. Truleg hadde dei vandra inn over havet fråSøraust-Asia. Dei var nesten ukjende medjordbruk og livnærte seg ved fiske. Desse menneska slo seg ned særleg langs elva Min. Busettinga i det kringliggande, svært ulendte og skogdekte området var tynn. Først underQin- ogHan-dynastiet vart området utforska av han-kineserane. Dynastia sende ut embetsmenn for å bygge opp forvaltningsstrukturar. Urinnvånarane vart under Han-dynastiet trengt nordover, og hamna til sist nord for dagensShanghai.
Det gjekk lang tid før folka vart vovne inn i den kinesiske kulturkrinsen, for underkrigarrika-tida etablerte eit rivaliserande rike seg i Fujian. KongeslektaYue hadde grunnlagt riket på 200-talet f.Kr., etter at deira gamle rike var erobra av statenChu. UnderQin-dynastiet vart området formelt innlemma i Qin-området. Då Qin-dynastiet braut saman etter få år og det vart borgarkrig, støtta kong Wuzhu avMinyue krigsherrenLiu Bang i hans kamp motXiang Yu. Liu Bang oppretta seinare med Wuzhu si hjelpHan-dynastiet, og i år 202 f.Kr. fekk Minyue status som eit uavhengig, mentributtpliktig kongerike. Minyue fekk bygge festningar, til dømes iFuzhou og iWuyi Shan, og rett til å utvide sitt herredømme ut over dagens Fujian. Minyue rådde då over Fujian, det austlegeGuangdong, det sørlegeZhejiang og det austlegeJiangxi. Kulturelt vart Minyuesinifisert. Kulturen var ei blanding av austronesiske og hankinesiske element.
Etter kong Wuzhu døydde, hevda kongedømmet sine militære tradisjonar ved stadige angrep på grannefolk. I 111 f.Kr. gjekk han-keisaren til angrep for å fjerne trusselen som låg i eit sterkt Minye. Keisaren angreip kongedømmet i ein koordinert aksjon frå sjøsida og over land. Dermed fall Minyue. Herskarane i Fuzhou gav opp kampen før det kom til endeleg militært nederlag.
Tidleg på 300-talet, etter atdet vestlege Jin-dynastiet braut saman, vart Kina angripe av nomadefolk frå nord. Dette og fleire borgarkrigar førte til stor innvandring av kinesarar til Fujian. Dei fleste immigrantane stamma frå åtte sentralkinesiske klanar; Lin (林), Huang (黄), Chen (陈), Zheng (鄭), Zhan (詹), Qui (邱), He (何) og Hu (胡). Dei fire førstnemnde namna er mellom dei vanlegaste slektsnamna i dagens Fujian.
Folketalet i Fujian vart verande relativt lågt, grunna det ulendte landskapet. Utviklinga av jordbruket gjekk seint og låg langt etter det meste av det øvrige Kina. Berre to kommanderi og 16 distrikt vart oppretta i området. På same måte som dei andre sørlege provinsane vart Fujian mottakar av fangar eller forviste dissidentar.
Inord- og sør-dynasti-tida låg Fujian under maktfeltet til dei sørlege dynastia. Herskarane la sterkt vinn på å fåhan-kinesarar til å busette seg i Fujian.
FråTang-dynastiet si tid, 618–907, var Fujian ein sentral del av det kinesiske keisarriket. Utviklinga i provinsen har sidan då vore prega av handel og sjøfart. Under Tang- ogSong-dynastia flytta Kinas økonomiske tyngdepunkt sørover, særleg etterAn-Lushan-opprøret på 700-talet var immigrasjonen til sørområda sterk. Innvandrarane vart underFem dynasti og ti kongerike-tida leia av general Wang.Kongeriket Min vart danna, medFuzhou som hovudstad. Etter Wangs død vart Min-riket sterkt svekka av indre strid, og etter kort tid vart riket slukt av det sørlegeTang-dynastiet.
Folketalet i området vart seksdobla i løpet av 150 år. Dette førte på den eine sida til ein kamp for å få strekt landbruksressursane så det vart nok mat til alle. På den andre sida hadde ein tilstrekkeleg arbeidskraft til å kunne bygge risterrassar, vinne ny jord og byggje irrigasjonskanalar. Fujian var i Kina på 900-talet teknologisk leiande på desse felta. Byen Fuzhou vart ein viktig hamne- og handelsby, eksporten avte var særleg viktig.
Frå 800-talet busettearabiske handelsfolk seg i Kina. Dei dreiv handel først og fremst fråQuanzhou. Quanzhou vart snart ei større handelshamn enn Fuzhou ogGuangzhou. Ei tid var byen truleg den største hamnebyen i heile Orienten. Under første del avMing-dynastiet var Quanzhou utgangspunkt for admiralZheng He sine store ekspedisjonar, den første av dei tok til i 1405. Ved sidan av auka handel og sjøfart var det også eit stort oppsving innan handverk, kunst og vitskap. Fujian høyrde då til Kinas mest velståande område. Relativt mange av dei høgre embetsmenn i keisarriket, fråSong- tilYuan-dynastiet, stamma frå Fujian. Tida frå 1000-talet til 1300-talet vert rekna som ein gullalder for Fujian.
Eit opprør av ikkje-kinesarar i byen Quanzhou øydela byen. Samstundes trugajapanske piratar dei sørkinesiske kystane. Sentralregjeringa svara med eit forbod mot sjøhandel. Handelen leid av at mudder la seg i elvehamna til Quanzhou.Yuan-dynastiet sitt fall styrta regionen ut i kaos. Sjølv om sjøhandelsforbodet vart heva i1550, etter atsjørøveriet var knust av kinesarane og av japanarane underToyotomi Hideyoshi, tok ikkje handelen seg oppatt til sitt tidlegare nivå. Handelsbyar utanfor Fujian, så som Guangzhou,Hangzhou,Ningbo ogShanghai, tok over det meste.
Det sterke økonomiske oppsvinget hadde ført til kraftig befolkningsvekst. Nedgangstidene som følgde, førte til massiv utvandring. Fujianesarar slo seg ned påTaiwan,Filippinane og i delar av det moderneMalaysia ogIndonesia.Ming-dynastiet sitt fall leia til innvandring frå andre delar av Kina, men ettersom utvandringa til oversjøiske område og tilGuangdong varde ved, auka folketalet lite. Dei siste tilhengarane av det styrta ming-styret angreip i 1650 hollendarane påTaiwan og jaga dei frå øya. For å svekke ming-lojalistane på Taiwan innførte dei nye makthavarane i Kina,Qing-dynastiet underKangxi-keisaren, på ny forbod mot sjøhandel. I 1689 vart denne siste ming-bastionen styrta og Qing-styret innlemma Taiwan i keisarriket som del av provinsen Fujian. Ved den tid nådde utvandringa frå Fujian til Taiwan sitt høgdepunkt. Ein stor del av befolkninga i dagens Taiwan stammar frå desse fujianesarane.
Frå tidleg på 1600-talet gjorde utanlandske handelsaktørar seg gjeldande i Fujian. Ein grunn til dette var at kinesarane under Qing-dynastiet hadde forbod mot å drive oversjøisk handel. Kinesarane tapte denførste opiumskrigen og vart tvinga tilNanjingtraktaten, ein avtale som frå1842 opna enkelte hamner for utanlandshandel.Amoy (Xiamen) og Fuzhou var to av frihamnene. Også misjonærar og industriutviklarar slo seg ned der. Særleg i Fuzhou vart det etablert skular og aviser etter europeiske førebilete, noko som skapte grobotn for revolusjonære idear. Traktatshamna Xiamen vart snøgt ein stor og viktig by.
Fujian var overfolka, samstundes som enkelte britiske koloniar mangla arbeidskraft. Ein britisk handelsmann, James Tait, drog nytte av tilhøva og starta i 1847 opp den såkallakulihandelen. Mange frå Fujian vart flytta frå provinsen til kolonistasjonar, der dei gjekk inn i teneste som billeg arbeidskraft. Mellom 1876 og 1898 vart 1,36 millionar menneske «eksportert» frå Xiamen til Søraust-Asia.
I 1885 vart Taiwan skilt frå Fujian og gjort til eigen provins. Etterden første sino-japanske krig (1894–1895) ogShimonoseki-traktaten kom Fujian under sterk japansk innverknad. Mange utanlandske selskap, fremstbritiske, investerte i industribygging.
Utanlandskinesarar som i oversjøiske område hadde vorte inspirert av republikansk tankegods, vende også tilbake til Fujian. Dei var med å legge tilhøva til rettes for avviklinga av Qing-dynastiet. Gjennom fleire tiår med borgarkrigar og imperialistmakters kolonikrigar var Qing-styret militært svekka.
Etter at Qing-dynastiet vart styrta i 1911, stridde ulikekrigsherrar om makta over Fujian. Yuan Shikai kontrollerte provinsen ei kort tid, Li Houji, Sun Chuanfang og Zhou Yinren var militærguvernørar. Mellom 1918 og 1920 rådde Chen Jiongming den sørlege delen av provinsen. I dei to åra vart ambisiøse reformer sette i verk iZhangzhou. Chen vart i 1920 kalla til Guangdong for å støtteSun Yat-sen. Forvaltningsapparatet hans i Zhangzhou fall då saman.
I 1926 kom Fujian, i samband medNordfelttoget, under kontroll fråKuomintang. Dette innleia ein fase med relativ stabilitet. Vinteren 1933/1934 braut ut opprør leia av Li Jichen, Chen Mingshu og Cai Tingjie. Oppstanden toppa seg med at Fujian erklærte seg uavhengig av sentralregjeringa iNanjing. Denne separatistrørsla vart slått ned med stor brutalitet på under to månader.
Under den andre sino-japanske krigen okkupertejapanske styrkar kystområda i Fujian. Den kinesiske provinsregjeringa trekte seg innover tilYong'an. Underden kinesiske borgarkrigen mellom nasjonalistane ogkommunistane fann krigshandlingar stad også i Fujian.
Borgarkrigen enda med at kommunistane tok kontroll overdet kinesiske fastlandet og grunnlaFolkerepublikken Kina i1949, mens Kuomintang-regjeringa trekte seg tilbake til Taiwan. Konfrontasjonen mellom dei to maktene spelte seg ut langs kysten av Fujian. Provinsen hadde lite kontakt med resten av Kina, grunna dei vanskelege kommunikasjonane. Fram til eijarnbanelinje vart bygt, opna i1956, hadde det aldri vore gjort større investeringar i provinsen. Fujian vart hardt ramma av den feilslåtte næringspolitiske satsinga kallaDet store spranget og seinare avKulturrevolusjonen.
Etter reformpolitikken slo inn seint i 1970-åra byrja utanlandsk kapital å flyte inn i kystregionane i Fujian, ikkje minst fråTaiwan. Fleire av byane i Fujian har sidan vorte nokre av dei rikaste samfunna i Kina. Stor tilvandring frå fattigare og ofte tettare folkesette område i det nordlege og det sentrale Kina er ei fylgje av den økonomiske veksten.