Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

FugleslektaPasser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Passer
Hannar av boarsporv i Namibia Foto: Hans Hillewaert
Hannar avboarsporv iNamibia
Foto: Hans Hillewaert
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Klasse:FuglarAves
Orden:SporvefuglarPasseriformes
Familie:SporvefamilienPasseridae
Underfamilie:Passerinae
Slekt:Passer
Brisson,1760

Passer er eibiologisk slekt avsporvar i«den gamle verda». Desse sporvane er tjukkfalne, små brune eller gråfuglar, ofte med svarte, gule eller kvite teikningar. Typisk lengd er 10-20 centimeter, dei har korte halar og korte, koniske nebb. Dei er selskaplege og vil danne store flokkar, og nokre, men ikkjegråsporv, har behageleglæte.[1]

Dei fleste medlemmene finst naturleg i opnehabitat i varmare klima iAfrika og sørlegeEurasia. Ifølgje ein molekylær studie publisert i 2001, har slekta opphav i Afrika, ogboarsporv har den mest basale avstamminga.[2] Fleire artar har tilpassa seg busetjingar åt menneske. Med hjelp av nære relasjonar til menneske, har spesielt gråsporv nytta høve til å utvide utbreiinga si langt utover kva som truleg var den opphavlege heimplassen i Midtausten.[3] Bortsett frå naturleg kolonisering, har gråsporv vorte introdusert til mange delar av verda utanfor sitt naturlege utbreiingsområde, inkludertAmerika,Afrika sør for Sahara ogAustralia.Pilfink har òg vorte innført i mindre skala, med populasjonar i Australia og lokalt iMissouri ogIllinois iUSA.[3]

Passer-sporvar byggjer eit rotete reir, som, avhengig av art og hekkeområdet, kan vere i ein busk eller eit tre, eit naturleg hòl i eit tre, i ein bygning eller i taktekkinga, eller i store reirstrukturar somstorkereir. Kullet kan vere på opptil åtte egg og blir ruga av begge foreldra, vanlegvis i 12-14 dagar. Det tar deretter 14-24 dagar før ungane er flygedyktige.[4]

Passer-sporvar beitar primært på bakken som frøetarar, sjølv om dei òg et små insekt spesielt i hekketida. Nokre få artar, som gråsporv oglandsbysporv, søkjer føde rundt byar, og er nesten altetande.[5]

Artslista

[endre |endre wikiteksten]

Passer-sporvar i rekkjefølgje etterEBird/Clements Checklist v2019[6] med norske namn etterNorske navn på verdens fugler:[7]

  • Oasesporv,Passer ammodendri, Saxaul Sparrow,Gould, 1872, (LC)
  • Gråsporv,Passer domesticus, House Sparrow,Linné, 1758, (LC)
  • Romarsporv,Passer italiae, Italian Sparrow,Vieillot, 1817, (VU)
  • Middelhavssporv,Passer hispaniolensis, Spanish Sparrow,Temminck, 1820, (LC)
  • Indussporv,Passer pyrrhonotus, Sind Sparrow,Blyth, 1845, (LC)
  • Somalisporv,Passer castanopterus, Somali Sparrow,Blyth, 1855, (LC)
  • Kanelsporv,Passer cinnamomeus, Russet Sparrow,Temminck, 1835, (LC)
  • Thaisporv,Passer flaveolus, Plain-backed Sparrow,Blyth, 1845, (LC)
  • Tamarisksporv,Passer moabiticus, Dead Sea Sparrow,Tristram, 1864, (LC)
  • Kappverdesporv,Passer iagoensis, Cape Verde Sparrow,Gould, 1838, (LC)
  • Kurisporv,Passer hemileucus, Abd al Kuri Sparrow,Ogilvie-Grant & Forbes, 1899, (VU)
  • Sokotrasporv,Passer insularis, Socotra Sparrow,Sclater, PL & Hartlaub, 1881, (LC)
  • Akasiesporv,Passer motitensis, Great Rufous Sparrow,Smith, A, 1836, (LC)
  • Masaisporv,Passer rufocinctus, Kenya Rufous Sparrow,Finsch & Reichenow, 1884, (LC)
  • Savannesporv,Passer shelleyi, Shelley's Rufous Sparrow,Sharpe, 1891, (LC)
  • Kordofansporv,Passer cordofanicus, Kordofan Rufous Sparrow,Heuglin, 1871, (LC)
  • Boarsporv,Passer melanurus, Cape Sparrow,Statius Müller, 1776, (LC)
  • Landsbysporv,Passer griseus, Northern Gray-headed Sparrow,Vieillot, 1817, (LC)
  • Oskesporv,Passer swainsonii, Swainson's Sparrow,Rüppell, 1840, (LC)
  • Tjukknebbsporv,Passer gongonensis, Parrot-billed Sparrow,Oustalet, 1890, (LC)
  • Swahilisporv,Passer suahelicus, Swahili Sparrow,Reichenow, 1904, (LC)
  • Kraalsporv,Passer diffusus, Southern Gray-headed Sparrow,Smith, A, 1836, (LC)
  • Ørkensporv,Passer simplex, Desert Sparrow,Lichtenstein, 1823, (LC)
  • Sandsporv,Passer zarudnyi, Zarudny's Sparrow,Pleske, 1896, (LC)
  • Pilfink,Passer montanus, Eurasian Tree Sparrow,Linné, 1758, (LC)
  • Sahelsporv,Passer luteus, Sudan Golden Sparrow,Lichtenstein, MHK, 1823, (LC)
  • Solsporv,Passer euchlorus, Arabian Golden Sparrow,Bonaparte, 1850, (LC)
  • Brunsporv,Passer eminibey, Chestnut Sparrow,Hartlaub, 1880, (LC)

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Clement, Peter; Harris, Alan; Davis, John (1993).Finches and Sparrows: an Identification Guide. Princeton, New Jersey: Princeton University Press.ISBN 0-691-03424-9. 
  2. Allende, Luise M.; Rubio, Isabel; Ruiz del Valle, Valentin; Guillén, Jesus; Martínez-Laso, Jorge; Lowy, Ernesto; Varela, Pilar; Zamora, Jorge; Arnaiz-Villena, Antonio (2001).«The Old World sparrows (genusPasser) phylogeography and their relative abundance of nuclear mtDNA pseudogenes»(PDF).Journal of Molecular Evolution53 (2): 144–154.PMID 11479685. Arkivert fråoriginalen(PDF) 21. juli 2011. Henta 7. januar 2012. 
  3. 3,03,1Summers-Smith, J. D. (1990). «Changes in distribution and habitat utilisation by members of the genusPasser». I Pinowski, J.; and Summers-Smith, J. D.Granivorous birds in the agricultural landscape. Warszawa: Pánstwowe Wydawnictom Naukowe. s. 11–29.ISBN 83-01-08460-X. 
  4. Groschupf, Kathleen (2001). «Old World Sparrows». I Elphick, Chris; Dunning, Jr., John B.; Sibley, David.The Sibley Guide to Bird Life and Behaviour. London: Christopher Helm. s. 562–564.ISBN 0-7136-6250-6. 
  5. Summers-Smith, J. Denis (1988).The Sparrows: a study of the genusPasser. illustrated by Robert Gillmor. Calton, Staffs, England: T. & A. D. Poyser.ISBN 0-85661-048-8. 
  6. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020.Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Foreninghttps://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/
  7. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019),eBird/Clements Checklist v2019(CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 19. september 2019 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Fugleslekta_Passer&oldid=3445539»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp