Fugees | |||
![]() | |||
Opphav | New Jersey iUSA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | ca. 1992-1997, 2004-2006 | ||
Sjanger | Hip-hop,soul | ||
Plateselskap | Ruffhouse,Columbia | ||
Medlemmer | Wyclef Jean (rappar) Pras Michel (rappar) Lauryn Hill (vokalist) |
Fugees (fråengelskrefugees, 'flyktningar') var eihip-hop-gruppe på 1990-talet fråNew Jersey iUSA. Fugees bestod av deihaitiske rapparaneWyclef Jean ogPras Michel saman med songarenLauryn Hill frå USA.
I 1994 platedebuterte dei medBlunted on Reality. Dei opplevde verkeleg stor suksess med oppfylgjarenThe Score frå 1996.The Score hamna fremst på platelista i USA, og vart nummer to på den britiske lista. Plata inneheldt hitsaReady or Not,Fu-Gee-La og ein cover-versjon avKilling Me Softly. Alle tre vart gjevne ut som singlar.
Fugees vann toGrammy-prisar forThe Score, forBeste rap-album ogBeste R&B-vokalutøving.
I 1997 skilde medlemene lag og starta ulike soloprosjekt. Fugees lét høyra frå seg att i 2003, då dei gav ut samleplataGreatest Hits. I 2004 kom dei saman att og framførte konsertar både i 2004 og 2005. I 2005 la dei så ut på einEuropaturné, og det vart kunngjort at eit nytt album var på gang. Men etter turnéen skjedde det ikkje noko meir med gruppa, truleg grunna samarbeidsproblem mellom medlemene.