Einfuge er eitkontrapunktisk musikkstykke i minst to uavhengigestemmer. Stykket tek til ved at ei av stemmane speler eit korttema åleine. Så tek ei annan stemme opp temaet, medan den første speler eit kontrapunktisk akkompagnement. På same vis kan fleire stemmar koma inn, ei etter ei, og fugen utviklar seg ved at alle stemmene tek opp materialet på ulikt vis.
Namnetfuge kjem fråitalienskfuga som tyder 'flukt'. Det finst variantar somfughetta (ein liten fuge) ogfugato (eit fugeaktig verk som ikkje nødvendigvis følgjer alle reglane).