Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Frysing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frysing er ein avkjølingsprosess av eivæske tiltemperaturen der væska går over tilfast stoff. Denne temperaturen vert kallafrysepunktet.Smelting er det motsette av frysing, og er ein prosess der fast stoff går over til væskeform. For dei flest stoff er temperaturen for smelte- og frysepunktet det same. Rask avkjøling i samband medkryogene temperaturar, kan derimot få eit stoff til å fryse under smeltepunktet.

Frysepunktet for enkelte reine stoff, som heilt reintvatn, er lågare enn smeltetemperaturen. Frysepunktet til vatn er berre lik smeltepunktet når ein har små partiklar i vatnet som hindrarunderkjøling. Smeltepunktet til vatn er 0 °C. Utan frysekjernar kan ein få underkjølt vatn ned til −42 °C, før det frys tilis. Med frysekjernar er frysepunktet til vatn om lag det same som smeltepunktet. Frysekjernar, som støv, er vanleg i lufta, og derfor vilregnvatn og vatn frå springen vanlegvis fryse ved smeltepunktet til vatn.

Frysing er ein vanleg metode til å konservere mat på, som hindrar maten i å rotne og vekst avmikroorgansimar. Når vatn frys til is hindrar einbakterievekst ogkjemiske reaksjonar.

Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Frysing&oldid=2812475»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp