29. november 2019(Venezuela), 21. november 2019(Folkerepublikken Kina),[1][2] 20. november 2019(Tyskland),[3][1] 22. november 2019(Storbritannia),[4] 23. november 2019(Hongkong),[4] 28. november 2019(Russland),[4] 27. november 2019(Italia),[4] 27. desember 2019(Litauen),[4] 6. desember 2019(Sør-Afrika)[4]
Filmen vart vist fram første gong 7. november 2019 og hadde verdslansering 22. november same månad. I Noreg og dei andre skandinaviske landa hadde filmen premiere 25. desember. Filmen hentar ein del inspirasjon frå samisk kultur og kom i Noreg ut i både ei norsk- og ei samiskspråkleg utgåve.[7]
Kong Runeard, grunnleggjaren og første konge av Arendell, opprettar ein traktat medtundrafolket for å byggje ein demning i heimlandet deira, den forheksa skogen. Likevel bryt ein strid laus og gjer vetta i skogen, som representerer elementa jord, eld, luft og vatn, rasande. Vetta blir borte og ein vegg av tåke legg seg over skogen. Son av Runeard, prins Agnarr, slepp så vidt unna med livet med hjelp frå ein ukjend redningsmann.
Tre år etter kroninga si, feirar dronning Elsa av Arendell haust i kongeriket saman med den yngre syster si, prinsesse Anna, snømannen Olaf, isskjeraren Kristoffer og reinsdyret hans, Svein. Når Elsa høyrer ei mystisk stemme kalle på henne, følgjer ho etter lyden og vekker utilsikta elementvetta, som tvingar alle i kongeriket til å evakuere. Trollhøvdingen Pabel og trollstammen blir merksame på situasjonen, og kjem til Arendell for å informere om at dei må bøte på tilstanden ved å finne sanninga om fortida til kongeriket.
Elsa, Anna, Olaf, Kristoffer og Svein følgjer den mystiske stemma og reiser til den forheksa skogen. Vindvettet, i form av ein tornado, dukkar opp og sugar følgjet inn i seg. Elsa stoppar det ved å fyra av straumar av snø, som skapar ein hop av isskulpturar. Systrene oppdagar at skulpturane er bilete frå fortida til faren deira og at Iduna, mora deira, var ei av tundrafolket som berga Agnarr. Dei møter tundrafolket og ein tropp arendellske soldatar som framleis er i konflikt med kvarandre. Eldvettet dukkar opp i form av ein opphissa salamander som Elsa roar ned. Elsa og Anna skipar ein våpenkvile mellom soldatane og tundrafolket, ved å forklare at mora deira var av tundrafolket og faren deira arendellsk. Elsa finn seinare ut om eit femte vette, som vil sameine menneska og magien i naturen.
Elsa held fram nordover med Anna og Olaf. Dei finn skipsvraket til foreldra og eit kart som viser veg til Ahtohallan, ei mytisk elv fortalt om av mora deira som vil innehalde alle forklaringar om fortida. Elsa får skyldkjensle for at foreldra vart tapte på havet, då dei leitte etter svar på dei magiske kreftene hennar. Ho bestemmer seg for å reise åleine og sender Anna og Olaf i tryggleik. Elsa møter og temmarnykken, vassvettet som vaktar havet som fører til Ahtohallan. Når ho kjem fram til Ahtohallan, oppdagar Elsa at stemma ho høyrde var kallet frå Iduna. Ho får vite at krafta hennar var ei gåve frå naturen fordi Iduna berga Agnarr i ei usjølvisk dåd, som gjer henne til det femte vettet som sameinar ulikskapar. Elsa tek på seg kappa til mora og finn ut at demningen vart bygd som eit knep for å svekke ressursane til tundrafolket, fordi Runeard mislikte tilknytinga dei hadde til magi, og at Runeard var den som starta konflikten ved å ta livet av leiaren av tundrafolket. Elsa bringer informasjonen til Anna før ho frys til, etter å ha dratt inn i den farlegaste delen av Ahtoallan, som i sin tur får Olaf til å kverve bort.
Anna får meldinga frå Elsa og konkluderer med at demningen må øydeleggast for at det skal kunne bli fred att. Anna finn og vekkar dei sovande gigantiske jordvetta, og lokkar dei mot demningen, som blir øydelagt av kampesteinar kasta av kjempane. Elsa tinar att og returnerer til Arendell, der ho stoggar ein flaum frå den øydelagde demningen. Samtidig som veggen av tåke forsvinn, blir Elsa sameint med Anna og gjenopplivar Olaf. Kristoffer frir til Anna, som seier ja. Elsa forklarer at ho og Anna no er brua mellom folket og dei magiske vetta. Anna blir dronning av Arendell, medan Elsa blir vernaren av den forheksa skogen.