Fritz Kreisler (2. februar 1875–29. januar 1962), opphavleg namn varFriedrich Kreisler, var einfiolinist ogkomponist avausterriksk avstamming. Han vart fødd iWien avromersk-katolsk mor ogjødisk far og døydde iNew York iUSA som statsborgar av dette landet. Dei mest kjende verka hans er «Liebesleid» og «Liebesfreud» for fiolin og piano.
Fritz Kreisler var ein gåverik gut som vart elev ved Konservatoriet i Wien (Konservatorium der Gesellschaft der Musikfreunde) allereie i 1882 som sjuåring, og vart uteksaminert med gullmedalje som tiåring. Han reiste deretter tilParis for vidare studiar og musikalsk arbeid. I 1887 vann han den høgste utmerkinga, fyrsteprisen, ved Konservatoriet i Paris i ein alder av berre 12 år. Som 14-åring reiste han på sin fyrste turné tilUSA saman med den amerikansk-austeriksungarske pianisten Moriz Rosenthal. Etter å ha kome attende til Europa, studerte han kunst og medisin (faren hans var lege), og var eitt år i den austerrikske hæren. Men musikken var likevel hans hovudinteresse og yrke, og han tok opp den musikalske karrièren att med ein turné tilRussland i 1896.
I 1898 vart han godt motteke iBerlin iTyskland og var der til han returnerte til USA i 1900. I 1902 gjesta hanStorbritannia for fyrste gong. Dette var òg året då han gifta seg med Harriet Lies.
Etter å ha vore ei tid i USA, slo han seg i 1924 ned i Berlin. Men frå 1933 ville han ikkje arbeide i Tyskland. Han vartfransk statsborgar frå 1938 før han reiste for godt til USA, og der fekk han amerikansk statsborgarskap i 1943.
Kreisler var den siste komponerande «fiolinhelt»-virtuosen som reiste på store konsertturnear og spelte sine eigne komposisjonar. Andre kjente fiolinistar i same tradisjonen eritalienskeNiccolò Paganini (1782–1840) ognorskeOle Bull (1810–1880).