Fritz Hilpert | |||
![]() | |||
Fødd | 31. mai1956 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Amberg iTyskland | ||
Opphav | Tyskland | ||
Aktiv | 1987 til i dag (på scenen) | ||
Instrument | Elektronisk perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Kraftwerk | ||
Verka som | Lydteknikar |
Friedrich «Fritz» Hilpert (fødd 31. mai 1956) er ein tysk musikar som er medlem avelectro-popgruppaKraftwerk.
Fritz Hilpert studerte trompet og perkusjon ved Musisches Max-Reger-Gymmnasium i Tyskland, fram til 1976. Han spelte òg trommer i fleire band på den tida. Frå 1978 studerte han lydteknikk ved Musikhochschule Rheinland og FH Düsseldorf. I 1986 var han ingeniørkvalifisert (tysk ekvivalent til Master of Science) i audio- og biletteknologi.
Han arbeidde som lydteknikar med fleire tyske band somNew-Wave-bandetDin A Testbild før han kom i kontakt med Kraftwerk i 1987.
I tillegg til studioarbeid erstatta hanWolfgang Flür på konsertane til Kraftwerk då dei turnerte i 1990, og han var lydteknikar på albumetThe Mix, som kom 1991.
Han har medverka musikalsk til komposisjonane til Kraftwerk sidanExpo 2000 i 1999. Han er tilskriven som medlåtskrivar på dei fleste songane på albumetTour de France Soundtracks. I lag medHenning Schmitz arbeider han som lydprogramerar og lydteknikar vedKling Klang studio og styrer nettstsideneKraftwerk.com ogKlingklang.com.