Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Friesland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjåFriesland (fleirtyding).
Kart over utbreiinga av det frisiske språket (utan Nordstrand, Pellworm (utdøydd) og Rømø (dansk språk)

Friesland (ellerFrisland, vestfrisiskFryslân, nordfrisiskFraschlönj) er eit område langs kysten avVadehavet, meir presist avgrensa som det området som harfrisisk somdaglegspråk.Friesland er også namnet på ein provins i Nederland.

I dag utgjer ikkje det frisiske språkområdet ei samanhengende eining. Med Det interfrisiske rådet oppretta frisarane i 1999 eit organ som kunne ta vare på frisiske kulturelle og språklege interesser på tvers av nasjonalgrensene.

Namnet

[endre |endre wikiteksten]

Det frisiske namnet på Friesland har vore "Fryslân", medan den nederlandske skrivemåten "Friesland" har vore ei delvis tilpassing til frisisk frå skrivemåten "Vriesland" (som er i samsvar med det ortografiske systemet i nederlandsk). Sidan 1. januar1997 har så det offisielle namnet òg på nederlandsk vore "Fryslân". I november2004 bestemte innanriksdepartementet i Nederland at skrivemåten "Fryslân" skal nyttast i offisielle dokument. Når skrivemåten "Friesland" vert nytta i norsk, og ikkje t.d. "Frisland", er det på grunn av at Norsk språkråd tidlegare har gjort vedtak om det, ut frå det som har vore den nederlandske skrivemåten.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Romerske historikarar somPlinius ogTacitus fortel før vår tidsrekning om eit folk som vart kalla frisarar, og at dei budde i området "Friisi" som strekte seg fråRhin-deltaet til elvaEmden iTyskland. Frå678 kjenner vi til ein frisisk konge, Aldgillis. Lovverket Lex Frisionum (802) fortel om eit frisisk rike. Frå 1200-talet har vi ein del tekstar skrivne påfrisisk. Det er omdiskutert kor vidt det frisisktalande området rakk imellomalderen, det vert stundom tala om kystområdet fråBrügge iBelgia til elvaWeser i Nord-Tyskland.

I seinmellomalderen snevra det frisiske riket inn. I 1289 vart styringa av det frisiske området i sør overteke av hollendarar, og deretter fall store delar av det frisiske området ifrå. Det området som heldt stand lengst, var det som i dag utgjer provinsen Friesland. Fram til 1500-talet markerte frisarane seg då òg i fleire samanhengar, i handel, sjøfart og vitskap. Den 26. september1345 slo frisarane jamvel hollandske inntrengjarar i slaget vedWarns. Minnet om slaget vart feira fram til 1500-talet og på 1800- og 1900-talet teke opp at den frisiske rørsla.

På 1500-talet rakna òg det politiske sjølvstendet for Friesland, fyrst gjennom saksisk kontroll (1498), dinest gjennom fyrstehuset Habsburg (1524) og så gjennomUtrecht-unionen (1579). Provinsen Friesland fekk visse autonome rettar under unionen, men den politiske styringa vart flytta ut, det kom innnederlandsspråklege embetsmenn, og handelen vart meir kontrollert av hollendarar.

På 1500-talet vart handelskontakten med hollendarar meir intensivert, og Friesland vart ført inn i pengeøkonomien gjennom modernisering og spesialisering innanfor jordbruket og fiske. Eit anna aspekt var at Friesland var prega av småe landsbyar, og ikkje hadde noko sterkt økonomisk, politisk og kulturelt sentrum. Det var med på å gjere Friesland politisk veikare. Økonomisk var derimot perioden 1500–1700 ei framgangstid for folk i provinsen. Sidan Friesland hadde svak jordbruksadel og effektivt jordbruk, hadde den frisiske bonden relativt gode vilkår samanlikna med bønder elles i Europa.

Underden bataviske republikken frå1795 til1806 vart gamle styringsinstitusjonar rivne ned. Etter omdanninga av Nederland til kongeriketHolland i1806 og seinare, i1810, dåNapoleon gjorde Nederland til del avFrankrike, fekk det frisiske aristokratiet tilbake gamle privilegium. Men då hadde fleire i Friesland teke til å diskutere spørsmål om sjølvstende, og det var ein grunn til at Napoleon stengde det einasteuniversitetet i Friesland, iFrentsjer (nederlandskFraneker). Nasjonalismen som voks fram på denne tida var nederlandsk, men det voks likevel fram ei interesse for frisisk som del av det nederlandske.

Sidan1814 har Friesland vore ein nederlandsk provins.

Utover på 1800-talet voks interessa for frisisk språk og kultur fram, fyrst som eit akademisk fenomen, bl.a. av Everwinus Wassenbergh, Montanus de Haan Hettema og brørne Joast, Eeltsje og Tsjalling Hiddes Halbertsma. Det voks òg fram institusjonar som arbeidde for frisisk. I 1827 kom "Friesch Genootschap van Geschied-, Oudheid- en Talkunde, medan i 1844 kom "Selskip foar Fryske Taal en Skriftekennisse"; den sistnemnde institusjonen kan i stor grad jamførast medDet Norske Samlaget i Noreg. På slutten av 1800-talet skjedde det og ei kopling mellom den frisiske rørsla og arbeidarrørsla, særleg gjennomPieter Jelles Troelstra.

Fram til andre verdskrigen var det den frisiske rørsla som stod for det meste av arbeidet for frisisk språk, sjølvstende og kultur. Etter andre verdskrigen har dei frisiske provinssstyresmaktene spela ei viktig rolle. OgsåFryske Akademy har spela ei rolle for frisisk språk og kultur. Ein har likevel ikkje oppnådd omfattande territoriell autonomi i Friesland, og heller ikkje fått sterke språkrettar for frisisk, men så har ein heller ikkje hatt den sterke politiske mobiliseringa som i andre europeiske regionar med minoritetsspråk, t.d. iCatalonia og iBaskarland.

Karakter

[endre |endre wikiteksten]

Friesland er eit utprega jordbruksland med åkerlandskap og marker. Ei kurase, frisisk ku, og hesterase, frisisk hest, kjem frå provinsen. I tillegg til jordbruk harturisme vorte ei viktig inntektskjelde.

For nordmenn er Friesland kjent som sentrum forskøytesporten i Nederland.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  • Nederlandsk wikipedia
  • Aschehougs Verdenshistorie
  • Brunstad, Endre. 1995. Nasjonalisme som språkpolitisk ideologi. Om nynorsk, frisisk og færøysk målreising. Oslo: Noregs forskingsråd.
  • Gorter, Durk mfl. (red.). 1994. Taal yn Fryslân. Ljouwert: Fryske Akademy.
  • Schaaf, Sjoerd van der. 1977. Skiednis fand de Fryske Bewegung. Ljouwert: De Tille.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Friesland&oldid=3309190»
Kategori:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp