Friedrich Ebert (fødd4. februar1871 iHeidelberg, daud28. februar1925 iBerlin) var ein tysk fagforeiningsmann, politikar (SPD) og statsmann. Han overtok etter prinsMaximilian av Baden som tysk rikskanslar i 1918, og var Tysklands første president frå 1919 til 1925.
Ebert var først aktiv i fagrørsla og seinare i SPD, der han blei ein av leiarane av den «revisjonistiske» (reformistiske) fraksjonen. I 1905 vart han generalsekretær og i 1913 partileiar.
I august 1914 fekk Ebert partiet til å stemme for å gje regjeringa krigskredittar, og aksepterte at krigen var ei naudsynt patriotisk forsvarshandling. Partiets politikk under leiing av Ebert og likesinna somPhilipp Scheidemann førte til at partiet vart splitta, da venstrefløya grunnlaUSPD i 1917.
I 1918 vart den liberale prins Maximilian av Baden rikskanslar for ei regjering der Ebert og andre sosialdemokrater òg var medlemer. Etterden tyske revolusjonen braut ut i november 1918 overlet prins Maximilian den 9. november regjeringsmakta til Friedrich Ebert, som vart Tysklands første sosialdemokratiske regjeringssjef. Sjølv om keisaren hadde abdisert gjekk Ebert inn for å oppretthalde monarkiet med ein annan monark. Likevel proklamerte Scheidemann på eige initiativ Tyskland som republikk som svar på uroa i Berlin og for å motverke ein «sosialistisk republikk» proklamert avKarl Liebknecht seinare same dagen. Scheidemanns erklæring førte til slutten på det tyske monarkiet, og ei rein sosialdemokratisk regjering leidd av Ebert tok makta. Ebert aksepterte berre svært motvillig Schneidemann si handling.
Som rikskanslar brukte Ebert hæren og dei sterkt høgreorienterte frikorpsa for å slå ned sosialistiske oppreister i Tyskland.
Nasjonalforsamlinga i Weimar valde Ebert i 1919 til tysk president, og han blei sittande til sin død. I1923 kritiserte han sitt eige parti for å forlate koalisjonsregjeringa tilGustav Stresemann.