Freiburg im Breisgau er ein by iTyskland idelstatenBaden-Württemberg med om lag 240 000 innbyggjarar. Byen ligg i områdetBreisgau vest iSchwarzwald. Freiburg er kjend som den varmaste byen i Tyskland. ElvaDreisam renn gjennom byen, som ligg ved foten av fjelletSchlossberg. Rundt byen ligg fjellaRosskopf ogBromberg i aust, og i sør og vestSchönberg,Tuniberg ogKaiserstuhl.
Freiburg vart grunnlagd på 1100-talet av hertug Konrad avZähringen som ein fri handelsby (derfor namnet). Han låg strategisk til ved kryssingspunktet mellom handelsvegane mellomMiddelhavet ogNordsjøen, ogRhinen ogDonau. I 1368 kjøpte Freiburg seg laus frå den lokale hertugen, og søkte vern hosHabsburg, som stort sett lét byen vere sjølvstendig.
Rundt 1200 bygde byen domkyrkja Münster over ei tidlegare kyrkje. Slutten avmellomalderen og byrjinga avrenessansen var ei tid med både framgang og tragediar i Freiburg.
I 1457 oppretta Hertug Albrecht VIAlbert-Ludwigs-Universität, eit av dei eldste universiteta i Tyskland. I 1520 gjorde byen fleire rettslege reformer, som vert sett på som å vere før si tid. Dei prøvde å balansere mellom dei gamle bytradisjonane og dei gamleromerske lovene. Reformene vart godt tatt imot, særleg innan sivilrett, straff og vedtektene til byen.
I 1520 valde Freiburg å ikkje godtareformasjonen og vart eit viktig senter forkatolisismen iOberrhein. I 1536 førte trua påhekseri til dei førsteheksejaktane. Ei trong for å finne årsaka til tragediar somSvartedauden førte til auka omfang av heksejakta, som nådde toppen i 1599. Ein plakett på den gamle bymuren viser korbrenninga vart utført.
1600- til 1800-talet var ei turbulent tid i Freiburg. Som følgje av kampar undertrettiårskrigen og andre konfliktar høyrte byen i periodar til bådeAusterrike,Frankrike,Sverige,Spania ogTyskland. I ein periode mellom 1648 og 1805 var han administrasjonsstad forVorderösterreich og Habsburgområda sørvest i Tyskland, då han ikkje var under fransk okkupasjon. I 1805 vart byen, i lag medBreisgau ogOrtenau, ein del avBaden.
I 1827, dåerkebispedømet Freiburg vart oppretta, vart Freiburg sete for ein romersk-katolsk erkebiskop.
I 1889 måtte heile byen evakuerast då det illeluktande stoffetthioacetone vart produsert i eit laboratorium.
Den 22. oktober 1940 gav dennazistiskeGauleiter av Baden ordre om å deportere alle jødar i Baden, 360 av dei i Freiburg, til den sørfranske interneringsleirenCamp de Gurs iBasses-Pyrénées. Dei fleste overlevde dei dårlege forholda i leiren, men vart sende tilAuschwitz 18. juli 1942, der dei døydde. Gravstaden for dei tyske jødane som døydde i Gurs er vedlikehalden av Freiburg og andre byar i Baden. Eit minnesmerke står utanfor den moderne synagogen i sentrum av byen.
Byen vart utsett for kraftige bombeåtak underden andre verdskrigen. I 1940 slapp tyske fly grunna eit mistak om lag 60 bomber nær jernbanestasjonen i Freiburg. Eit alliert bombetokt i november 1944 øydela store delar av byen. Det meste av byen vart jamna med jorda bortsett frå domkyrkja. Etter krigen vart byen bygd opp slik han hadde vore før krigen. Han var ei kort tid sete for styresmaktene i den tyske stadenBaden, som vart slått saman tilBaden-Württemberg kort tid etter. Han vart okkupert av den franske hæren i 1945. Dei hadde styrkar her fram til 1991.