Hypotesen om eksistensen tilnøytrinoet er frå 1930-talet. Nøytrino «oppstod» som ein hypotetiskpartikkel i eit brev frå 1930 avWolfgang Pauli (Nobelprisen i 1945). På den tida var det kjend at mangeatomkjerner enda sine liv ved å sende ut eitelektron. Denne prosessen, som vert kallabetahenfall, gav forskarane mykje hovudbry, mellom anna ved at dei heilage lovene i fysikken –energiprinsippet – ikkje syntes å gjelde. For å gjenoppretta orden i lovboka til fysikken kom Pauli med det han kalla ei «desperat løysing» – kjernen sende ikkje ut elektronet aleine. Kjernen vart følgd av ein annan småpartikkel, som ikkje hadde elektrisk ladning og reagerte særs lite med sine omgjevnader. Den vesle partikkelen, som etter kvart fekk namnetnøytrino, tok ein del av energien med seg og forsvann sporlaust i det tomme inkje. Energibalansen vart som forventa, berre ein tok omsyn til den delen som nøytrinoet hadde tatt med seg.
Det drygde enno heilt til 1956 før Reines og hans kollegaClyde L. Cowan lukkast med å påvise eksistensen tli nøytrinoet.