Fredag (norr.frjádagr) er ein dag iveka mellomtorsdag oglaurdag. Han er ein viktig dag i fleire kulturar, som heilagaste dag formuslimar, innleiinga tilsabbaten forjødar, og sistekvardagen førhelga i den moderne kalenderen som blir brukt i store delar av verda.
Pågermanske språk er dagen kalla opp etter gudinnaFrigg[1], som på gamalhøgtysk heitte Frîja, på langobardisk Frea. Det er truleg ikkje rett at fredagen har namnet etter den norrøne vanegudinnaFrøya, som ofte vert nemnd som eit alternativ i nordisk samanheng[2]. Inorrøn religion var rett nok både Frigg og Frøya gudinner fordei fruktbare kreftene, men det var likevel stor ulikskap mellom dei to med omsyn til funksjonsområda deira, slik det mellom anna går fram av at Frøya var ei vanegudinne, i motsetnad til Frigg. Påromanske språk er fredagen kalla opp etter den romerske gudinnaVenus, som har mykje meir til felles med den fellsgermanske Frigg enn den norrøne Frøya. Innanhinduismen er dagen vigd gudinnaLaksjmi ogplaneten Venus, som begge står for velstand.
Kvekarar har kalla fredagen «den sjette dagen» for å unngå dei heidenske tydingane knytte til «fredag». På slaviske språk er han kjend som «den femte dagen» (polskpiątek, russiskпятница – pjatnitsa).
Fredag er den viktigaste vekedagen iislam, og det er svært vanleg å befredagsbøna i einmoské der det også blir haldepreike. I mange muslimske land reknar ein no dagen for å vera den siste i veka. Fredagen er nemnd iKoranen som ein dag ein skal avslutta handel og i staden minnast Gud.[3] I muslimsk tradisjon bleiAdam skapt på ein fredag.
I og med at fredagen var den viktigastemarknadsdagen i områda der islam oppstod, så vart fredagen ein særleg eigna dag formisjonsverksemd for muslimar — og fredagen fekk dermed tidleg status som offentleg bønne- og preikedag iislam.
Denjødiskesjabbáten (sabbaten) startar når sola går ned fredagen. Då er det vanleg å samla seg til eit familiemåltid medlevande lys, oghalakháen (jødisk religiøs lov) pålegg jødar å leggja ned alt arbeid heilt til sjabbáten er over etter solnedgang pålaurdag. I samband med førebuing til den jødiskesjabbáten har det tradisjonelt voremarknadsdag på fredag mange stader.
«Friday» (1883) avWalter Sadler. Munkar med fastemåltid av fisk og hummar.
Frå gammalt av har fredagen markert overgangen til sabbaten (kviledagen) i ein del kristne samfunn — i motsetnad tilsøndagen, som vart markert som Herrens dag. Dette ser ein framleis spor av i dagsnamna påromanske språk. I dei fleste kyrkjesamfunna har ein etterkvart gått over til å markere søndagen som kviledag, men enkelte kyrkjesamfunn markerer framleis fredagskvelden som byrjinga på kviledagen.
I kristendommen har fredag frå gammalt av vorte markert medfaste til minne omkrossfestinga av Jesus pålangfredag. I katolsk samanheng vil faste seie å avstå frå å etakjøt, iortodoks kristendom også (oliven)olje og alkohol. Av denne grunnen har det vore vanleg å serverefisk heller enn kjøt på fredagar. Dagen kan også særmerkast for fromme eller veldedige handlingar.
Europeiskovertru med røter tilbake tilmellomalderen reknar fredag som ein ulukkesdag. Ein har mellom anna meint at å bli fødd, reisa, flytta, byrja med nytt arbeid eller gjera forretning, gjera kur eller gifta seg denne dagen var uheldig. I nyare tid kan ein snakka om at trafikkulukker skjer ofte på fredager, noko som ganske enkelt kan ha samanheng med mykje helgetrafikk.
Trua stammar truleg frå den kristne knytinga av fredag tillangfredagen. Om fredagen fell på det uheldige talettretten somfredag den 13. er det spesielt skjebnesvangert, noko som igjen kan knytast til den kristne kossfestingssoga medJudas Iskariot som den trettande disippelen som sveikJesus.
Fredagen var ikkje berre ulukke. Eit barn fødd på fredagsnatt kunne ifølge engelsk folketru lega sjuke plantar og dyr, ha magiske evner og sjå og snakka med skrømt og alvar utan mein.
Eit engelsk ordtak seier atdraumar drøymde mellom fredag og sundag kan stolast på:
Fredagskveld på ein koreanskPC Bang, eit senter der mange kan spelanettspel samstundes.
Med den moderne femdagarsveka, derlaurdag ogsundag erfridagar, markerer fredagen byrjinga påhelga. Dette kan føra til at ein set ekstra pris på dagen, eller at ein kjenner seg ekstra trøytt ved slutten av ei hard veke. Venner og kollegaer nyttar ofte fredagen til sosialt lag, somfredagspils eller andre fritidsaktivitetar.
Det er også vanleg å slappa av med å sjåfjernsyn fredagen. Dei mest sette fjernsynsprogramma i Noreg blir sende denne dagen. Både «gullrekkja» og «detektimen» er blitt omgrep knytte til fredagssendingane fråNRK.[4]
PåCasual Friday kan ein trø til med gule sokkar.
I ein del verksemder som har strenge reglar for kledestil er det mogleg å kle seg litt enklare på fredagar; påengelsk blir dette gjerne kallaCasual Friday.
«Svartefredag» kan visa til ei rekkje vonde eller vanskelege fredagshendingar, men er òg ein årleg handledag som finn stad dagen etter Thanksgiving i USA.