Landet har hatt stor innverknad på historia til både Vest-Europa og resten av verda.Den franske revolusjonen inspirerte til opprør og politisk endring i andre land, og innførte nye ordningar, sommenneskerettane ogSI-systemet, som skulle bli verdsomspennande. Frankrike har òg vore ei storkolonimakt, og styrer framleis nokre fjerntliggjande territorium. I denne samanhengen har landet hatt ord på seg for å gjera mykje vondt mot dei det herska over.
Grensene til Frankrike i dag ligg stort sett ved dei same grensene som oldtidasGallia, slik deikeltiske gallarne rådde over landet. Gallia vart erobra avRomarriket i det første århundret f.v.t., og gallarane tok til seglatinsk språk og kultur.Kristendomen slo røter i det andre og tredje hundreåret av vår tidsrekning. Ifolkevandringstida på300-talet komgermanske stammar frå aust inn i Gallia. Fremst av desse varfrankarane som namnet «Frankrike» kjem frå. Bruken av namnet «Frankrike» for den moderne republikken kjem frå eitføydalsk domene rundtParis.Karl den stores frankiske keisarrike vart i843 delt i ein austre, ein sentral og ein vestre del. Den austre delen (som snart vart omgjort tilDet heilage romerske rike) var starten på det som seinare har blittTyskland, den vestre delen vartkongedømet Frankrike.
Etterfølgarane til Karl den store regjerte over Frankrike til988, dåHugo Capet, hertug av Frankrike og greve av Paris, vart krona til konge av Frankrike. Hans etterfølgarar (som utgjorde dynastia Capetian, Valois og Bourbon.) styrte landet til1792.Den franske revolusjonen starta i1789 og førte til at Frankrike vart einrepublikk i1792.
Napoleon Bonaparte tok kontroll over republikken i 1799 og gjorde seg sjølv til første konsul.Fleire blodige krigar herja då over heile Europa, Naploeon erobra fleire land og etablerte nye kongedømer med sine eigne familiemedlemer som overhovud. Etter Napoleons endelege nederlag i1815 vart det franske monarkiet gjeninnført, men vart så avskaffa og følgt av ein ny republikk i1848. Den andre republikken varte til Napoleons nevø Louis-Napoléon Bonaparte vart valt til president og erklærte seg sjølv som keisar i 1852. KeisarNapoleon III vart avsett og ein tredje republikk innført i1870.
Frankrike var på den sigrande sida i begge verdskrigane på1900-talet. Frankrike leid likevel store tap både økonomisk og menneskeleg. Særleg den første verdskrigen gjorde stor skade i Frankrike. Det franske verdsimperiet mista store landområde, og statusen som ein dominerande verdsmakt forsvann. Etterden andre verdskrigen vart den fjerde republikken danna. I 1958 vart det utarbeida eitsemipresidensielt demokrati, kjent som den femte republikken. I 1968 fann det stad generalstreikar og studenturo i landet, der Paris blei ei kamspone og styresmaktene frykta ein ny revolusjon eller borgarkrig.[1]
Etter siste verdskrigen har Frankrike si forsoning og samarbeid med Tyskland vist seg å vera sentralt i spørsmålet om politisk og økonomisk integrasjon av Europa, mellom anna med innføring av felles valuta (euro) i januar 1999.
Frankrike har stått i spissen av europeiske statar som ønskjer å nytta den monetære unionen til å fremme eit meir samla og handlekraftig europeisk politisk-, forsvars- og tryggleiksapparat. Men det er teikn på at dette har gått for fort for folket i Frankrike. I ei folkeomrøysting i mai 2005 vart det fleirtal mot ratifiseringa avtraktaten om ei forfatning for Europa.
Den franske republikken, inkluder oversjøiske departement og territoriumoutre-mer
Det metropolitanske Frankrike dekkjer eit areal på 551695kvadratkilometer, og har eit svært variert landskap, frå kystsletter i nord og vest til fjellkjedeneAlpane i søraust,Massif Central sentralt i sør ogPyreneane i sørvest. Det høgaste punktet i Frankrike,Mont Blanc på 4807 meter over havet, er òg det høgaste fjellet iAlpane og i Vest-Europa. Det ligg på grensa mellom Frankrike ogItalia. Det metropolitanske Frankrike har òg eit omfattande elvesystemet med store elvar somLoire,Garonne,Seinen ogRhône, som skil Massif Central frå Alpane og munnar ut i Middelhavet vedCamargue, det lågaste punktet i Frankrike (2 meter under havnivå).Korsika ligg utanforDen franske rivieraen.
Satellittbilete av Metropolitan-Frankrike, august 2002
Det totale landarealet til Frankrike med oversjøiske departement og territorium (utanomAdélie Land) er 674843km², 0,45% av det totale landarealet på Jorda. Frankrike har derimot den nest størsteøkonomiske sona med eit areal på 11035000km², om lag 8% av det totale arealet til alle økonomiske soner i verda. Berre USA har større (11351000km²).
Metropolitan-Frankrike ligg mellom 41º og 52º Nord, i den vestlege delen av Europa, og derfor i dentempererte sona. Dei nordlege og nordvestlege områda hartemperert klima, medan avstand frå havet, breiddegrad og høgd påverkar klimaet i resten av landet. I søraust har Frankrikemiddelhavsklima. I vest er detmaritimt klima med meir nedbør, milde vintrar og kjøligare somrar. Dei indre områda har varme og stundom steikande somrar medtorevêr, og kaldare vintrar og mindre regn. Klimaet i Alpane og andre fjellområdet eralpint, med 150 frostdagar i året og snødekke som varer opp til seks månadar.
Innan musikk er fransk visetradisjon verdskjend, mellom anna gjennom artistar somEdith Piaf,Charles Aznavour,Gilbert Bécaud,Leo Ferré,Yves Montand ogJuliette Gréco.Jazzmusikk vann tidleg innpass i Frankrike, og Paris har lenge vore eit sentrum for jazz. Paris er også eit senter for afrikansk populærmusikk etter at mange framståande afrikanske artistar, særleg frå tidlegare franske koloniar, har slått seg ned i byen og/eller gjer innspillingar her.[2]