Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Frankarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diakronisk framstilling av Frankerriket med hovudstad iTournai (431–508) og frå Paris (508–768)

Frankarriket (latinRegnum Francorum), også omtalt som Frankia, viser til kongeriket tilfrankarane iseinantikken ogtidleg mellomalder.

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Signering tilhøyrande Kilderik I med samtidig portrett. Monnaie de Paris.

Frankarane stod fram på 200-talet som ei samanslutning av mindre stammar avgermanarar, slik som sugambrarar, brukterarar, ampsivariarar, kamavar og hattuariarar, i området nord og aust forRhinen. Nokre av desse folka, som sugambrarane og saliske frankarar,[1] hadde allereie land iRomarriket og teneste somfoederati for romarane ved dei utsette grensene. I 357 strøymde dei saliske frankarane inn i Romerriket og tvinga til seg fast opphald ved at dei fekk ein avtale i358 med den romerske keisarenJulian.[2]

Etter kvart som det frankiske området utvida og ekspanderte, utvida tydinga av «Frankia» med det. Nokre av dei eldste kjende frankiske leiarane, slike somBauto ogArbogastes, var blitt romaniserte og engasjert til den romerske saka, men andre frankiske leiarar, somMallobaudes, var aktiv på romersk jord av andre årsaker. Etter at Arbogastes døydde heldt sonen hans Arigius fram, og greidde å etablera eit arveleg fyrstedømme vedTrier. Då motkeisarenKonstantin III døydde i411 var det ein del frankarar som gav støtte til den nye motkeisarenJovinus. Han var død to år seinare, i 413, men romarane fann det stadig meir vanskeleg å handtera frankarane innanfor grensene sine. Den frankiske kongen Teodemer blei avretta av romarane ein gong rundt 422.[3] Den salisk-frankiske kongenKlodio styrte eit område tilsvarande dagens sørlegeNederland med sentrum iTongeren, og ein gong rundt 428 sette han i gang eit angrep på romersk territorium og underla seg eit område så langt som til Camaracum (Cambrai) og elvaSomme. Biskopen og skribentenSidonius Apollinaris fortel atFlavius Aëtius nedkjempa frankarane og fordreiv dei mellombels tilbake ein gong rundt 431.[4][5] Denne perioden markerte byrjinga på ein situasjon som heldt fram i mange hundreår: dei germanske frankarane styrte over eit aukande tal gallo-romerske undersåttar, og med unntak av dei øvste klassane byrja folka å gå opp i kvarandre.

Riket som Klodio kontrollerte endra omfang og grenser. Nemninga Frankia fekk ikkje lenger tydingabarbaricum trans Rhenum («barbarar på andre sida av Rhinen»), men hadde politisk og territorial makt på begge sider av elva og vart tungt involvert i romersk politikk. Slekta til Klodio strekte grensa til Frankarriket vidare sørover. Grunna press fråsaksarane blei dei nordaustlege grensene tvinga sørvest slik at dei fleste av dei opphavlege frankiske folka kom til å opphalda seg meir sørvestlege område, lausleg mellom elva Somme og dagens byMünster. Kjerneområdet til det frankiske kongedømmet kom seinare til å bli kjent somAustrasia («dei austlege landa»)

Veksten og fallet til merovingane, 481–687

[endre |endre wikiteksten]

Etterfølgjarane til Klodio er uklare figurar, men det som kan vera sikkert er atKilderik I, som kanskje var soneson hans, styrte over eitsalisk kongerike fråTournai (i dagensBelgia) som ein romerskfoederatus.[6] Kilderik er dokumentert ved at grava hans blei avdekka i 1653 i Tournai med rike gravgåver, mellom anna signeringen med namnet hans.[7] Sonen til Kilderik,Klodvig I, arva stillinga og maktområda hans, og byrja å utvida autoriteten sin over andre franske stammar og utvida maktområdet sitt sør og vest i Gallia. Han var også den fyrste avmerovingarane som konverterte tilkristendommen, ikkje så mykje av religiøse grunnar som at det gav han eit godt forhold til den mektige galliske kyrkja og dei gallo-romerske undersåttane hans.

I styret sitt på rundt tretti år (481–511) overvann Klodvig den romerske generalenSyagrius, den siste romerske kommandanten i Gallia, og avslutta romersk herredømme utanforItalia. Klodvig overvann den romerskeeksklavenSoissons.[8] Ripuariske frankarar i området rundtKöln søkte inn under autoriteten hans for å få hjelp motalamannarane, som Klodvig overvann i slaget ved Tolbiac (trulegZülpich i dagens Tyskland),[9] og etablerte frankisk styre over dei. Deretter overvann hanvestgotarane islaget ved Vouillé i507, erobra heile riket deira med hovudstad iToulouse, bortsett fråSeptimania (området motMiddelhavet), og fekk anerkjenning frå denaustromerske (bysantinske) keisarenAnastasios I.[10] Han underla seg alle eller dei fleste av dei germanske stammane langs Rhinen.

Han underla seg også dei ulike romerske busetjingane,laeti, som var spreidde over Gallia, til dømes av saksarar i Bessin (Normandie), britonarar og alanarar iArmorica ogLoiredalen eller taifalarar iPoitou. Ved slutten av livet sitt styrte Klodvig over heile Gallia, bortsett frå over den gotiske provinsen Septimania som stengde tilgangen til Middelhavet og det burgundiske kongeriket i søraust.

Frankiske høvdingar blei opphavleg valde til krigsleiar og «konge» ved akklamasjon ved å løfta opp den utvalde leiaren på eit skjold etter den gamle germanske tradisjonen. Når leiaren døydde, døydde også riket hans med han, og den enkelte germanske stammen kunne gå inn i forbund med andre stammar under ein annan leiar eller «konge». Med Klodvig blei det innført eit arveleg monarki, men det var framleis underlagt den gamle frankiske tradisjonen at alle sønene kunne arva: riket blei delt opp og fordelt mellom sønene. Sjølv når det var fleire samtidige merovingarkongar som styrte, blei Frankarriket likevel framleis oppfatta — ikkje ulikt det seine Romarriket — som eit enkelt og samanhengande rike styrt kollektivt av fleire kongar. Nye hendingar kunne føra til gjenforeining under ein enkelt konge igjen.

Sønene til Klodvig

[endre |endre wikiteksten]
Dronningmora Klotilde overvaker delinga av Frankarriket mellom sønene til Klodvig,Grandes Chroniques de Saint-Denis (Bibliothèque municipale de Toulouse).

Då Klodvig døydde i 511 blei riket hans fordelt blant sønene hans, slik skikken var blant germanarane. Trass i oppdelinga heldt ein fram med å oppfatta Frankarriket som ei eining, slik Romarriket var det med fleire keisarar. Teoderik I (485–534) blei konge av frankarane med hovudstad i Reims, og blant halvbrørne hans (som hadde Klotilde som mor) blei Klodomer (495–524) konge av frankarane med hovudstad i Orléans; Kildebert I (496–558) blei konge av frankarane i Paris, og Klotar I (497–561) blei konge av frankarane i Soissons, og var konge av alle frankarane ved 558. I løpet av deira tid som kongar bleithüringarar (532),burgundarar (534), ogsaksarar og frisarar (ca. 560) underlagt Frankarriket. Ein del av dei germanske stammane på andre sida av Rhinen vart lausleg tilknytte, og sjølv om dei var plikta å bidra med soldatar til den frankiske militære kampanjane, var dei i tider med svake kongar utanfor kontroll og blei uavhengige. Det romaniserte burgundiske kongeriket blei likevel bevart i territorium og omgjort til ein av dei fremste frankiske divisjonane, underlagt den sentrale galliske delen av Klodomer sitt rike med hovudstad i Orléans.

Dei broderlege kongane viste berre periodevis teikn på vennskap og var ofte rivalar. Ved den tidlege døden til Klodomer i 524, sørga broren hans Klotar å få dei unge nevøane sine drepne for sikra seg hans del av Frankarriket. Dei to brørne som var att delte riket til Klodomer mellom seg, og då halvbroren Teoderik døydde i 534 rykte dei inn, men den vaksne sonen til Teoderik,Teodebert I, klarte å forsvara arven sin, som då utgjorde den største andelen av dei frankiske underrika og kjernen av det seinare kongeriketAustrasia.

Teodebert var den fyrste frankiske kongen som formelt innleidde band tilDet bysantinske riket ved å prega gullmyntar med sitt eige bilete og kalla seg sjølv formagnus rex (‘storkonge’) grunna det antekne overherredømmet hans over folk så langt unna somPannonia. Teodebert blanda seg inn igotarkrigen på sida tilgepidane oglangobardane mot austgotarane, og skaffa seg provinsaneRaetia,Noricum og deler avVenetia.

Guntram og Kildebert II, fråGrandes Chroniques de France.

Sonen og etterfølgjaren til Teodebert, Teudebald, var ikkje i stand til å halda på dei utvida innehavingane sine, og då han døydde gjekk hans rike til Klotar I. Då broren til Klotar Kildebert døydde barnlaus i 558 blei heile det frankiske riket sameint underKlotar I sitt styre.[11] I 561 døydde så Klotar, og det sameinte riket hans blei delt, på same vis som hadde skjedd femti år tidlegare, mellom dei fire sønene hans og med dei fremste byane.

Den eldste sonen,Karibert I, arva kongeriket med hovudstad i Paris og styrte heile vestlege Gallia. Den nest eldste,Guntram, arva det gamle kongeriket til burgundarane, forstørra med landområde i sentrale Frankrike rundt den gamle hovudstaden Orléans, og det meste av Provence. Resten av Provence, Auvergne og austlege Aquitaine gjekk til den tredje sonen,Sigibert I, som også arva Austrasia med byane Reims og Metz. Det minste kongeriket var det i Soissons som gjekk til den yngste sonen,Kilperik, og riket han styrte fram til han døydde i 584 blei utgangspunktet for det seinareNeustria.

Denne andre frankiske innndelinga i fire blei raskt øydelagd av ein innbyrdeskrig, som i stor grad byrja med drapet på Galswintha, kona til Kilperik, påstått av frilla (og andrekona) Fredegund.[12] Systera til Galswintha varBrunhilda som var kona til Sigebert. Ho egga mannen sin til å gå til krig, og konflikten mellom dei to dronningane heldt fram inn i det neste hundreåret. Guntram freista å halda på freden, sjølv om han to gonger, 585 og 589, freista å erobraSeptimania vedMiddelhavet fråvestgotarane, utan å lykkast nokon av gongene.

Alle dei overlevande brørne fekk fordelar då Karibert døydde, men Kilperik var også i stand til å utvida autoriteten sin i krigsperioden ved å undertrykkja bretonarane igjen. Etter at han døydde i 584 måtte Guntram igjen bruka makt for undertrykkja bretonarane. Ifredsavtalen i Andelot i 587 mellom Guntram og Brunhilda (der teksten uttrykkjeleg refererer til heile det frankiske riket som Frankarriket) lova han å vern den unge sonen hennarKildebert II, som hadde etterfølgde far sin, Sigebert, etter at denne blei drepen i 575.[13] Avtalen er karakterisert som eit av dei viktigaste kjeldedokumenta i historia til merovingakongane.[14] Guntram adopterte han og gjorde han til arvingen sin. Det samla riket til Guntram og Kildebert II var meir enn dobbelt så stort som det mindre riket til Kilperik sin etterfølgjerKlotar II. I løpet av denne perioden fekk Frankarriket det tredelte vesenet som det skulle ha i resten av historia si, ved å vera samansett (og skilt) av tre rike: Neustria, Austrasia, og Burgund.

Inndeling i Neustria, Austrasia, og Burgund

[endre |endre wikiteksten]
Frankisk ekspansjon frå dei tidlege kongedømma under Klodvig I (481) til delingane av karolingarane sitt rike (843/870).

Då Guntram døydde i 592 gjekk heile Burgund til Kildebert, men han døydde sjølv etter kort tid, i 595. Dei to sønene hans delte så riket. Den eldste,Teudebert II, tok Austrasia i tillegg til Kildebert sin del av Aquitaine. Den yngre brorenTeuderik II arva Burgund og Guntram sin del av Aquitaine. Dei sameinte brørne freista å bli kvitt fetteren sin Klotar II, og dei greidde å erobra det meste av riket hans med unntak av nokre få byar, men klarte ikkje å fanga han.

I 599 omringa dei to brørne styrkane hans ved Dormelles og erobra Dentelin, men deretter byrja dei å krangla innbyrdes og i tida dei hadde att på dei respektive tronene sine nytta dei til å prøva å få bukt med kvarandre. Dei blei ofte eggja av bestemor si Brunhilda, som var rasande over å ha blitt forvist frå hoffet til Teudebert, og overtydde yngstebroren Teuderik til å drepa den eldre. Dette klarte han i 612, og heile riket til faren hans Kildebert var igjen samla og styrt av ein konge. Dette varte ikkje lenge, då han døydde i 613, medan han var i ferd med å førebu ein krig mot Klotar. Han etterlét seg ein ung son ved namn Sigebert II.

I løpet av regjeringstida si hadde Teudebert og Teuderik med hell drive krigføring i Gascogne der dei etablerte hertugdømmetGascogne (eller Vasconia), og tvinga baskarane til å underkasta seg i 602.[15] Denne erobringa av Gascogne omfatta også landområde sør for Pyreneene, somBizkaia ogGuipúzcoa, men desse områda gjekk tapt til vestgotarane igjen i 612.

I den motsette enden av riket hadde alamannerne overvunne Teuderik i eit opprør, og frankarane byrja å mista grepet sitt om germanske stammane ved Rhinen. I 610 hadde Teudebert utpressa hertugdømmet Alsace frå Teuderik. Dette var byrjinga på ein lang konfliktperiode over stridsspørsmålet om kva kongerike som skulle kontrollera regionen Alsace, det vera seg Burgund eller Austrasia, og han enda fyrst på slutten 600-talet.

I tida då Sigebert II var mindreårig hadde posisjonen som rådgivaren til kongen, eller rikshovmeisteren, som tidlegare hadde byrja å bli synleg i dei frankiske rika, byrja å konspirera saman med ein fraksjon av adelen rundt personar somWarnakar II,Rado ogPipin av Landen. Dei var villige til å overgi kongeriket til Klotar for å få fjerna Brunhilda, som styrte som regent på vegner av den unge kongen. Warnakar var allereie rikshovmeister medan Rado og Pipin hadde med tilsvarande høgtståande posisjonar etter at Klotar sitt kupp var vellykka, og Brunhilda og den ti år gamle sonen hennar blei drepne. IfølgjeLiber Historiae Francorum blei Brunhilda straffa som ei vond kvinne, sliten sund i enden av fire hestar, og deretter brunnen.[16][17]

Styret til Klotar II

[endre |endre wikiteksten]
Signaturen til Klotar II, frå eit dokument frå 625

Like etter denne sigeren kunngjorde Klotar II ediktet i Paris i 614, som er blitt rekna som ei innrømming til adelen. Ediktet søkte først og fremst å garantera rettferd og få ein slutt på korrupsjon i regjeringa, men etablerte også dei regionale ulike kongerika innanfor Frankarriket og gav truleg adelen større kontroll over juridiske utnemningar.[18]

Ved 623 hadde Austrasia byrja å koma med høglydte krav om ein eigen konge ettersom Klotar stort sett ikkje var til stades i riket, og på grunn av oppveksten hans i området ved Seinen vart han også oppfatta som ein utanforståande. Klotar løyste problemet med å bestemma at sonen hansDagobert I skulle bli konge av Austrasia. Han blei pliktskyldig hylla og akseptert av krigarane i Austrasia på tradisjonelt vis. Sjølv om Dagobert utøvde reell autoritet i riket sitt, heldt Klotar på kontrollen over heile Frankarriket.

Under det felles styret til Klotar og Dagobert, som er blitt karakterisert som «dei siste herskande merovingarane»,[19] gjordesaksarane, ei mektig germansk folkegruppe frå området i dag kjent somNiedersachsen og lausleg knytte til Frankarriket sidan slutten av 550-talet, opprør under hertugBerthoald (død 622), men blei overvunne og lagde inn under Frankerriket under ein felles krig frå far og son. Då Klotar døydde i 628 gav Dagobert, etter faren sin vilje, eit underrike til den yngre broren sinKaribert II. Dette nyskipa riket blir vanlegvis kalla forAquitaine.[20]

Dagobert I. Måleri av Émile Signol frå 1842.

Dagobert I, som i forholdet tilsaksarane,alamannerne,tyringere, prøvde også å tvingaslaviske folk utanfor grensene til Frankarriket til å betala tributt, men i staden samla dei slaviske stammane seg under høvdingenSamo, den fyrste dokumenterte politiske foreininga blant slavarar, og sigra over Dagobert og frankarane i det tre dagar langeslaget ved Wogastisburg i 631.[21] Det plasserte dei austeuropeiske folka i høve til Neustria og ikkje Austrasia, og fekk befolkninga i sistnemnde rike til å krevja ein eigen konge frå det kongelege hushaldet.

Karibert sitt rike Aquitaine svarte til den sørlege delen av den gamle romerske provinsenAquitania, og hadde hovudstad iToulouse. Andre byar i riket hans varCahors,Agen,Périgueux,Bordeaux ogSaintes; hertugdømetGascogne (Vasconia) var også ein del av fordelinga hans. Dette tydde at baskarane var hans problem, og han dreiv krig mot dei med hell, men etter at han døydde i 639 gjorde dei opprør igjen. På omtrent same tid gjorde bretonarane opprør mot frankisk overherredømme. Den bretonske leiarenJudicael sørgde for å inngå ein fredsavtale med frankarane og betala tributt etter at Dagobert truga med å føra ein hær mot han i 635. Det same året sende han i staden ein hær for å undertrykkja baskarane, noko han klarte.

Karibert II blei myrda, og det er mogleg at dette skjedde på ordre av den eldre broren Dagobert, som i alle høve fekk den vesle sonen hans myrda og såleis gjenforeinte det frankrike riket på nytt i 632. Likevel blei han tvinga av den sterke adelen i Austrasia til å levera sin eigen sonSigebert III til dei som ein underkonge i 633. Denne handlinga var påskynda av Austrasia sin vilje til å kunna styra seg sjølv i ei tid der Neustria hadde ei sterk stilling ved hoffet. Klotar hadde vore konge ved Paris i fleire tiår før han blei konge ved Metz, og det merovingiske monarkiet var etter han fyrst og fremst eit neustriansk monarki.

Det var på 640-talet at nemninga «Neustria» for fyrste gong byrja å opptre i skrift. Den seinare framtoninga samanlikna med Austrasia har den trulege årsaka si i at neustrianarane (som utgjorde dei fleste skribentane på denne tida) kalla regionen for ganske enkelt «Frankia». Burgund hadde også på omtrent same tid byrja å definera seg sjølv i opposisjon til Neustria. Det var likevel i Austrasia at innbyggjarane byrja å rekna seg sjølv som eit skilt folk innanfor Frankarriket heilt sidan tida tilGergorius av Tours, og som byrja å heva røysta for sjølvstende og lausriving.

«Barnekongen Klodvig II blir hylla», måleri avAlbert Maignan, 1883 (Musée des Beaux-arts deRouen).

Den mindreårige Sigebert blei dominert av rikshovmeisterenGrimoald den eldre, som overtydde den barnlause kongen til å adoptera sin eigen son som arvingen sin. Denne sonen, Kildebert, hadde allereie eit personnamn som var akseptabelt innanfor det merovingiske dynastiet. Då Dagobert døydde i 639 gjordeRadulf, hertug iThüringen, opprør og prøvde å gjera seg sjølv til konge. Grimoald marsjerte mot opprørarane, men mot Radulfs festning ved elvaUnstrut kom han ingen veg, og i 642 slo Radulf tilbake og overvann hæren til Sigebert og tok tittelen somrex, eller konge, av Thüringen.[22] Radulf sin suksess er blitt rekna som ein indikator på fenomenetroi fainéant, «gjer–ingenting–konge» imerovingardynastiet, og der Sigebert var den første av desse svake, udyktige kongane.[23] Svakheita til monarkiet var innlysande i udyktigheita hans i å driva krigføring utan støtte frå adelen; faktisk hadde han ikkje ein gong eiga livvakt utan kongeleg støtte frå Grimoald og Adalgisel.

Klodvig II, etterfølgjaren til Dagobert i Neustria og Burgund, som deretter var samanknytte, men styrt skilt, var mindreårig det meste av tida han formelt var konge. Han var dominert av mora si Nanthild og av Erkhinoald, rikshovmeisteren ved hoffet i Neustria. Etterfølgjaren til Erkhinoald varEbroin, som blei den sterke mannen som dominerte kongeriket i dei neste femten åra i ei tid med nær konstant innbyrdeskrig. Då Sigbert døydde i 656 blei sonen hans send til Irland for å vera ute av vegen, og sonen til Grimoald, Kildebert, styrte i Austrasia.

Ebroin kom til sist til å samla heile det frankiske kongeriket for Klodvig sin etterfølgar Klotar III ved å myrda Grimoald og fjerna Kildebert i 661. Men folket i Austrasia kravde igjen ein eigen konge, og Klotar innsette den yngre broren sin Kilderik II. I løpet av Klotar sitt styre angreip frankarane nordvestlege Italia, men blei fordrivne av kongGrimoald avlangobardane i nærleiken avRivoli.[24]

Dominansen til rikshovmeistrane

[endre |endre wikiteksten]
Pipin av Herstal og barnekongen Klodvig III. Illustrasjon frå 1885

I 673 døydde Klotar III. Nokre adelsfolk i Neustria og Burgund inviterte Kilderik til bli konge av heile riket, men han klarte snart å forulempa ein del av adelen i Neustria, og dei sørgde for å få han myrda i 675. Styret til Teuderik III blei slutten på makta til merovingarane. Austrasia innsette Dagobert II, ein son av Sigebert III, som kongen sin. Han var i kortvarig opposisjon til Klodvig III. Teuderik III allierte seg med rikshovmeisteren sin Berthar for å erklæra krig mot Austrasia.

I 687 blei Teoderik overvunnen avPipin av Herstal, rikshovmeisteren av Austrasia frå slekta arnulfingarane som hadde den reelle makta i riket, i slaget ved Tertry. Han blei tvinga til å akseptera Pipin som øvste rikshovmeister ogdux et princeps Francorum: «hertug og fyrste av frankerne», ein tittel som kunngjorde for forfattaren avLiber historiae Francorum byrjinga på styret til Pipin. Deretter viste merovingarmonarkane seg berre sporadisk i dei bevarte notata for aktivitetar av tyding og som ikkje berre var symbolske.

I løpet av perioden med forvirring på 670- og 680-talet blei det gjort forsøk å sikra frankisk overherredømme over frisarane på nytt, men utan at det lukkast. Likevel sette Pipin i 689 i gang eit angrep for å erobra det vestlege Frisland (Frisia Citerior) og overvann den frisiske kongen Radbod i nærleiken avDorestad, eit viktig handelssenter. Alt land mellom elvaneSchelde ogVlie blei underlagt Frankarriket. Deretter, kring 690, angreip Pipin sentrale Frisland og erobraUtrecht. I 695 kunne Pipin faktisk støtta skipinga av erkebispedømmet Utrecht og byrja konvertering av frisarane underWillibrord av Utrecht. Likevel fortsette Aust-Friesland (Frisia Ulterior) å vera utanfor frankisk overherredømme.

Etter å ha oppnådd stor suksess mot frisarane vende Pipin seg mot alamannarane. I 709 sette han i gang ein krig motWillehari, som vardux eller hertug avOrtenau, truleg i eit forsøk på å tvinga gjennom at dei yngre sønene til den avdøde Gotfrid skulle vera etterfølgjarar i posisjonen som hertug. Denne innblandinga i forhold utanfor Frankarriket førte til endå ein krig i 712, og alamannarane blei underlagt frankisk overherredømme for ei tid.

Sørlege Gallia var ikkje underlagt innverknaden til arnulfingarane, og regionane trekte seg vekk frå det kongelege hoffet under leiarar somSavarik av Auxerre,Antenor av Provence ogOdo av Aquitaine («Odo den store»). Kongetidene til Klodvig IV og Kildebert III frå 691 til 711 har begge kjenneteikna tilrois fainéants, sjølv om Kildebert gjorde kongelege føresegner som gjekk imot interessene til dei antekne herrane hans, arnulfingarane.

Døden til Pipin

[endre |endre wikiteksten]
Karl Martell, statue iSlottet i Versailles.

Då Pipin døydde i 714 hamna Frankarriket i ein innbyrdeskrig, og hertugane i dei fjerntliggjande provinsane blei meir eller mindre uavhengige. Den utnemnde etterfølgjaren til Pipin,Teodoald, med støtte frå enkja hans Plektrude, motsette seg innleiingsvis eit forsøk frå kongen,Dagobert III, på å utnemnaRagenfrid som rikshovmeister i alle dei frankiske rika, men snart var det ein tredje kandidat som rikshovmeister i Austrasia. Dette var ein utanomekteskapeleg son av Pipin,Karl Martell («Hammeren»).

Etter at Plektrude og Teodoald gjekk på eit nederlag mot kongen (no Kilperik II) og Ragenfrid, sørgde Karl Martell å få forfremja ein eigen konge,Klotar IV, i opposisjon til Kilperik II. Til sist, i eit slag i nærleiken avSoissons, nedkjempa Karl Martell rivalane sine og stadfesta makta si. Det var ingen fleire aktive merovingarkongar etter dette, og Karl Martell ogkarolingske arvingar styrte frankarane.[25]

Etter 718 sette Karl Martell i gang ei rekkje krigar som hadde til hensikt å forsterka overherredømet til frankarane i Vest-Europa. I 718 sigra han over opprørske saksarar, i 719 la han under seg vestlege Frisland, i 723 undertrykte han saksarane på nytt, og i 724 overvann han Ragenfrid og opprørske neustrianarar, og avslutta innbyrdeskrigen. I 720, då Kilperik II døydde, utnemnde hanTeoderik IV, son av Dagobert III, til konge, men han var berre einmarionettfigur, og blei den nest siste merovingarkongen. I 724 pressa Karl gjennom sitt val avHugbert som hertug av Bayern, og tvinga alamannarane til å støtta han med soldatar for krigføring hans iBayern i 725 og 726 der lover blei proklamert i namnet til Teoderik IV. I 730 hadde også landet til alamannarane blitt underlagt han med makt, og hertugen Lantfrid blei drepen. I 734 kjempa Karl Martell på nytt mot austfrisarane og klarte i enden å undertrykkja dei.

Muslimsk invasjon

[endre |endre wikiteksten]
Slaget ved Poitiers, oktober 732, måleri avCharles de Steuben, 1834–1837.
Den siste merovingaren, måleri av Evariste-vital Luminais, framstillinga av munkane som klipper håret til Kilderik sin arving.

På 730-talet byrja dei muslimske arabarane, som hadde erobraDen iberiske halvøya, og i tillegg erobraSeptimania i sørlege Frankrike, byrja å pressa seg nordover og inn i sentrale Frankarland ogLoiredalen. Det var på denne tida, kring 736, at Maurontus, hertug av Provence, bad arabarane om hjelp til å få bukt med Karl Martell og frankarane. Karl Martell innsåg faren ved å la arabarane få fotfeste i Gallia, og invaderte Rhônedalen med broren sin Kildebrand og ein hær avlangobardar. Det var på grunn av denne alliansen mot arabarane at Karl Martell ikkje kunne gje støtte til paveGregor III i kampen hans mot langobardane.[26]

I 732 eller 737, moderne historikarar er usikre på datoen,[27] marsjerte Karl Martell mot ein arabisk hær mellom Poitiers og Tours og overvann han i eit slag som blei eit historisk vasskilje ved atslaget ved Poitiers snudde og hindra den vidare arabiske framgangen nordover over Pyreneane. Vestlege historikarar, fråEdward Gibbons og framover, har sett på sigeren som noko som hindra at Vest-Europa blei muslimsk, medan arabiske historikarar fyrst såg på han som eit katastrofalt nederlag, og deretter i stor grad lét han forsvinna frå arabisk historieframstilling.[28][29] Dei verkelege interessene til Karl Martell låg likevel i nordaust, hovudsakleg med saksarane, som han hadde pressa tributtar frå som dei i hundreår hadde betalt til merovingarkongane.

Kongen i namnet, Teoderik IV, blei halden i forvaring slik at han ikkje skulle opptre på eiga hand, fyrst i klosteret i Notre-Dame-des-Chelles i nærleiken av Paris, deretter iChâteau-Thierry i dagens franske departementAisne. Då han døydde i 737 gadd ikkje Karl Martell å utnemna ein ny konge, og den frankiske trona stod tom i sju år. Karl Martell, den reelle herskaren av frankarane, døydde i oktober 741, men kort tid før han døydde delte han Frankarriket som om han var konge mellom dei to sønene sine med den fyrste kona si. Han marginaliserte den yngre sonen sin Grifo, som fekk berre ein liten del (og det er usikkert kva det var). Ettersom den frankiske trona ikkje var besett var sønene til Karl,Pipin den yngre ogKarloman, framleis berre rikshovmeistrar.Karolingarane, som slekta blir kalla etter Karl Martell, hadde teke kongeleg status og praksis, men ikkje den kongelege tittelen, frå merovingarane. Delinga av kongeriket gav Austrasia, Alemannia ogThüringen til Karloman, og Neustria, Provence og Burgund til Pipin, Det er antydande om det faktiske sjølvstyret til hertugdømma Aquitaine (underHunoald) og Bayern (underOdilo) at desse områda av Frankarriket ikkje var inkluderte i delinga av riket.

I 743 gjekk Pipin til krig mot Odilo og tvinga han til å underkasta seg frankisk overherredømme. Karloman dreiv krig mot saksarane, og saman overvann dei eit opprør frå baskarane, leidd av Hunoald, og eit anna opprør frå alamannarane.

Etter at Karl Martell blei gravlagd i klosterkyrkja Saint-Denis ved sida av dei store merovingarkongane, braut det straks ut konflikt mellom Pipin og Karloman på den eine sida, og den misfornøgde halvbroren deira Grifo på den andre. Sjølv om Karloman tok Grifo til fange og fengsla han, må det ha vore ei misnøye mellom Karloman og Pipin som fekk sistnemnde til lauslata halvbroren medan Karloman var på pilegrimsreise til Roma. Kanskje i eit forsøk på å nøytralisera ambisjonane til bror sin, tok Karloman initiativet til å utnemna ein ny konge,Kilderik III, henta fram frå eit kloster i 743, og i kanskje ein ukjend son av Kilderik II.[30] Karloman var ein kombinasjon av ein sterkt religiøs og omsynslaus herskar som var nådelaus mot verkelege og innbilte motstandarar. I 746 samla han eit råd av adelsmenn blant alamannarane i Cannstatt (Stuttgart) og fekk deretter kanskje opptil tusenvis av dei avretta forhøgforræderi.[31][32] Dette utrydda heile leiarskapen i hertugdømmet, som sidan blei styrt av frankarar. Allereie året etter, den 15. august 747, gav Karloman avkall på stillinga si sommajordomo og trekte seg tilbake til klosterlivet i italienskeMonte Soratte etter å ha blittkronraka i Roma avpave Sakarias.[33] Pipin sin posisjon var såleis ytterlegare stabilisert og vegen fram til å bli konge også i namnet låg open.

Det karolingske riket, 751–840

[endre |endre wikiteksten]
Piepin, den første kongen av karolingerne, krona og salva i 751, og seinare salva på nytt av paven. Miniatyr frå 1400-talet.

Pipin styrte som ein vald konge. Sjølv om slike val skjedde jamleg var ein generell regel i germansk liv at kongen si makt kvilte på støtta frå dei leiande mennene i riket. Desse hadde retten til å velja ein ny «kongeverdig leiar» frå dei herskande familiane om dei meinte at den gamle ikkje lenger kunne leia dei i ein lønnsam krig. Medan kongedømmet blei arveleg i det seinare Frankrike, var kongane i Det heilage tysk-romerske riket ikkje i stand til å fjerna tradisjonen med val av kongar, og heldt fram med å velja herskarane fram til den formelle slutten på det tysk-romerske riket i 1806.

Kyrkjemøta på 740-talet som blei byrja av Karloman etablerte sambandet mellom dei karolingiske herskarane og kyrkja. Agenten til Pipin var Bonifatius, som støtta anstrengingane hans på å bli kvitt jordiske biskopar (adelen som styrte kyrkjeeigedom), og Bonifatius var Pipin sitt samband til Vatikanet. Pipin, som framleis kalla seg for «hertug» eller «fyrste»,dux et princeps Francorum,[34] og sende eit offisielt sendebod til pave Zakarias, som hadde eit anstrengt politisk forhold til dei austromerske keisarane og hadde ikkje lenger militært forsvar mot langobardane, med spørsmål om det var rett at den som hadde all makt ikkje også skulle ha tittelen som konge. Paven sende tilbake det rette svaret. Pipin sende Kilderik III, den siste merovingarkongen, i kloster, og fekk seg sjølv innsett som konge i Soissons. Seremonien var den fyrste i Europa som innebar gammaltestamentleg salving med heilag olje ved Bonifatius, og kanskje den fyrste i Europa som vektla kroninga av ein biskop. Pipin ønskte inga tvil om at han var på sin plass og ein lovmessig konge. Rolla som kyrkja hadde i denne legitimeringa fekk store konsekvensar for seinare europeisk historie. Sonesonen til Pipin blei avsett av biskopane, som meinte at om dei kunne innsetja ein konge, kunne dei også avsetja ein.[35] Like viktig for å styrkja stilinga til Pipin som konge varpave Stefan II si vitjing til Frankarriket i 753. Paven ønskte å fornya alliansen med Pipin for å få frankisk hjelp i Italia motlangobardane. Med seg hadde paven ein kopi avDen konstantinske skjenkelsen, seinare avslørt som rein forfalsking i renessansen. I ein storslått seremoni ved Saint-Denis blei kongen og familien hans salva, og Pipin erklært sompatricius Romanorum («vernar av romarane»), og såleis erstatta den ikkje lenger effektive bysantinske keisaren. Det følgjande året oppfylte Pipin løftet sitt til paven ved å ta tilbakeeksarkatet Ravenna, senteret til den austromerske makta i Italia fram til 751, då det blei teke av langobardane, og tvinga langobardane til å søkja om ein fredsavtale.[35]

Pipin overgav dei tilbaketekne områda rundt Roma til pavedømet, og la såleis det juridiske grunnlaget for Kyrkjestaten, den katolske kyrkja som ei verdsleg makt.[36] «Pipin-donasjonen» blei symbolsk overlevert ved grava til sankt Peter i 754, og som blei stadfesta på nytt i 756, og endå ein gong i 774 av Pipin sin sonKarl. Pavedømet hadde god grunn til å forventa at det nyoppretta frankiske monarkiet ville gje det ein ærbødig maktbase (potestas) i skipinga av ein ny verdsorden som var sentrert rundt paven.

Pipin døydde under eit felttog i 768, 54 år gammal. Sønene hans Karl og Karloman delte kongeriket mellom seg på nytt, men Karloman trekte seg tilbake til eit kloster og døydde kort tid etter. Dette lét etter seg Karl som eineherskar av eit samla Frankarrike. Den nye kongen, som kom til å stilla far sin i skuggen, blei kjend som Charlemagne, latinCarolus Magnus, eller seiaKarl den store. Han var ein mektig, intelligent og delvis lese- og skrivekunnig konge som blei ei legende i seinare historieskriving for både Frankrike som Tyskland. Karl den store retta opp igjen ein likevektig balanse mellom monarken og paven.

Relikvieskrin med maske av Karl den store iAachenkatedralen.

Frå 772 og framover heldt Karl fram erobringspolitikken til faren. Han erobra og overvann til sist saksarane for å innlemma deira landområde i Frankarriket. Denne krigen innebar også ein ny praksis ved at dei heidenske saksarane blei tvangskonverterte gjennom militærmakt. Frankiske katolske misjonærar, saman med andre frå Irland og angelsaksiske England, hadde kome til saksisk land sidan midten av 700-talet, noko som hadde ført til aukande konfliktar med saksarane som motsette seg trua på framande gudar. Den fremste saksiske motstandaren til Karl,Widukind, aksepterte dåp i 785 som ein del av fredsavtale,[37] men andre saksiske leiarar heldt fram med å motsetja seg kristendommen. Ved den militære sigeren til Karls vedVerden i 787 gav Karl ordre om å avretta tusenvis av heidenske saksiske fangar. Etter fleire opprør leid saksarane endeleg nederlag i 804. Dette ekspanderte det frankiske kongeriket så langt aust som tilElben.

Karl skapte eit rike som strekte seg frå Pyreneane i sørvest (eigentleg også eit grenseområde i nordlege Spania,Marca Hispanica, etter 795), over bortimot heile dagens Frankrike (bortsett frå Bretagne, som frankarane aldri erobra), austover mot det meste av dagens Tyskland, inkludert nordlege Italia og dagens Austerrike. I hierarkiet til kyrkja søkte biskopar og abbedar støtte ved det kongelege hoffet, som var kjelda til vern, tryggleik og finansiering. Karl hadde heilt og haldent stått fram som leiaren av kristendommen i Vesten, og støtta hans til kloster for lærdom gav grunnlag forden karolingiske renessansen for den litterære kulturen. Karl oppretta også eit stort palass i Aachen, bygde ei rekkje vegar og ein kanal.

Juledagen 800 kronapave Leo III Karl som «keisar av romarane» i Roma i ein seremoni presentert som ei overrasking, då Karl ikkje ønskte å stå i gjeld til biskopen i Roma. Dette var endå ei nyvinning for paven i ei rekkje symbolske verkemiddel som definerte dei gjensidige rollene til paveleg og keisarleg makt. Seremonien anerkjende Frankarriket som etterfølgjarstaten til (vest)romarriket, og utløyste såleis strid med Konstantinopel og Austromarriket over det romerske namnet. Etter ein innleiande protest omusurpasjon, anerkjende den bysantinske keisarenMikael I Rangabe Karl som med-keisar i 812. Kroninga i Roma gav den endelege legitimiteten til karolingernes forrang blant frankarane.

Då Karl den store døydde i 814 i Aachen blei han gravlagd i sitt eige palasskapell i byen.

Delt rike etter 840

[endre |endre wikiteksten]
Kroninga av Ludvig V, den siste karolingiske kongen.

Karl den store hadde fleire søner, men berre ein overlevde han. Denne sonen,Ludvig den fromme, etterfølgde faren sin som leiar av eit sameint rike. Men einearv heldt fram med å vere eit slumpetreff framfor ei hensikt. Då Ludvig døydde i 840 heldt karolingerne fast på skikken med delt arv, og etter ein kortvarig innbyrdeskrig mellom dei tre sønene hans, inngjekk dei ei semje i 843,traktaten i Verdun, der dei delte riket i tre delar:

Den eldste overlevande sonen, Lothar, blei keisar i namnet, mende facto berre herskar av det midtre frankiske riket. Dei tre sønene hans delte så dette kongeriket mellom seg iLotharingia (sentrert ved provinsenLorraine), Burgund, og nordlege italienskeLombardia. Desse områda med ulik kultur, folk, språk og tradisjonar kom seinare til å forsvinna som skilde kongerike, og krystalliserte seg seinare som Belgia, Nederlanda, Luxembourg, Lorraine, Sveits, Lombardia og i ulikefranske departement saman medRhônebassenget og Jurafjella.

Den andre sonen,Ludvig den tyske, blei konge av det austfrankiske riket. Dette området utgjorda kjernen i det seinaretysk-romerske riket ved at det tyske kongedømet blei forstørra med ekstra område frå det midtre frankiske riket: store delar av desse områda utvikla seg med tida til det som i dag er Austerrike, Sveits og Tyskland.

Den tredje sonen,Karl den skalla, blei konge av vestfrankarane. Dette området, det meste av dagens sørlege og vestlege Frankrike, blei grunnlaget for det seinare Frankrike under kongeslektahuset Capet.

Vedtraktaten i Meerssen i 870 blei delinga omarbeidd, med eit resultat som var til ulempe for Lotharingia. Den 12. desember 884 sameinteKarl den tjukke (son av Ludvig den tyske) det meste av det karolingske riket, med unntak av Burgund. I slutten av 887 gjorde nevøen hansArnulf av Kärnten opprør og tok tittelen som konge av austfrankarane. Karl trekte seg tilbake og døydde ikkje lenge etter, den 13. januar 888

Odo, greve av Paris, blei vald som herskar i vest, og blei krona månaden etter. Ved dette tidspunktet var Vestfrankarriket samansett av Neustria i vest og i aust av regionen mellom elvaneMaas ogSeinen. Karolingarane kom inn att på trona ti år seinare i Vestfrankarriket, og styrte då fram til 987 då den siste frankiske kongen,Ludvig V, døydde etter eit fall under ei jakt.[38] Han etterlét seg ingen legitim arving. Onkelen hans, hertugKarl av Nedre Lorraine, blei nominert som arveleg etterfølgjer til trona. Presteskapet, inkludert Adalberon og Gerbert (som seinare bleipave Sylvester II), argumenterte veltalande forHugo Capet. Han var ikkje i slekt med dei kongelege, men hadde bevist seg sjølv gjennom handlingane sine og militære dugleik. Han blei vald som konge og blei krona av Adalberon innan to månader etter at Ludvig var død. Dette var byrjinga påhuset Capet. Etter 987 blei kongedømet kjent som Frankrike ettersom Capet var tidlegare hertugar avÎle-de-France.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. LatinSalii, «salte frankarar», ei romersk nemning frå tidleg på 500-talet. Nemninga kan ha opphav med tilvising til havet (som ersalt), eller til elvaIJssel.
  2. «Salii / Salian Franks (Germans)», The Franks,The History Files
  3. Gregorius av Tours:Historia Francorum, bok II, kapittel 9.
  4. Wood, Ian (1994):The Merovingian Kingdoms 450 – 751, Pearson Education Ltd.,ISBN 9781317871163, s. 37
  5. Bury, J.B. (1923):History of the Later Roman Empire, Macmillan & Co., Ltd., kapittel VIII
  6. Heather, Peter (2006):The Fall of the Roman Empire: A New History of Rome and the Barbarians, Oxford, UK: Oxford University Press,ISBN 978-0-19-532541-6, s. 416
  7. Wallace-Hadrill, J. M. (1982):The Long-Haired Kings. Toronto: University of Toronto Press,ISBN 0-8020-6500-7, s. 162
  8. MacGeorge, Penny (2002):Late Roman Warlords. Oxford University Press,ISBN 0-19-925244-0, s. 111–113
  9. Frassetto, Michael (2013):The Early Medieval World: From the Fall of Rome to the Time of Charlemagne, ABC-CLIO, s. 527
  10. Mathisen, Ralph W. (2012):«Clovis, Anastasius, and the Political Status 508 CE: The Frankis Aftermath of the Battle of Vouillé» i: Mathisen, Ralph W.; Shanzer, Danuta, red.:The Battle of Vouillé, 507 CE: Where France Began, Walter de Gruyter Inc., s. 88.
  11. Rouche, Michel (1979):L' Aquitaine des Wisigoths aux Arabes (418-781). Naissance d'une région, Éd de École des hautes études en Sciences Sociales et éd Jean Touzot, Paris, s. 63.
  12. «Fredegond» i:Encyclopædia Britannica, 1911, 11. utg.
  13. Solymar, Laszlo (2013):Anatomy of Assassinations, Author House, s. 83
  14. Murray, Alexander C. (2015):A Companion to Gregory of Tours, BRILL, s. 446
  15. «Vasconia: Early Merovingian Period (602-660)»,Basque Medieval
  16. Chisholm, Hugh, red. (1911):«Brunhilda» i:Encyclopædia Britannica, 11. utg., Cambridge University Press.
  17. Bachrach, Bernard S., overs. (1973): Liber Historiae Francorum.
  18. Murray, Alexander Callander (1994): «Immunity, Nobility, and the Edict of Paris» i:Speculum,69(1), s. 18–39. doi:10.2307/2864783
  19. Bachrach, Bernard S. (1972):Merovingian Military Organization, 481-751, University of Minnesota Press, s. 89
  20. «Merovingian Duchy & Kingdom of Aquitaine», The Franks,The History Files
  21. Curta, Florin (2001):The Making of the Slavs: History and Archaeology of the Lower Danube Region, c. 500–700, Cambridge: Cambridge University Press,ISBN 0-521-80202-4.
  22. Reuter, Timothy (1991):Germany in the Early Middle Ages 800–1056. New York: Longman, s. 55.
  23. Durant, Will (1961):Story of Philosophy, Simon and Schuster, s. 58
  24. Rogers, Clifford J. (2010):The Oxford Encyclopedia of Medieval Warfare and Military Technology,I, Oxford University Press, s. 129
  25. Rogers, Clifford J. (2010):The Oxford Encyclopedia of Medieval Warfare and Military Technology,I, Oxford University Press, s. 363
  26. Duffy, Eamon (2006):Saints & Sinners: A History of the Popes. New Haven, Conn.: Yale University Press.ISBN 9780300115970, s. 68
  27. Generelt antatt at det skjedde den 10. oktober 732
  28. Arabs, Franks, and the Battle of Tours, 732: Three AccountsArkivert 11. oktober 2014 påWayback Machine.,Medieval Sourcebook
  29. The Battle of ToursArkivert 2. mai 2006 påWayback Machine., History of Europe
  30. Wallace-Hadrill, J. M. (1962):The Long-Haired Kings, London.
  31. 746 - Blood Court of CannstattArkivert 4. mars 2016 påWayback Machine.,Alamanicus
  32. Sass, Robert (2015):The Old Saxon Language and Heathenry, Lulu.com, s. 50
  33. Chisholm, Hugh, red. (1911):"Carloman (Frankish princes)" i:Encyclopædia Britannica, 11. utg., Cambridge University Press.
  34. Bauer, Susan Wise (2010):The History of Medieval World, s. 371
  35. 12Holmes, George (1988):The Illustrated History of Medieval Europe, London: Guild Publishing, s. 99
  36. Boussard, Jacques (1979):The Civilization of Charlemagne, World University Library, McGraw Hill, s. 23
  37. Chisholm, Hugh, red. (1911):«Widukind (leader)» i:Encyclopædia Britannica, 11. utg., Cambridge University Press.
  38. Schwennicke, Detlev (1984):Europäische Stammtafeln: Stammtafeln zur Geschichte der Europäischen Staaten, bind III, delbind 1, Marburg: Verlag von J. A. Stargardt, tavle 116
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Frankarriket&oldid=3617647»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp