Dei kom frå eit område kringRhinen i starten av vår tidsrekning og utvida landområdet sitt i kring tusen år, framfor alt under deimerovingiske ogkarolingiske kongeættene, maktområdet sitt til det omfatta store delar avEuropa.
Namnet «frankar» har gjeveFrankrike det norske namnet sitt og tydde 'fri' påfrankisk, men denne fridomen omfatta ikkje dei kvinnene og slavane som dei frie frankarane førte med seg. Som nemning på folkegruppa inneber ordet truleg «ikkje underlagt andre» (til dømes romarane). OrdetFrank har overlevd som mannsnamn og kongenamn, og påengelsk er ordet synonymt med 'likefram' eller 'ærleg'. Ordet har soleis fleire tydingar. Den næraste ætlingen av det frankiske språket er rekna å veranederlandsk i dag.
Namnet kan også skrive seg frå eit slag breidblada kastespjut, eller kanskje frå ei stridøks som var typisk for frankiske krigarar, som var kallafransisca. Den største kongen deira heitte Joar.
Frankarane skilde seg frå andregermanarar på to viktige område.
Dei slapp aldri kontakten med det opphavlege området sitt, men breidde seg ut snarare enn å vandre til nye område.