Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Franco Baresi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Franco Baresi
Franco Baresi i 2012
Personleg informasjon
Fullt namnFranchino Baresi
Fødd8. mai1960 (65 år)
FødestadTravgliato iItalia
Høgd176 cm
PosisjonForsvarsspelar
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar(Mål)
1977-1997Milan531(16)
Landslag
1982-1994Italia81(1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Franco Baresi (fødd 8. mai 1960) er einitaliensk tidlegarefotballspelar frå Travagliato iBrescia-provinsen, som spela forAC Milan frå 1978 til 1997. I løpet av si tid som aktiv var han med å vinneEuropacupen to gongar og oppfylgjarenMeisterligaen ein gong, dessutan fekk han med seg seks seriemeisterskap for klubben. Med Italias landslag vann han sølvmedalje og bronsemedalje i verdsmeisterskapen i fotball i høvesvis 1994 og 1990. Baresi spela midtstoppar i ei libero-rolle, og har vorte rekna som ein av dei beste forsvarsspelarane nokon gong.

Karriere

[endre |endre wikiteksten]

Baresi debuterte for AC Milan i april 1978, og fekk snøgt plass i fyrsteellevaren til klubben. Allereie i sin fyrste heile sesong, 1978/79, kunne han innkassere ein triumf då Milan vannSerie A. Fyrst ni år seinare fekk Baresi oppleve å verte seriemeister på ny, då som kaptein for Milan, ein posisjon han hadde frå han var 22 år til han la opp.

Både i 1989 og 1990 vann Milan Europacupen i fotball. Med mellom andre dei nederlandske toppspelaraneRuud Gullit,Marco van Basten ogFrank Rijkaard på laget vart det 4-0 siger overSteaua București i 1989-finalen og 1-0 overBenfica i 1990. Baresi hamna elles i 1989 på andreplass i avrøystinga som utnemnde lagkameraten Basten tilÅrets fotballspelar i Europa.

Perioden 1992-94 tok AC Milan o Baresi tre strake seriegull i Italia. 1994-sesongen vart elles kruna med at Milan gjekk sigrande ut av Meisterligaen, etter i finalen iAthen å ha «feia»FC Barcelona av bana med 4-0. To år seinare vann Baresi si sjette og siste gullmedalje i den italienske serien. Då 1997-sesongen var over la han opp etter i alt 719 obligatoriske kampar for AC Milan.

Landslagsspel

[endre |endre wikiteksten]

Landslagsdebuten fekk Baresi i desember 1982, men det var fyrst hausten 1986 han hadder sikker plass i forsvarsrekka til Italia. Han deltok i fotball-EM 1988 der Italia vart slått ut i semifinalane avRussland, og iVM i fotball 1990 på italiensk heimegrunn. På fotballstadion iNapoli tapte Italia semifinalen motArgentina på straffeskyting, men lukkast vinne bronsefinalen motEngland i Bari med 2-1.

Den 5. juni 1991 vart Italia slått avNoregs landslag med 2-1 i ein EM-kvalifiseringskamp. Mange norske fotballinteresserte vil hugse at Baresi påUllevaal stadion vart rundlurt avLars Bohinen då Noreg gjekk opp til 2-1. Tre år seinare var han kaptein for eit defensivt Italia som spela seg fram til finale motBrasil i VM 1994. Kampen enda utan skåringar. I den påfylgjande straffetevlinga opna Baresi for Italia med å bomme, og trass i at spelarar på begge laga mislukkast i sine forsøk, enda det heile med brasiliansk siger. To månader etter VM-finalen spela Baresi sin 81. og siste landskamp for Italia, han skåra sitt einaste landslagsmål i 1987.

  • VM-sølv 1994 for Italia
  • VM-bronse 1990 for Ialia
  • Vinnar av Europacupen 1989 og 1990 med AC Milan
  • Vinnar av Meisterligaen 1994 med AC Milan
  • Italiensk seriemeister 1979, 1988, 1992, 1993, 1994 og 1996 med AC Milan

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
    • (en)Franco Baresi Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar påsports-reference.com.
    Flagget til Italia
    Flagget til Italia
    Flagget til Italia
    Flagget til Italia
    Flagget til Italia
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Franco_Baresi&oldid=3215818»
    Kategoriar:
    Gøymde kategoriar:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2025 Movatter.jp