Foxesjøen (engelskFoxe Basin) er ein del avHudsonbukta, i det nordlegeCanada i territorietNunavut. Havet er omkransa avBaffinøya, Melville-halvøya og øyaSalliq. I nordvest er Foxesjøen gjennom Fury-Hecla-sundet samanknytt med Boothiagolfen. I sør er sjøen gjennom Foxekanalen knytt tilHudsonsundet og Hudsonbukta. Øya Salliq skil Foxesjøen frå Hudsonbukta. Største øya i Foxesjøen erCharlesøya, viktigaste bustadsplassen er Sanirajak.
Sjødjupna er for størstedelen mindre enn 100 meter. Kystane består i sør i hovudsak av berg, medan dei i nord for det meste er flate. Foxesjøen er leveområde for den største bestanden avkvalross i Canada.