Den største delen av fosfor i menneskeroppen, rundt 86%, finst ibein ogtenner i bindingar medkalsium. 8-9 % finn ein i musklane og resten i organa og blodet.
Fosfor er ein viktig komponent iDNA-molekylet, som lagrararvestoff, og finst iATP-molekyl, dei viktigaste energilagra i kroppen. Stoffet er òg del av mange avenzyma som styrer næringsomsetjinga. Det er ein del avfosforlipidane, som regulerer feittomsetjinga og feittbalansen i blodet. Gjennom fosforhaldige samband hjelper det til med å transporterahormon gjennomcellemembranen inn icellene.
Mangel på fosfor i kroppen kan føra til problem medbukspyttkjertelen, mjukning av bein, tannverk, minka vekst, vekttap, lågare kapasitet ihjernen ognervene og generell trøytnad. Dersom ein derimot stadig får i seg for mykje fosfor kan blodet bli syrleg slik at kalsium blir løyst frå beina og skilt ut iurinen bunden til fosforet. Dette vil føra til mangel på kalsium og ein auke ifeittmengda i blodet. Eit kosthald som er svært høgt påkjøtmat kan gje for mykje fosfor.
Kjelder for stoffet er kjøt,fisk,egg,korn,ris,mjølkeprodukt,ølgjær,lecitin,ertevekstar og tørkafrukt.