Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Forres

Koordinatar:57°36′N3°37′W / 57.600°N 3.617°W /57.600; -3.617
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forres

skotsk-gæliskFarrais
High Street i Forres
High Street i Forres
High Street i Forres
Plassering
Forres is located in
Styresmakter
Land Storbritannia
Konstituerande land Skottland
RegionMoray
Tradisjonelt grevskapMoray
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

8 967
Koordinatar57°36′N3°37′W / 57.600°N 3.617°W /57.600; -3.617
Diverse annan informasjon
PostnummerIV36
Telefon-retningsnummer0 1309
Commons har multimedium som gjeld:Forres

Forres (skotsk gæliskFarrais) er ein by i regionenMoray iSkottland. Han har kring 9000 innbyggjarar.

Skildring

[endre |endre wikiteksten]

Forres har vakse særs i dei seinare åra og har no over 9 000 innbyggjarar. Staden ligg på ei flate mellomelva Findhorn og dei skogkledde skråningane motCluny ogSanquhar Hills. Forres er kjent for sine prisvinnande blomsterskulpturar.

Forres var eit viktig knutepunkt for jarnbanaHighland Railway. Å reise gjennom Forres var ein gong den raskaste ruta for å nåInverness frå sør.

StiftingaFindhorn Foundation er eit internasjonalt andeleg samfunn som ligg i Forres. Det vart grunnlagt i1962 og er enno populært hos andelege søkjande menneske. Det er ein liten butikk som sel andelege ogkeltiske bøker, forutan organisk mat og drikke somKelpoe Seaweed (øl).

Parlamentarisk burgh

[endre |endre wikiteksten]

Forres var ein parlamentarisk burgh som saman med Inverness,Fortrose ogNairn vart Inverness Burghs valkrets for detbritiskeUnderhuset (House of Commons) frå1708 til1801, ogDet sameinte kongerike frå 1801 til1918. Valkretsen vart oppløyst i 1918 og kretsane Forres og Nairn vart slått saman til den nye valkretsen Moray og Nairn.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Det har vore spekulert på om Forres kan vere staden «Varris» somKlaudios Ptolemaios teikna inn på eit kart over det landetromarane kallaCaledonia (dagens Skottland) for bortimot 2 000 år sidan. Det var ei kongeleg festning her frå år900 e.Kr og rundt1140 vart det ein kongelegburgh. Burgher vart grunnlagt av dei skotske kongane på1100-talet for å oppmuntre handel og økonomisk vekst. Det lokaletkloster, som var eit lokalt senter for vekst, fekk eit kraftig knekk då den frykta krigarhøvdingen som vart kalla for «Ulven frå Badenoch», det vil seieAlexander Stewart, 1. jarl av Buchan, plyndra og herja staden på midten av1300-talet. Forres var saman medDunkeld den staden som dei skotske kongane i byrjinga avmellomalderen budde i lengre tid.

Den23. juni1496 tildelte kongJakob IV av Skottland eit kongelegcharter som oppretta rettane og privilegia for byen, men ein trur at byen har hatt eit tidlegare charter sidan regimet til kongDavid I av Skottland, 300 år tidlegare.

Byen er òg lokaliseringa forSuenos stein, ein stor, uthogd bauta på 6,5 m som truleg er reist avpiktarar som eit minne mot kanskjenorskevikingar eller invaderande skottar.

FestningaBrodie Castle ligg i nærleiken av byen, ogWilliam Shakespeare-skodespeletMacbeth plasserte festninga til den historiske kongen Mac Bethad mac Findláich (Macbeth av Skottland) her, men det er få om nokre historiske bevis for at det er tilfelle.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Forres&oldid=3490117»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp