Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Fonem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I talemål er eitfonem ei grunnleggjande, teoretisk eining – det minste lydsegmentet som kanendra tydinga av eitord. Nårfonologar skal kartleggja kva fonem eitspråk inneheld, prøver dei å finnaminimale par – to ord med ulik tyding, som skil seg frå kvarandre med berre éin språklyd.

Språklyden /r/ vert rekna som eitt fonem på norsk, men kan uttalast som to ulikeallofonar:skarre-r ([ʁ]) ellerrulle-r ([r]). Fordi tydinga er akkurat den same uansett kva uttalevariant me vel, reknar me begge r-lydane for å høyra til det same fonemet.

Ved hjelp av den same teknikken kan me finna ut at språklydane /r/ og /l/ må reknast som to ulike fonem i norsk. Det minimale paret /rar/ og /lar/ viser at det er slik.

IIPA-lydskrifta vert fonem skrivne mellom skråstrekar for å markerafonemisk transkripsjon (/p/).

Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Fonem&oldid=2802697»
Kategori:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp