Flodhestar er kraftige, tjukkhuda og nesten hårlause dyr.Vaksne dyr har vanlegvis ei skulderhøgd på rundt 1,4 meter og ei lengd på 3,3–3,5 meter, men kan nå opptil 4,5 meter. Hannar er større enn hoer og veg gjerne mellom 1600 og 3200 kg, medan hoer kan bli opptil 650-2350 kg. Nyfødde flodhestar er 25-5 kg tunge.
Dyra har store hovud med kraftige kjevar og store tenner. Fortennene og hjørnetennene veks livet gjennom. Beina er korte og dei har fire tær på kvar fot. Tærne kan sprika og harsymjehud.
Flodhesten er tilpassa eit liv der han er mykje nedsenkt i vatn, med auge, øyre og nasebor på oversida av hovudet. Nasebora kan lukkast.
Flodhestar lever i og vedelver,sjøar ogsumper. Dei held til i flokkar som typisk omfattar 10-15 individ, men kan også danna større flokkar på opptil 150 dyr. Flodhesthannar kan vera særs aggressive mot kvarandre.
Dei erplanteetarar som hovudsakleg et plantar som veks ved vatnet dei held til i. Som regel går dei på land og beiter om natta.
Flodhest har blitt jakta på for kjøt, feitt, skinn og tenner. Særleg dei store nedre hjørnetennene er blitt brukt som kjelde tilelfenbein. Sidan 1900 har talet på ville flodhestar gått tilbake grunna jakt og habitattap.
Flodhestar kan drepa menneske. Dei kan også gjera stor skade på avlingar i jordbruket.[1]