Fjodor Simasjov | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 13. mars1945 Verkhnij Bagrjazj |
Død | 19. desember1997 (52 år) |
Yrke | langrennsløpar |
Språk | russisk |
Fjodor Petrovitsj Simasjov (13. mars 1945–20. desember 1997) var ein langrennar frå Verkni Bagrjasj iTatarstan som representerteSovjetunionen. Han vart verdsmeister 1970 og olympisk meister 1972 med Sovjetunionen i 4 x 10 km stafett, og vann elles ein OL-medalje og to VM-medaljar i tida 1970-74.
Simasjov debuterte internasjonalt iLahti-spelen i 1968, der han som best vart nummer 11 på femmila. UnderSki-VM 1970 iŠtrbské Pleso deltok han i alle fire tevlingane; etter ha vorte nummer ti på tremila, tok han bronsemedaljen på 15 km. Deretter gjekk han tredje etappen for Sovjetunionen på stafetten, og saman med Vladimir Voronkov, Valerij Tarakanov ogVjatsjeslav Vedenin sikra han sigeren, 14 sekundar føreAust-Tyskland. Til sist enda han på fjerdeplass på den avsluttande 50-kilometeren.
I 1971-sesongen vart Simasjov tredjemann på 15 km i Lahti. Undervinterleikane i Sapporo gjekk han alle distansane. Han starta med sjetteplass på 30 km, og tok så OL-sølvet på 15 km bakom den suverene sigerherren,Sven-Åke Lundbäck fråSverige. Som i verdsmeisterskapen to år tidlegare vann Sovjetunionen 4 x 10 km stafett; Voronkov, Simasjov og Vedenin gjekk same etappane, medan Jurij Skobov tok seg av andre etppen i staden for Tarakanov.
Simasjov vart nummer tre på 30 km underSvenska skidspelen 1973 iFalun, einast norskeOddvar Brå og svenskeThomas Magnusson gjekk fortare. Året etter var Simasjov tilbake på same staden dåSki-VM 1974 gjekk av stabelen, der han vann ein sølvmedalje med Sovjetunionen i 4 x 10 km stafett.
Simasjov døydde iZainsk i Russland.