Fjellrype (Lagopus muta ellermutus) er einfugl avskogshøns. Fjellrype vert ogso kalla forskarv,fjellskarv ellerskarvrype. Arten lever i arktiske og subarktiske nordområde iEurasia ogNord-Amerika.
Høne og stegg (hannfuglen) er om lag jamstore. Vaksne fuglar veg 400-500 gram og har ei lengd på 35 cm. Dei har gråspragla fjørdrakt. Halefjøra er svarte, men dekkfjøra over desse har same vernefarge som ryggen. Vengene, buken og føtene er kvite. Om vinteren har fuglen kvit drakt, men halefjøra og nebbet er fortsatt svarte. Steggen har ei markert svart stripe mydlo auga og nebbrota. Dette kjenneteiknet har hann ogso i vinterdrakta.
Forvekslingsart
Fjellrype kan lett forvekslast medlirype. Ein skil dei på at fjellrype har ei ljosgrå farge på hausten. Om vinteren er det vanskelegare å skilja dei. Fjellrypesteggar i vinterdrakt kan lettast skiljast på svarttyglestrek som lirypa manglar, hoer har ikkje denne skilnaden, men lirypa er marginalt større enn fjellrypa og har kraftigare nebb.[1]
Forplanting
Fjellrypa ermonogam. Høna legg 7-11 egg i ei senking i bakken og det tar 20-21 dagar å ruge dei ut. Klekkinga skjer i slutten av juni til tidleg i juli.
Åtferd
Rypene held seg i kull omhausten. Utover seinhausten og vinteren går dei i større flokkar når veret tillet det.
Fuglen er vanleg i karrige landskap iNoreg med lite vegetasjon, mot kysten på Vestlandet ned til 400 moh. og nordover, iTroms ned til 100 moh. I hekketida og fram til vinteren held han seg i steinurer og ved grassletter over vierbeltet. I vinterhalvåret søker han ofte lågare i terrenget, og i uvêrsperiodar heilt ned i bjørkeskogen. På linje medlirype er han eit yndajaktobjekt. Det er også jakt påsvalbardrypa (Lagopus muta hyperborea). Ho er den einaste landfuglen som overvintrar på øygruppa.[4]
Populasjonen i Skandinavia gjekk sterkt attende i perioden 2002 til 2012. Forskarane meinte at nedgangen kunne vere relatert til klimaendringar.[5]
Hans Chr. Pedersen, 1994,Artsomtale: Lagopus muta – fjellrype, S. 142 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 16. januar 2022
Referansar
↑Svensson, Lars et al (2011).Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag.ISBN 9788205418820
↑Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021.IOC World Bird List (v11.2). doi: 10.14344/IOC.ML.11.2 Henta 16. januar 2022
↑Montgomerie, R. og K. Holder (2020).Rock Ptarmigan (Lagopus muta), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA.https://doi.org/10.2173/bow.rocpta1.01