- Sjå ògUttale av finsk skriftspråk
Finsk har eitskriftspråk som speglar denfonologiske strukturen i talespråket bortimot perfekt. Kvarbokstav representerer ein lyd (rettare, eittfonem), og kvart fonem er representert av ein bokstav. Unntaket er bokstavsekvensen «ng», som blir uttalt /ŋŋ/. Ordetsangen, som tyder «ganske», blir med andre ord uttalt på same måten som det norske ordet som vi skriv på same måten, nemleg /saŋŋen/.
Vokalane har omtrent dei same lydverdiane som itysk, merk spesielt at finsky blir uttalt som tyskü og ikkje som norsky. Konsonantane har same lydverdi som i norsk, menp, t, k har aldri pustelyd (aspirasjon), som i norsk.p ipakka («kortstokk») blir altså uttala som «pakka» i det norske ordetspakka (men utans), og ikkje som det norske ordetpakka. Lengde blir representert ved dobbeltskriving. OrdetKitee (namnet på ein finsk kommune) blir altså uttalt med korti, kortt og langee.Trykket er likevel på første stavinga (det er det alltid).
Som dei andresamiske ogaustersjøfinske språka skil finsk seg frå dei germanske og baltiske grannespråka ved å ha typisk uralske grammatiske trekk. Visse grammatiske trekk er likevel utypiske sett i eit uralsk perspektiv (kasuskongruens, vokalsystem, tempussystem), slike utypiske trekk er som regel resultat av baltisk og germansk påverknad.
Finsk har åttevokalar, tre fremre (y, ö, ä), tre bakre (u, o, a) og to nøytrale (i, e). Fonetisk sett er sjølvsagt dei nøytrale vokalane fremre, men desse vokalane opptrer i to ulike system avvokalharmoni, og i dette systemet eri, e nøytrale. Det eine systemet er stammeharmoni. I same stamme kan vi ha berre fremre vokalar, eller berre bakre vokalar, mens dei nøytrale vokalane kan opptre i lag med både fremre og bakre. Ordatuli «eld»,syli «fang»,takka «peis»,rukkanen «arbeidshanske» er alle moglege finske ord, men*suly,*täkka,*rykkanen ikkje er det. Det andre systemet er ordformharmoni. Finskesuffiks opptrer i to variantar, enten med fremre eller med bakre vokalar. Viss stammen inneheld bakre vokalar, gjer suffikset det også, men viss han ikkje inneheld bakre vokalar, inneheld suffikset fremre vokalar. Til 3. person fleirtalssuffikset-vat/-vät har vi altsåHe tulevat, syövät ja menevät "Dei kjem, et og går", meda ellerä i suffikset alt etter vokalismen i stammen.
Alle dei finske vokalane kan vere lange eller korte, og til skilnad frå norsk kan dei vere lange også i trykklett (ikkje-initial) staving. Ei ordform someloon (illativ avelo «liv») har korte, kortl og lango («å»), men likevel trykk på første stavinga. Dei fleste finske konsonantane kan også vere korte eller lange (h kan vere berre kort ogŋ berre lang).
Finsk har hovudtrykk på første staving i samtlege ord. Bitrykk fell som oftast på tredje, femte, osb. staving, men i visse tilfelle blir bitrykket flytta (sjåartikkelen om finsk fonologi).
Finsk har ein rik bøyingsmorfologi.
Substantiv ogadjektiv skil seg morfologisk sett lite frå kvarandre. Begge blir bøygd i 15kasus og 2tal.
Finsk har dei grammatiske kasusanominativ,genitiv,akkusativ ogpartitiv. Nominativ er kasus for subjekt og subjektspredikativ (Pekka on opettaja, 'Pekka er lærar'. Genitiv er framfor alt kasus for possessor (Pekan auto, 'Pekkas bil'), for komplementet til postposisjonar (auton takia, 'på grunn av bilen'), og i visse tilfelle også for subjektet (Pekan täytyy lähteä, 'Pekka må dra'). Objektet står i akkusativ i dei tilfella der handlinga er avslutta (Pekka osti auton, 'Pekka kjøpte ein bil',Pekka söi leivän, 'Pekka åt opp brødet'). Viss handlinga ikkje er avslutta, eller viss ho er nekta, står objektet i partitiv:Pekka ei ostanut autoa, 'Pekka kjøpte ikkje ein bil';Pekka ajoi autoa, 'Pekka køyrde bil';Pekka söi leipää, 'Pekka åt brød (og det vart att brød etterpå)'. Akkusativ endar på-n for substantiv og adjektiv, men på-t for pronomen (Pekka näki sinut, 'Pekka såg deg'). Viss setninga ikkje inneheld eit subjekt som kongruerer med verbet sitt, manglar akkusativen suffikset-n, og liknar på nominativ (men vekslar med partitiv i nekting):Karhu ammuttiin, 'Bjørnen vart skoten',Hänet ammuttiin, 'Han/ho vart skoten'; partitiv:Karhua / häntä ei ammuttu, 'Bjørnen / han / ho vart ikkje skoten'.
Resten av kasusa er adverbiale kasus. Av dei utgjer 6 kasus (illativ,inessiv,elativ,allativ,adessiv,ablativ ) eit avgrensa lokalkasussystem, jf. presentasjonen underuralske språk. Dei resterande kasusa er dei generelle adverbiale kasusatranslativ-ksi, (Kirja on käännetty suomeksi, "Boka er omsett til finsk),essiv «-na» (Olen töissä opettajana «Eg arbeider som lærar») ogabessiv-tta,Ole huoletta «Ver utan bekymringar!», og dei meir marginalekomitativ-ine («Porvoo vanhoine taloineen »Borgå med sine gamle hus«) oginstruktiv-n. Komitativ blir berre brukt i fleirtal, sjølv om det refererer til berre ein:Pääministeri vaimoineen »statsministeren med frue« (i lag blir det to av dei). Instruktiv er som regel brukt i fleirtal, t.d.Vuonna 2005 juhlitaan fysiikkaa monin tavoin, »I 2005 blir fysikk feira på mange måtar". I eintal brukast instruktiv berre i visse faste uttrykk: (Hän tuli jalan, «Han/ho kom til fots»). Også bruksområdet til abessiv blir smalare, produktiv er abessiv i 3. infinitiv,Pärjäät hyvin lukematta mitään "Du klarar deg godt utan å lese noko som helst«, men »utan X« blir no helst uttrykt med preposisjonenilman »utan«, altsåilman polkupyörää »utan sykkel" heller enn?polkupyörättä.
I tillegg til den same kasusbøyinga som substantiva haradjektivgradbøying. Suffiksa forkomparativ ogsuperlativ er-mpi,-in, «fin - finare - finast» erhieno - hienompi - hienoin.
Finskeverb blir bøygd i 3 personar, 2 tal, 4 modi og 2 tempi. I tillegg kjem eit system med 4 (5) infinitivar og 2 partisippar, som blir bøygd i kasus og tal.
Typologisk sett er finsk eitSVO-språk. Til skilnad frå norsk har det likevel relativt fri ordstilling, og alle 6 moglege kombinasjonar av S, V og O er i visse tilfelle moglege. Ei relativt vanleg rekkjefølgje er OVS, som blir brukt der vi på norsk ville ha bruktpassiv:Sillan avasi kuningas (bru-Akk opna konge-Nom) "Brua vart opna av kongen", for ein situasjon der brua er kjend informasjon, og spørsmålet er kven som opna ho.
Ja/nei-spørsmål blir i finsk danna med hjelp avklitikonet-ko/-kö, som hektar seg på det første leddet i setninga:Oletko suomalainen? «Er-2sg-SPM finsk = Er du finsk?». Også andre ledd enn verbet kan flyttast fram:Jalkapalloko lienee syynä? (fotball-SPM er-Potensialis grunn-Essiv) «Er det fotball som kan vere grunnen?» Andre spørsmål blir danna som på norsk, med spørjepronomen eller spørjeadverb, som blir sett først i setninga:Milloin tulit (når kome-Pret-Sg2) "Når kom du?".
Til skilnad frå norsk har finsk ikkje bestemt eller ubestemt artikkel, bestemtheit blir uttrykt dels ved hjelp av kasus, og dels ved hjelp av ordstilling. «Det står eit glas på bordet» erpöydällä on lasi (bord-Adessiv er glas), mens 'Glaset står på bordet' erLasi on pöydällä (sjå også artikkelen omEksistensialsetningar).
Det finske ordforrådet har ein kjerne av uralske ord. I perioden etter innføringa av jordbruket har finsk lånt inn svært mange ord frå dei baltiske og germanske nabospråka. Etter at finsk vart offisielt språk i 1863, fekk vi ein periode med ein relativt puristisk språkpolitikk. Mange ord vart laga for å erstatte nye svenske lån, sompuhelin, johtaja for tidlegaretelefuuni, tirehtööri. Etter krigen har denne politikken vore mindre dominerande, vi har ord somdeodorantti, kosmonautti. Det finske språksamfunnet viser likevel i langt større grad enn nabospråka sine ein vilje til å utvike ein nasjonal terminologi, jf. nylagingar somlevyke, tiedosto, hakemisto for "diskett, fil, directory".
Hovudartikkel:Austersjøfinsk språkhistorie, sjå ogsåFinsk språkhistorie
Finsk og dei næraste slektspråka (deiaustersjøfinske språka) går attende til det som blir kallauraustersjøfinsk (kantasuomi). Språksteget før urfinsk blir kalladet finsk-samiske urspråket (på finskvarhaiskantasuomi, dvs. "tidleg urfinsk"), dette omfattar dei austersjøfinske og samiske språka. Dette urspråket tok til å dele seg inn i urfinsk ogursamisk for ca. 2000-2500 år sidan.[1]
Dei austersjøfinske språka delte seg relativt tidleg inn i ei nordleg og ei sørleg grein, medFinskebukta som skilje, sjølv om det var klåre fellestrekk mellom dei finske dialektane i sørvest og dei estiske dialektane på andre sida av Finskebukta. Eit nytt skilje kom med den politiske delinga rundt 1200-talet, då Finland kom inn under vestleg kontroll og store delar av Karelen kom inn under austleg, russisk kontroll. Innanfor det finske språkområdet voks det også fram språklege skilje etter geografiske grenser, mellom (eigentlege)finnar,tavastlendingar,savolaksarar ogkarelarar.
Baltisk og germansk påverknad, og deretter åtte hundre år under svensk dominans sette språklege spor, framfor alt innanfor ordforråd og syntaks. Det finske kulturordforrådet, medrekna heile ordforrådet innanfor jordbruk, er lånt frå baltisk, germansk, urnordisk og seinare svensk. Germansk påverknad har også vore sterk innanfor syntaksen, derinfinitte verbkonstruksjonar har vorte avløyst avrelativsetningar.
Finsk språk endra seg relativt lite i tusenåret fram mot 1900-talet. Frå og med at den moderne finske nasjonalstaten var etablert, fekk den finske språkpolitikken også konsekvensar for språket i Finland. Store delar av kulturordforrådet som har kome til det siste hundreåret har kome som eit resultat av målmedvite måldyrking, der finske røter og affiks har vorte brukt til å danne nye ord. Germanske syntaktiske konstruksjonar har vorte fjerna (som agens ipassivsetningar) eller overført til eit talespråkleg stillag (som relativsetningar).