Fingolfin er namnet på ein alvekonge iJ.R.R. Tolkiens legendarium, og han spelar ein viktig rolle iSilmarillion. Han er yngre bror avFêanor, og eldste son av kongFinwë og andre kona hans, Indis av Vanyafolket. Etter Fëanors opprør, vart han kanna som konge over noldofolket i Midgard og vart den første høgkongen der.
Fingolfin vart fødd iValinor som eldste son av Finwë og Indis. Det var aldri god stemning mellom han og Fëanor, men Fingolfin var rekna som både edel og lojal mot faren og broren. DåMelkor vart frigjeven etter tre æver i fangenskap, sette han brørne opp mot kvarandre, og Fëanor drog sverd mot Fingolfin iTirion. Etter dette vart Fingolfin hovdingen over alvane i Tirion, og han slutta seg og til opprøret og reiste til Midgard etter eggjinga frå Fëanor, sidan han hadde svore å vera "heil bror i ånd".
Men Fëanor sveik følgjet til Fingolfin, som laut våge folket sitt over den kvernande isenHelcaraxë med store tap. Han reiste nord tilHithlum og sette opp riket sitt der, når han først var komen til Midgard. Derifrå heldt han vakt overMorgoth, og var den første i åtaka mot han når det kom til slag. Fingolfin gjorde mykje for å sameine noldofyrstane att etter at Fëanor var daud.
Fingolfin vart dermed øvste leiar for noldofolket i "bråeldslaget", der mange av frendene hans fall. Sistpå vart Fingolfin ustyrleg, då han såg at noldoane var ved å tapa slaget, og han reid fram for å utmane Morgoth til tvekamp. Morgoth synte seg, og Fingolfin kjempa mot han og gav han mange sår. Enden vart likevel at han vart krasa til marka, og let livet sitt framfor dørene tilThangorodrim. Lekamen hans vart boren bort av storørnaThorondor.
Fingolfin var far tilFingon, som var konge etter han,Turgon, kongen iGondolin, ogAredhel, som var mor tilMaeglin.
SidanTurgon opphavleg var tenkt som son av Finwë, finst det få beine spor etter Fingolfin ithe Book of Lost Tales. Heile Fëanors frendesvik, og rolla Fingolfin spelar i seinare tekster, kom først til seinare.
I den neste versjonen frå Tolkiens hand,The early Silmarillion, forfatta om lag1926, finn namnet Fingolfin første gong, som son av Fëanor og soneson av Finn (Finwë). Namnet Golfin eller Golfinweg hadde vore til stades i versjonar avLost tales før denne tida. Det er tydeleg at Finweg/Golfinweg var kimen til denne figuren.