Finduilas er namnet på ei alvisk kongedotter iJ.R.R. Tolkiens legendarium, og spelar ei rolle i forteljingaNarn i hín Húrin. I Silmarillion er ho dotter avOrodreth, bror avFinrod.
Finduilas av Nargothrond, dotter av Orodreth, er nært knytt til soga omTúrin Turambar. Då Túrin kom tilNargothrond, vart Finduilas snøgt hugteken i han, sjølv om ho hadde vore trulova med alvenGwindor førNirnaeth Arnoediad. Túrin berga Gwindor, og desse kom saman attende til Nargothrond. Tankane til Finduilas krinsa om Túrin av di Gwindor var nedbroten og tydeleg svekka etter pinsla i fangenskapen tilMorgoth. Túrin på si side fatta at Finduilas gjerne ville vera nær han, men gav ho aldri meir enn venskap.
Då Nargothrond fall, lova Túrin å berge Finduilas frå øyding og fangenskap, men drakenGlaurung kom i vegen og trollbatt han, slik at ropa hennar om hjelp ikkje nådde fram. Han vart løyst etter nokon tid, og hasta nordetter for å finne ho, noko som førte han til skogenBrethil. Her fekk han høyre at ein flokk orkar hadde bunde Finduilas til eit tre, og drepe ho med eit spjut gjennom brystet. Skogmennene i området jaga orkane, men ho var alt døyande, og det siste ho fekk sagt var: "Sei Mormegil frå meg at Finduilas er her". Skogmennene haugla ho på ein stad dei seinare kalla Haudh-en-Elleth (grava til alvemøya). Túrin fall i uvit på grava hennar.
Finduilas hadde ein plass i soga om Túrin frå starten av, og er soleis nemnt i dei tidlege utgåvene avSilmarillion, og i vers-versjonen av Húrin-kvadet frå1926. IThe Book of Lost Tales har ho namnetFailivrin, og er dotter av Galweg (forteljinga om Turambar og Foalokë). Namnet Failivrin/Faelivrin overlevde inn i Silmarillion som det tilnamnet Gwindor gav Finduilas på grunn av det lyse håret hennar.