Landet varspanskkoloni frå1521 til1898, og deretter kontrollert avUSA til1946. Dette var etterden filippinsk-amerikanske krigen. Det er saman medAust-Timor ogSør-Korea eit av dei tre asiatiske landa som harkristendom som dominerande religion. Saman med den amerikanske innverknaden har dette gjort Filippinane til eit av dei mest vestlegorienterte landa i Asia.
Sjølv omSørkinahavet ogFilippinarhavet er varme hav vert likevel Filippinane påverka av den asiatiskemonsunen. MedanMindanao og dei sørlege Filippinane har høge temperaturar året rundt, kanLuzon, inkludertManila, få noko kjøligare netter frå november til mars. Vinternettene i Luzon går innimellom under 15 °C sjølv ved havnivå.Tyfonar i det nordvestlegeStillehavet råkar ofte øygruppa og gjer at perioden juli til september er den våtaste i løpet av året. Filippane har etter måten tørre forhold om vinteren, men dei austlege og nordlege områda av øygruppa kan få ein del regnbyer. Manilla har ein årleg nedbørsnormal på 2042 mm.