Ficus religiosa kan bli opptil 20 meter høg.[3] Borken er gråleg og sprekk etterkvart som han blir eldre. Blada er runde på fasong med ein lang flik i enden, tynne og med skinande overflate. Dei har 5-7 sidevener. Fruktene er små, på storleik med ein pupill. Dei er grøne som kart og svarte når dei er mogne.[4]
Treet blir pollinert av ein særskildveps,Blastophaga quadraticeps. På stader der både fikentreet og vepsen er innført, som Israel, Florida og Hawaii, kanFicus religiosa vera eininvasiv art.[5]
Borken frå treet har lenge vore brukt som medisin mot sår, smittestoff,diaré,diabetes oggonorré. Blada er blitt brukt mothudsjukdommar,giftstoff og for å reguleramenstruasjonssyklusen. Frukta er blitt brukt somavføringsmiddel, og i pulverform til å behandlaastma. Medisinske forsøk har mellom anna påvist verknader mot fleire smittestoff og parasittar og at planten har ein god effekt mot diabetes.[4]