Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Fernanda Ribeiro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fernanda Ribeiro

StatsborgarskapPortugal
Fødd23. juni1969 (56 år)
Penafiel
Yrkemaratonløpar,langdistanseløpar
Språkportugisisk
Høgd161 centimeter
Fernanda Ribeiro på Commons

Maria Fernanda Moreira Ribeiro (fødd 23. juni 1969) er einportugisisk tidlegare langdistaneløpar frå Penafiel. Ho vann gull på 10000 meter under EM 1994, VM 1995 og OL 1996. Ribeiro har delteke i rad ulike meisterskap der løping har stått på programmet, mellom anna terrengløp og stafettmeisterskap over lengre distansar, og skal ha vunne til saman 40 internasjonale medaljar.

Aktiv

[endre |endre wikiteksten]

Frå 1986 til 1993 deltok Ribeiro på lengre distansar i samtlege internasjonale store meisterskap, utan å markere seg. Derimot markerte ho seg til gagns under friidretts-EM 1994 i Helsinki, der ho vart europameister på 10000-meteren, 24 sekund føre landskvinna Conceição Ferreira. Frå den tid var Ribeiro alltid å rekne med i kampen om medaljane i dei store meisterskapane. Året etter EM-triumfen i Helsinki gjorde ho i Hechtel sitt livs snøggaste 5000-meterløp med tida 14.36,4. Ho lukkast så å vinne 10000 m under VM i friidrett 1995 i Göteborg, og å ta sølvmedaljen på 5000 meter. På milløpet sprang ho frå etiopiskeDerartu Tulu på sisterunden, men på den halve distansen måtte ho sjølv sleppe irske Sonia O’Sullivan på oppløpet.

Under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta vann Ribeiro gullmedaljen på 10000 m etter å ha vunne over kinesiske Wang Junxia i spurten. Frå verdsmeisterskapen 1997 i Aten fekk Ribeiro med seg ein bronsemedalje på 5000 meter og sølvmedaljen på 10000 meter. På 5000-meteren vart ho slått i spurten av rumenske Szabo ogRoberta Brunet frå Italia, på milla var ho sjanselaus mot kenyanske Sally Barsosio. Også i friidretts-EM 1998 i Budapest vart Ribeiro sølvvinnar på 10000 meter, like framom rumenskeLidia Şimon.

I sin siste internasjonale sesong som baneløpar, OL-sesongen 2000, sikra Ribeiro seg bronsemedaljen på 10000 meter under sommarleikane 2000 i Sydney, bak dei etiopiske løparane Derartu Tulu ogGete Wami. Tida 30.22,8 var og er Ribeiro sin personlege rekord på 10000 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre |endre wikiteksten]
  • EM 1986 iStuttgart: Utslått i kvalifiseringa på 3000 m (9.32,6 =nr 25)
  • VM 1987 iRoma: Utslått i kvalifiseringa på 3000 m (9.01,1 =nr 24)
  • OL 1988 iSeoul: Utslått i kvalifiseringa på 3000 m (9.05,9 =nr 26)
  • EM 1990 iSplit: Utslått i kvalifiseringa på 3000 m (9.11,3 =nr 19)
  • VM 1991 iTokyo: Utslått i kvalifiseringa på 3000 m (9.01,9 =nr 22)
  • OL 1992 iBarcelona: Utslått i kvalifiseringa på 3000 m (9.07,6 =nr 26)
  • VM 1993 iStuttgart: Nr 10 på 10000 m – 31.40,5
  • EM 1994 iHelsinki: Gullmedalje på 10000 m – 31,08,7, framom Conceição Ferreira (31.32,8)
  • VM 1995 iGöteborg: Gullmedalje på 10000 m – 31.04,9, og sølvmedalje på 5000 m (14.48,5)
  • OL 1996 iAtlanta: Gullmedalje på 10000 m – 31,01,6, framom Wang Junxia (31.02,5)
  • VM 1997 iAten: Sølvmedalje på 10000 m – 31.39,1, og bronsemedalje på 5000 m (14.58,8)
  • EM 1998 iBudapest: Sølvmedalje på 10000 m – 31,32,3, bakom Sonia O’Sullivan (31,29,3)
  • OL 2000 iSydney: Bronsemedalje på 10000 m – 30.22,8, bakom Gete Wami (30.22,4)

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Fernanda_Ribeiro&oldid=3544923»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp