Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Feltspat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Feltspat

Feltspatkrystall (18×21×8.5 cm) fråJequitinhonhadalen iMinas Gerais i Søraust-Brasil.
Generelt
KategoriTektosilikat
Kjemisk formelKAlSi3O8NaAlSi3O8CaAl2Si2O8
Identifikasjon
Fargerosa, kvit, grå, brun
KrystallsystemTriklinsk ellermonoklin
TvillingTartan]], carlsbad, etc
Kløyvto eller tre
Brotlangs kløyvplan
Fastleik?
Mohs hardleiksskala6.0-6.5
Glansglasaktig
Strekfargekvit
Transparensugjennomsiktig
Spesifikk vekt2.55 - 2.76
Tettleik2.56
Optiske eigenskapar
Brytingsindeks1.518-1.526
Dobbeltbrytingførsteordens
Pleokroismeingen
Andre eigenskaparavblanda lamell er vanleg
Kjelder[1]

Feltspat er den mest viktige bergartsformande gruppa avmineral og utgjer opp til 60 % avjordskorpa. Feltspatane er essensielle imagmatiske bergartar der mengde og type brukast i klassifiseringa. Feltspatane krystalliserer fråmagma både idjupbergartar ogdagbergartar. Dei kan òg opptre som kompakte mineral, i gangar og finst imetamorfe bergartar og mangesedimentære bergartar. Feltspatane kan vere fargelause til kvite og lys grå, men det finst òg variantar som er brune, gule, raude, grøne og svarte.

Etymologi

[endre |endre wikiteksten]

Ordet feltspat kjem frå dei tyske orda «feld», som betyr 'felt', og «spat», for 'stein som ikkje inneheldmalm'. Visse stader i Noreg bruker ein «spatt» som eit dialektisk uttrykk for feltspat. Om eit materiale inneheld feltspat kan det omtalast som feltspatisk.Feltspatoide mineral er bergartsdannande mineral som liknar på feltspat kjemisk og strukturelt, men som inneheld mindre SiO2 enn feltspatane.

Mineralogi og kjemisk samansetjing

[endre |endre wikiteksten]

Feltspatgruppa sine mineral høyrer tilnettverkssilikata (det vil si at dei har eit tredimensjonalt rammeverk av silikatar) kor kvart SiO4-tetraeder deler fire oksygenatom med dei tilstøytande tetraedera. For å tillatekation somNa+,K+ ogCa2+ å gå inn i krystallgitteret og verne ladningsbalansen i gitteret har ein til ein viss grad substitusjon avAl3+ forSi4+.

Samansetjinga av feltspatane kan representerast med trekantdiagram med

KAlSi3O8 (kalifeltspat; mikroklin og ortoklas, Or),

NaAlSi3O3 (albitt, Ab) og

CaAl2Si2O8 (anortitt, An)

i kvart sitt hjørne. Blandingar mellom kalifeltspat og albitt vert kalla alkalifeltspat, medan blandingar mellom albitt og anortitt vert kalla plagioklas. I den førstnemnde blandinga er det full blandbarheit ved alle temperaturar, mens i sistnemnde er det berre full blandbarhet ved temperaturar høgre enn 700 °C. Ved lågare temperaturar minker blandbarheten mykje.

Sanidin (monoklin),ortoklas ogmikroklin (triklin) er polymorfe kalifeltspatar.Sanidin er mest stabil ved høge temperaturar og mikroklin ved låge temperaturar.I alkalifeltspatane erperthittar vanlege teksturar. Perthittane er avblandingslamellar som vert danna når temperaturen søkk og vert lågare enn 700 °C og det ikkje lenger er full blandbarhet mellom kalifeltspat og albitt.

Plagioklasane klassifiserer ein etter mengde anortitt i minerala:

Eitt trekk som er typisk ved feltspatane er evna til å dannetvillingkrystallar. Hos alkalifeltspat er Karlsbad-tvillingar vanleg, mens hos plagioklas er albitt-tvillingar, kor annakvart individ har lik orientering, svært vanleg.

Alkalifeltspatane finst først og fremst i den kontinentalejordskorpa. Kalifeltspat finst særleg i bergartar som granitt, syenitt, gneis og arkose.Plagioklas dominerer i denoseaniske skorpen og er hovedmineral i basalt, gabbro og dioritt. Bergartar som inneheld meir enn 90% plagioklas vert kallaanortositt. Heilt grov og rein feltspat med opptil fleire meter store krystallar kan finnast ipegmatittgangar.

Bruk

[endre |endre wikiteksten]

Feltspat er eit mineral med fleire bruksområde innan industrien og kor det er store krav til at ein har reine mineralkonsentrat.

I industriell samanheng omtalast alkalifeltspat og albitt som ’’kalifeltspat’’ og ’’natronfeltspat’’. Begge utgjer viktige delar av mineralblandingar som brukast til forskjellige typarglas,porselen,keramikk,glasur ogemalje. Dessutan brukast feltspat, særleg plagioklas, som slipemiddel og fyllmasse (filler) i mellom annamåling, sparkel ogplast.

Kalifeltspat vert føretrekt i produksjon av keramikk og porselen, mens natronfeltspat vert føretrekt til dømes i glas. Grovkrystallin og kvit albitt (òg kalla «tannspat» eller «dentalspat») brukast òg til produksjon av kunstigetenner.

Sand framstilt ved knusing og sikting av anortositt brukast som eldfast-materiale, til ulike typaraluminiumskjemikaliar, keramikk og kvitpukk som nyttast i ulike typar lyst vegdekke.

Feltspat er òg ofte brukt som halv-edelstein i smykke. Desse omfattar den grønfarga alkalifeltspatenamazonitt, ein plagioklas med eit metallisk blåleg fargespel som ofte er omtalt som «månestein» ogaventurin («solstein»), som er ein plagioklas med eit raudleg fargespel.

Feltspatar kan òg brukast til termolumeniscent datering og optisk datering igeovitenskap ogarkeologi.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Feltspat».Gemology Online. Henta 8. november 2012. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Feltspat
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Feltspat&oldid=3413835»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp