Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Persisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråFarsi)
Persisk
فارسی; fârsi
KlassifiseringIndoeuropeisk
 indoiransk
  iransk
   persisk
TalararPersofon
Bruk
Tala iIran,Afghanistan,TadjikistanUsbekistan,Qatar
OmrådeVestlege/sentrale Asia
Persisktalande i alt61 millionar
SkriftsystemDet persiske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk iIran
Normert avAkademiet for persisk språk og litteratur
Språkkodar
ISO 639-1fa
ISO 639-2per (B) / fas (T)
ISO 639-3PRS


Den geografiske utbreiinga til det persiske språket.

Wikipedia på persisk

Persisk ellerfarsi er eitiransk språk som har status som offisielt språk iIran ogAfghanistan, og som òg blir snakka iUsbekistan ogTadjikistan.

Til saman 61 millionar menneske har dette språket som morsmål. GjennomPersarriket har språket hatt stor historisk tyding og utbreiing, og det har framleis ein høg status mange stader. Persisk blir skrive med ei tilpassa utgåve avdet arabiske alfabetet, dette blir ofte kalladet persiske alfabetet.

Dei mest nærskylde språka til persisk er kurdisk, balutsji og mazandarani.[1]

Namn

[endre |endre wikiteksten]

Endonymet (heimnamnet) for språket erfârsi (فارسی) iIran,dari (درى) iAfghanistan ogtâjiki (тоҷикӣ, تاجیکی) iTadsjikistan.

Tradisjonelt har språket blitt kalla «persisk» på norsk, nett som språket tradisjonelt heiterPersianengelsk,Persischtysk ogpersefransk. Ein har også brukt nemninga «nypersisk» for å skilja det frå gamalpersisk ogmellompersisk. Frå slutten av 1900-talet har det òg blitt vanleg å seie «farsi», etter det persiske endonymetfârsi. Det iranskeAkademiet for persisk språk og litteratur[2] som har medlemer fråIran og dei persiskspråklege landaTadsjikistan,Afghanistan ogUsbekistan, har kome med ei fråsegn der dei frårår at nemningafarsi blir nytta på europeiske språk i staden forpersisk,Persian osb. med denne grunngjevinga:[3]

  1. Persisk/Persian osb. har vore nytta i mellom anna kulturelle, vitskaplege og diplomatiske dokument i mange hundre år, og det å nyttefarsi i staden forpersisk ville bryte ein vektig historisk tradisjon.
  2. Det å ta i brukfarsi i staden forpersisk gjev inntrykket av at vi har å gjera med eit nytt språk – noko som også kan vere intensjonen til somme av dei som nyttarfarsi.
  3. Å endre språkbruken kan òg gje inntrykk av atfarsi er ein dialekt som er nytta i nokre delar avIran, og ikkje det rådande og offisielle språket i landet.
  4. Ordetfarsi har aldri vore nytta i nokon vitskapleg artikkel eller noko universitetsdokument på noko vestleg språk,og framlegget om å ta det i bruk kan skape tvil og uvisse om namnet på det offisielle språket iIran.

Det er viktig å skilje mellom adjektivapersisk ogiransk.Persisk har å gjere med eitt av språka eller éi av dei etniske gruppene i Iran, Afghanistan osb., medaniransk har å gjere med landet Iran, der det blir tala 75 ulike språk,[4] eller med den iranske greina av den indoeuropeiske språkfamilien, som persisk høyrer til.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Persisk er riksmålet i Iran, der over 50 % av innbyggjarane har det sommorsmål. I tillegg blir det tala ikurdiske område,[5]Sentral-Asia,Afghanistan,Pakistan ogIndia, der det gjerne har status som eit danna, litterært språk.

Som folkespråk er det utbreidd over heile det gamlePersarriket, bortsett fråAserbajdsjan, der det er blitt fortrengd avtyrkisk, i nordreKhorasan derturkmensk har erstatta det, og på vestkysten avKaspihavet opp tilBaku.

Språkhistorie

[endre |endre wikiteksten]

Persisk høyrer tilden iranske greina av deiindoiranske språka. Den historiske utviklinga kan delast inn i tre:Gammalpersisk,mellompersisk ellerpahlavi (pehlevi), og moderne persisk.

Dei fonetiske særmerka i den språklege utviklinga frå gammalpersisk til farsi (jf.zend) er hovudsakleg bortfall av endevokalar og at ustemdek, t, p, c (tsj) er blitt stemdeg, d, b, z. Døme:

 
gammalpersisk
mellompersisk
moderne persisk
«død»
mahrka
mark
marg مرگ
«sjølv»
xvato
xvat
xod- خود
«vatn»
api
ap
âb آب
«dag»
raucah
rojj
ruz روز

Vidare harf og nokre gongerd blitt tilh. Døme:

 
gammalpersisk
mellompersisk
moderne persisk
«fjell»
kaufa
kof
kuh کوه
«plass»
gaõué1
gås
gäh
«eg gjev»
dadämi
 
diham
«fot»
päõa2
 
پا

1I staden for-tus.2Berre iavestaen.

Morfologisk står gammalpersisk på om lag same nivå somsanskrit.Nomen, men ikkjeverb, hardualis, og av dei åttekasusa i sanskrit manglar gammalpersisken berredativ. Verbet har bådekonjunktiv ogoptativ, sama rike utbygging av presensstammen av om lag sametempus som sanskrit. Mellompersisk har ei total ombygging, og er i hovudtrekk identisk med moderne persisk.

Frå starten av hadde nypersisk dei kortevokalanea,i,u, og dei langeæ,i,u,e (opphavlegai) ogø (opphavlegau). I moderne persisk blir opphavlega uttala som open e (eller æ),æ som norsk å, oge ogø som i og u. Til dømes heitte det førEran, noIran og førkõh ogrõz, nokuh ogruz. Dennefonetiske endringa er, i tillegg til den innverknadenarabisk har hatt på språkbruk og ordforråd nesten den einaste utviklinga nypersisk har gjennomgått dei seinaste 900 åra.

Fonologi

[endre |endre wikiteksten]
Dei persiske vokalane plasserte ivokalfirkanten.

Vokalar

 
fremre
bakre
 trong
ی
و
 midtre
ِ
ُ
 open
َ
ا
 
fremre
bakre
 trong
/i/ [i]
/u/ [u]
 midtre
/e/ [e]
/o/ [o]
 open
/a/ [æ]
/â/ [ɒ]

Vokallengd er ikkje tydingsskiljande i moderne persisk.

Konsonantar

 

alveolar

velar

glottal

 ustemdplosiv
p [p]
t [t]
c [ʧ]
k [k]
' [ʔ]
 stemdplosiv
b [b]
d [d]
j [ʤ]
g [g]
 
 ustemdfrikativ
f [f]
s [s]
š [ʃ]
x [x]
h [h]
 stemd frikativ
v [v]
z [z]
ž [ʒ]
ɣ [ɣ]
 
 nasal
m [m]
n [n]
 approksimantl [l]y [j]
 rotikonr [r]

Trykket ligg i hovudsak på den sistestavinga.

Grammatikk

[endre |endre wikiteksten]

Persiskeverb kan uttrykkjetempus ogaspekt og blir bøygde iperson ognumerus. Det finst ikkje noko grammatiskgenus.Suffiks er vanlegast, menprefiks førekjem òg. Verbet blir sett sist i setninga.

I formbygninga er persisk sterkt forenkla samanlikna med gammalpersisk. Allekasusa har forsvunne, men språket har bygd opp ein nypossessivpartikkel mellom det styrande og styrte (for eksempelbarâdar-e-pedar برادر پدر , 'bror-til–far') og ei objektform som er merkt medpostposisjonen-râ را (gammalpersiskrad, 'veg'), ofte med ordetmar مر framom, for eksempelmard-râ مردرا («åt mannen»).

Pluralendinga-ân har oppstått frå genitiv pluralis-ân og-âm foranimatar og-hâ forinanimatar (men i noverande daglegtale alltid-hâ), for eksempelmardân مردان ('menn'),gol-hâ گلها ('roser').Dualis har forsvunne.

Ingen bunden artikkel finst, men ein ubunden med endinga-e i for eksempelgole, alternativtyake gol, 'ei rose'.

Adjektivet er ubøyeleg, men blir foreint med det føregåandesubstantivet sitt gjennom ein possessivpartikkel-e-, for eksempelmardân-e-beh («dei gode mennene»). Komparasjon skjer gjennom endingane-tar og-tann, i for eksempelbehtar بهتر («betre»),bahtann («best»); av gammaliranskbeh, «det gode»).

Personlege pronomen blir possessivbøygd som nomen, til dømesman ('eg'),tu ('du'),pedar-e-man ('min far'),pedar-e-beh-e-tu-râ ('til din gode far'). På same måten som norsk skil persiske pronomen seg frå substantiva ved å ha kasus, og possessiv idativ-akkusativ blir uttrykt gjennomsuffiks, som ipedar-am ('min far'),burd-at ('han bar deg'). Detrelative pronomenetke ('som') er ubøyeleg.

Finitte verbformer blir danna dels avpresensstammen:imperativbar ('bera'), ogsåpresens:mibar-am ('eg ber'),futurum,bibar-am ('eg skal bera'),bar-ân ('berande'); dels av perfektstammen:burd-am ('eg bar'),burd ('han bar'),burda ('boren'),burd-an('å bera'). Fleire andre tempus, til dømespassiv, blir danna medhjelpeverb, som iburde-am ('eg har bore'),burd(e)-ast ('han har bore'), og dette blir lagt til grunn for danningar somburdast-am ('eg har bore');burdâ büd-am ('eg hadde bore'),burda savam ('eg blir boren').

Possessiv kan uttrykkast med innskot av-e- (døme: hønseeggtoxm-e-morɣ eigentleg 'egg—av ei—høne').

Nokre norske ord
med opphav i persisk/farsi
  • basar < persisk بازارbâzâr
  • divan ‍< persisk دیوانdivân
  • fersken ‍‍< latin(malum) Persicum 'persisk (eple)'
  • karavane < persisk کاروانkârvân
  • kiosk < tyrkiskköşk < persisk گوشهguše
  • lakk < persisk لاکlâk
  • paradis < gresk παράδεισοςparádeisos < mellompersisk *pardēz
  • sjakk < persisk شاهšâh

Ordtilfang

[endre |endre wikiteksten]

Mange persiske ord harprotoindoeuropeisk opphav. Nye ord kan dannast gjennom å legga tilaffiks eller ordsamansetjing, som illustrertover. Språket har særleg teke imotlånord fråarabisk,engelsk,fransk ogtyrkiske språk.

Skrift

[endre |endre wikiteksten]

Gammalpersisk har vorte bevart for ettertida i deiakemenidiskekileinnskriftene (520-350 fvt.) i ruinane avPersepolis, på klippeveggane vedBehistan,Naxš-e-Rostam نقش رستم (nærSusa, persiskŠuš شوش og på andre stader. Etter akemenidane sitt fall (331 fvt.) finst ingen kjelder på persisk språk for dei neste fem hundreåra. Underarsacidane ogsassanidane si tid opptrer så mellompersisk med eigealfabet, først i innskrifter, deretter i den såkallapehlevilitteraturen.

Farsi skrive med arabiske bokstavar iNimmatnama-i Nasiruddin-Shahi ('Oppskriftsboka') frå slutten av 1400-talet.

Etter atPersia vart erobra avarabarane (650) følgde igjen ein mesta litteraturlaus periode på over 200 år. Dette varer fram til nypersisk (skrive med arabiske bokstavar) frå og med 800-talet framtrer med omtrent samegrammatiske formbygnaden som han har i våre dagar.

Sjå ogdet persiske alfabetet.

Persisk litteratur

[endre |endre wikiteksten]

Dei flesteparsiske skriftene blei øydelagde etter den muslimske erobringa av Persarriket, menparsarane som flykta tilIndia tok med seg nokre av dei viktigaste bøkene, blant deiAvestaen og kommentarbokaZend.

«Gjenfødinga» av den persiske litteraturen, etter nokre århundre derarabisk dominerte, kom det med diktarar somHanzala Rudagi,Belami,Unsuri,Daqiqi og ikkje minstFirdausi.Sufidikt er òg ein viktig del av litteraturen. Av sufidiktarar kan nemnastAhmad Hatef, medanOmar Khayyam truleg er best kjend i Vesten for diktsamlingaRubaiyat.

Gjennom persisk påverknad spreidde litteraturen seg til ein kulturkrins fråBalkan i vest tilBengal i aust. Den kjende farsidiktarenRumi budde i dagensTyrkia ogNezami i Kaukasus, medan forfattarar somAmir Khosrau,Muhammad Iqbal ogMirza Ghalib levde og verka iIndia.

Sidan 1900-talet har prosa fått ei sterkare stilling innan den persiske litteraturen. Nokre nyare forfattarar erSadeq Hedayat («Irans Kafka»),Mohammad-Ali Jamalzadeh,Bozorg Alavi ogZoya Pirzad.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Persian language courses»,SOAS (på engelsk), henta 9. januar 2023 
  2. Farhangestân-e zabân va adab-e fârsi فرهنگستان زبان و ادب فارسی
  3. Jf. artikkelenAcademy of Persian Language and Literature på engelsk Wikipedia
  4. Ethnologue om Iran
  5. «Soran University - Soran City»,www.soran.edu.iq, henta 9. januar 2023 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
WikifrasarWikifrasar har ei sitatsamling som gjeld:Persisk
Austiranske
Pamirspråk
Nordvestiranske
Sørvestiranske
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Persisk&oldid=3568926»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp