Fanerozoikum ereonet som vi no er inne i og tidsperioden då det meste av dyrelivet har eksistert. Perioden dekkjer om lag dei siste 545 millionar åra og strekkjer seg tilbake til då dei første dyra med hardt ytre dukka opp. Namnet kjem frågresk og tyder «synleg liv» og viser til dei mange organismane som dukka opp iden kambriske eksplosjonen. Tida før fanerozoikum vert ofte kallaprekambrium (i dag delt inn ihadeikum,arkeikum ogproterozoikum). Den nøyaktige grensa mellom fanerozoikum og proterozoikum er noko usikker. På1800-talet vart grensa sett til dei første talrike fossila avfleircella dyr dukka opp. Sidan 1950-talet har derimot fleire hundretaksa fråproterozoikum vorte identifisert. Dei flestegeologar ogpaleontologar set vanlegvis grensa mellom proterozoikum og fanerozoikum til den klassiske grensa då dei førstetrilobittane ogarchaeocyathane dukka opp, ved tida då dei første kompleksemattunnelane dukka opp, kallaTrichophycus pedum, eller då dei første gruppene av små, generelt ikkje-leddelte, pansra dyr kallasmåskjellfaunaen. Dei tre grensene ligg eit par millionar år frå kvarandre.
Under fanerozoikum auka det biologisk mangfaldet frå nær null til fleire tusen slekter.
Fanerozoikum er delt inn i tre geologiske æraer:paleozoikum,mesozoikum ogkenozoikum. I eldre litteratur vert uttrykket fanerozoikum hovudsakleg nytta som for tidsperioden som paleontologar er interessert i, men denne bruken av uttrykket ser ut til å ha falle bort i moderne litteratur.
Tidsspennet til fanerozoikum inneheld den raske utviklinga av mangedyrerekker, evolusjonen til desse rekkene til forskjellig utforming, dei første plantene på jordoverflata, utviklinga av komplekse planter, dei førstefiskane, dei første landdyra og utviklinga av det moderne dyrelivet. I løpet av denne perioden harkontinenta flytta på seg og danna etter kvartsuperkontinentetPangea, som så delte seg opp i dei noverande kontinenta.
Markova, Aleksander V., Korotajev, Andrej V. (2007). «Phanerozoic marine biodiversity follows a hyperbolic trend».Palaeoworld16 (4): 311–318.doi:10.1016/j.palwor.2007.01.002. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
Miller, K. G.; et al. (2005). «The Phanerozoic record of global sea-level change».Science310 (5752): 1293–1298.doi:10.1126/science.1116412. CS1 maint: Explicit use of et al. (link)