Famn er ei gammal eining for lengd eller eit mål for ved. Med ein famn forstår vi i dag til vanleg ei lengd på om lag 1,88 meter eller ein vedstabel på 2,4 lauskubikkmeter.
Ein famn var ei lengd på trealen, eller 1,882meter. Famn vert framleis brukt av eldre fiskarar som mål på sjødjupn og lengd på fiskereiskap.
Ein famn ved var opphavleg ei vedmengd som målte ein famn i breidd og høgd, medan lengda varierte ettersom ein selde alenved eller langved.
Då meterkonvensjonen vart innført i 1875, vart det bestemt at ein famn alenlang ved i metrisk vedmål skulle vere ein stabel 2 meter brei og 1,85 meter høg av 6desimeter lang ved.
Ved kongeleg resolusjon av 25. juni 1936 vart det bestemt at ein famn ved skulle måle 2 m x 2 m x 1 m (4 m³), medan
EtterNorsk Standard NS 4414 (1997):
Ved sal av kappa ved skal ein ikkje gjere fråtrekk for mellomromma mellom dei enkelte vedstykka. Derfor vil ein famn 60 cm ved innehalde om lag 1,6 m³ fastmasse.
Forholdet mellom einingane (fra 1541) | Omrekning tilSI-systemet - frå år | |||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
namn | teiknB | famn | alen | fot | kvart | tomme | linje | skruppel | 1274C | 1274D | 1541E | 1683F | 1824G | 1875H | 1959J | eining |
1famn | 1A | 3 | 6 | 12 | 72 | 864 | 10368 | 1,422 | 1,659 | 1,8978 | 1,8882 | 1,8825 | 1,8822 | 1,8288 | m | |
1alen | 1⁄3 | 1 | 2 | 4 | 24 | 288 | 3456 | 47,400 | 55,300 | 63,260 | 62,940 | 62,750 | 62,740 | 60,960 | cm | |
1fot | I | 1⁄6 | 1⁄2 | 1 | 2 | 12 | 144 | 1728 | - | - | 31,630 | 31,470 | 31,375 | 31,370 | 30,480 | cm |
1kvart | 1⁄12 | 1⁄4 | 1⁄2 | 1 | 6 | 72 | 864 | 11,850 | 13,825 | 15,815 | 15,735 | 15,688 | 15,685 | 15,240 | cm | |
1tomme | II | 1⁄72 | 1⁄24 | 1⁄12 | 1⁄6 | 1 | 12 | 144 | 2,633 | 2,633 | 2,636 | 2,623 | 2,615 | 2,614 | 2,540 | cm |
1linje | III | 1⁄864 | 1⁄288 | 1⁄144 | 1⁄72 | 1⁄12 | 1 | 12 | 2,194 | 2,194 | 2,197 | 2,185 | 2,179 | 2,178 | 2,117 | mm |
1skruppel | IV | 1⁄10368 | 1⁄3456 | 1⁄1728 | 1⁄864 | 1⁄144 | 1⁄12 | 1 | 0,183 | 0,183 | 0,183 | 0,182 | 0,182 | 0,182 | 0,176 | mm |
AGrøn bakgrunnsfarge viser eksakte verdiar.BSkrive: 5I 11II 7III 10IV uttalt: fem fot, elleve tommar, sju linjer og ti skruplar = 181,998 cm (int. tomme) CMagnus Lagabøteslandslov definerte eiCkort alen og eiDlang alen. Avsette ein den kortasteCtommelalna (=18II) på ei stikke, trengte stikka eit handtak, som naturleg vart einhandsbreidd (= 3II). Den lengsteDstikka vart då 21II.ESjællandsk alen vart tatt i bruk.FSystemet tilOle Rømer innført ved lov.GI samband med lausrivinga frå Danmark held ein påOle Rømer-systemet, men måleiningane vart reviderte i lov av 28. juli 1824.HNoreg innførteSI-systemet.Loven innførte omrekningsreglar til det gamle systemet.JInternasjonal tomme definert etterSI-systemet. I Noreg vart einingane alen, kvart, tomme og famn brukt. Fot, linje og skruppel vart nesten ikkje brukt. |