Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Falkefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Falkefamilien
Brunfalk, Falco berigora Foto: John O'Neill
Brunfalk,Falco berigora
Foto: John O'Neill
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Klasse:FuglarAves
Underklasse:Neognathae
Overorden:Neoaves
Orden:FalkefuglarFalconiformes
Familie:FalkefamilienFalconidae
Vigors,1824

Falkar og karakaraer er rundt 64 artar av dagaktiverovfuglar som utgjer falkefamilien Falconidae og er utbreidd over det meste av verda. Familien er einaste medlemen i ordenenFalconiformes.Fuglar i falkefamilien liknarhaukar. Dei har skarpeklør, krumtnebb og godt syn.

Skildring

[endre |endre wikiteksten]

Falkar ogkarakaraer er små til mellomstore rovfuglar, som varierer i storleik fråsvartflankefalkonett, på 35 gram, tiljaktfalk, som kan vege så mykje som 1 735 gram. Dei har sterkt krumt nebb, kraftig bøygde klør og framifrå syn.Fjørdrakta er vanlegvis i fargene brunt, kvitt, kastanje, svart og grått, ofte med spraglete mønster. Det er liten skilnad i fjørdrakta mellom kjønna, sjølv om nokre artar har noko kjønnsdimorfisme i klårleik i fjørdrakta.

Dei skil seg fråhaukefuglar ved å avlive byttet med nebben i staden for med føtene sine. Dei har ei «tann» på sida av nebben som medverkar til eigenskapen.

Utbreiing og habitat

[endre |endre wikiteksten]

Familien har ein nærkosmopolitisk distribusjon, fråverande berre frå den tettaste skogen iSentral-Afrika, nokre avsidesliggandeoseanisk øyar,Arktis ogAntarktis. Nokre artar har ei særs vid utbreiing, spesielt den kosmopolitiskevandrefalk, som strekkjer seg fråGrønland tilFiji, og har den vidaste naturlege hekkedistribusjon av alle fuglar. Andre artar har meir avgrensa distribusjonar, særleg øyendemiske artar sommauritiusfalk. Dei fleste naturtypar blir utnytta, fråtundra tilregnskog ogørkenar, sjølv om det generelt finst fleire fuglar i ope lende og til og med skogartar har ein tendens til å velje seg øydelagd skog og utkant av skog. Nokre artar, hovudsakleg i slektaFalco, er fullt ut trekkfuglar, der nokre artar iEurasia overvintrar så langt borte som iAfrika, andre artar kan vere delvistrekkfuglar.Amurfalk har ei av dei lengste migrasjonsrutene og flyg fråAust-Asia til det sørlege Afrika.[1]

Åtferd

[endre |endre wikiteksten]

Føde

[endre |endre wikiteksten]

Falkar og karakaraer erpredatorar, nyttar fuglar, småpattedyr,krypdyr,insekt ogåtsel som matkjelder. Ei vanleg førestilling er at fuglar i falkefamilien er raske rovfuglar. Dette er tilfelle for slektaFalco og nokrefalkonettar og andre artar, men spesielt karakaraer er meir langsame i søk etter føde.Neotropiskeskogsfalkar er mangslungne skogsjegerar. Fleire artar, særleg av slektaFalco, vil hamstre føde.[2] Dei er einsame jegerar eller vaktar territorium i par, sjølv om dei kan danne store flokkar under trekket. Somme artar er spesialistar, til dømes erlatterfalk spesialist påslangar, men andre artar er meir mangslungne.

Hekking

[endre |endre wikiteksten]

Falkar og karakaraerhekkar generelt parvis, men rundt 10 % av artane er kolonihekkarar, til dømeskveldsfalk.[3] Dei ermonogame, sjølv om nokre karakaraer òg kan bruke fadderstrategiar, der yngre fuglar hjelper vaksne, i regelen foreldra, i å få fram eit neste kull med ungar. I regelen byggjer ikkje falkarreir, med unnatak av karakaraer, men tek over reir frå andre fuglar, til dømes hekkarafrikapygméfalk i reir lagde avvevarar, eller legg egg på berghyller. Eit eggkull er på 2-4egg, for det meste ruga av hoa. Rugetidene varierer frå art til art og er korrelert til kroppsstorleik, frå 28 dagar for mindre artar og opp til 35 dagar for dei største. Ungar er flygedyktige etter 28-49 dagar, igjen varierande med artsstorleik.

Relasjonar til menneske

[endre |endre wikiteksten]

Falkar og karakaraer har eit komplisert tilhøve tilmenneske. Ioldtidas Egypt vart dei guddommeleggjorte i form avHorus, himmelgud og solgud, og var stamfar til faraoane. Karakaraer var òg ein del avaztekarane sine legender,nordkarakara er i dagmeksikansk nasjonalfugl. Falkar vart viktige i den tidlegare ofte kongelege sportenfalkoneri. Dei har òg vorte forfylgde for predasjonen sin på vilt og husdyr, og forfylging har ført til utrydding av minst éin art,guadalupekarakara. Fleire isolerte artar har gått kraftig tilbake, ingen meir enn mauritiusfalk, som ein gong talte berre fire individ.IUCN reknar at rundt fem falkeartar er trua av utrydding, inkluderttartarfalk.

Artslista

[endre |endre wikiteksten]
Afrikapygmefalk,Polihierax semitorquatus
Foto: Steve Garvie

Falkar og karakaraer i rekkjefølgje etterIOC World Bird List V14.1, 2024,[4] med norske artsnamn etterNorske navn på verdens fugler.[5] Gruppering i underfamiliar er etterHBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[6]

Treliste

SlektFalco 38 typiske falkar, inkludert dei fem artane somhekkar i Noreg:tårnfalk,dvergfalk,lerkefalk,jaktfalk ogvandrefalk.Kveldsfalk er ein gjest.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Tordoff, Andrew (2002).«Raptor migration at Hoang Lien Nature Reserve, northern Vietnam»(pdf).Forktail18: 45–48. 
  2. Collopy, M.W. (1977).«Food Caching by Female American Kestrels in Winter».Condor79 (1): 63–68.doi:10.2307/1367531. 
  3. Ille, R.; Hoi, H.; Grinschgl, F.; Zink, F. (2002). «Paternity assurance in two species of colonially breeding falcon: the kestrelFalco tinnunculus and the red-footed falconFalco vespertinus».Etologica10: 11–15. 
  4. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2024).«Raptors».IOC World Bird List Version 14.1. International Ornithologists' Union. Henta 21. mai 2024. 
  5. Norsk navnekomité for fugl (NNKF).«Norske navn på verdens fugler».Birdlife Norge. Henta 21. mai 2024. 
  6. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist».BirdLife Data Zone (version 7 utg.).BirdLife International. Desember 2022. Henta 21. mai 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Anatomi
Åtferd
Evolusjon
Taksonomi:            
Basale fuglar
«Avanserte»
fuglar
Fossile fuglar
Menneske og fuglar
Oversyn
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Falkefamilien&oldid=3554465»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp