Statue av Evklid, ved Oxford University Museum of Natural History
Evklid ellerEuklid (gresk: Εὐκλείδης –Eukleídēs; fødd omkring325 f.Kr., død omkring265 f.Kr.) var eingreskmatematikar som underviste iAlexandria i noverandeEgypt i dengreske antikken. Evklid er rekna som ein av dei største matematikarane i antikken. Han skreiv mange matematiske verk, det mest kjende erStoikheia (’Elementa’), som gjer greie for oppbygginga avplangeometrien, og som danna grunnlaget for matematisk granskingsarbeid opp mot vår tid.
Frå Evklid har vi omgrepa
evklidsk geometri - ei geometrisk lære som byggjer på Evklids postulat.
evklidsk algoritme – ein framgangsmåte for å finne største sams faktor for to tal.
evklidsk rom – eit geometrisk n-dimensjonalt rom der Evklids postulat gjeld.
Evklids postulat –parallellaksiomet, slår fast at ein gjennom eit punkt utanfor ei rett line berre kan leggjeein parallell til lina.