Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Evangeliet etter Matteus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Evangeliet etter Matteus er eit avdei synoptiske evangelia og er i den kanoniske rekkjefølgja den første boka iDet nye testamentet. Evangeliet er etter tradisjonen skrive avapostelenMatteus. Pågresk er tittelen Κατά Μαθθαίον eller Κατά Ματθαίον.

Caravaggio: Matteus’ inspirasjon

Evangelisten Matteus vert symbolisert med eitmenneske med eller utan venger (ikkje ein engel, som det ofte vert sagt).

Innhald

[endre |endre wikiteksten]

Matteusevangeliet inneheld fem store talar som Jesus har halde:

1.Bergpreika (kap 5-7)
2. Utsendingstalen (kap 10)
3. Likningstalen (kap 13)
4. Disippeltalen (kap 18)
5. Talen med dei skriftlærde om endetida (kap 23-25)

Det ser ut til at Matteus har strukturert evangeliet rundt desse talane, kvar tale sluttar med ein formel som viser at talen er over. Etter ei innleiing (prolog) i kapittel 1-2 følgjer fem blokkar, kvar av dei inneheld først forteljarstoff og så talestoff. Evangeliet sluttar, likt med dei andre evangelia, med eit klimaks i forteljinga om Jesu liding, død og oppstode.

Unikt for Matteus er forteljingane omJesu fødsel og barndom, fleirelikningar (til dømes skatten og perla og dei ti brurmøyane) samt ein hel del Jesuord (til dømes om jordas salt og verdas ljos eller ulv i saueham). Matteusevangeliet er og aleine om ordet omPeter som klippa. Særstoffet utgjer i alt ein fjerdedel av evangeliet. Dessutan inneheld Matteusevangeliet mange sitat fråDet gamle testamentet.

«Samla dykk ikkje skattar på jordi, der mol og makk et og øyder, og tjuver bryt seg inn og stel!»

Matt. 6,19 (Studentmaallaget si bibelumsetjing 1921)

Teologi

[endre |endre wikiteksten]

Matteus legg vekt på at Jesus er Davids son, denMessias som var lova i Det gamle testamentet. MenMessias vart ikkje teken vel imot av alleisraelarane. Han svarte ikkje til forventingane for korleis Messias skulle vere, og han omdefinerte Guds folk, slik at sjuke, ureine, innvandrarar med fleire vart tekne med blant Jesu læresveinar. Evangelisten kritiserer jødane hardt, ikkje minst dei lærde i landet. Samtidig har evangeliet med mange av Jesu rosande ord til jødane, fleire som ikkje er nemnde i dei andre evangelia.

Meir enn dei andre evangelistane legg Matteus positiv vekt på lova (sjåBergpreika). Når israelarane ikkje godtok Jesus som Messias, vart òg "heidningane" innbodne til å ta del iGuds rike, sjå til dømes imisjonsbodet som avsluttar Matteusevangeliet.

Matteus legg òg vekt på at Jesu guddom: Engelen seier tilMaria at barnet skal heite "Immanuel" som tyder "Gud med oss", Matt 1:23), Jesus lover at "der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg mitt imellom dei" (Matt 18:20), og Jesu siste ord i evangeliet, "eg er med dykk alle dagar så lenge verda står" (Matt 28:20).

«Gakk daa ut, og gjer alle folki til læresveinar,med di de døyper deim til namnet aat Faderen og Sonen og den Heilage Ande,og lærer deim aa halda alt det som eg hev bode dykk.Og sjaa, eg er med dykk alle dagar so lenge verdi stend!»

Matt. 28,19-20

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Det ser ut til at Matteus har brukaMarkusevangeliet som ei kjelde, eller kanskje både Markus og Matteus har bruka eit ukjend evangelium, ofte kalla Q-kjelda, som kjelde. Første gongen Matteus vert sitert, er iIgnatios' brev som vart skrivne rundt105-110 e.Kr.). Då var altså dette evangeliet kjent i store delar avkyrkja. Evangeliet har altså truleg vorte nedskrive ein gong mellom65 -100 e.Kr. Fleire av breva i Det nye testamentet, som er datert mellom 50 og 80 e.Kr., viser til Jesu undervisning slik ho er framstilt i Matteusevangeliet. Blant anna må forfattaren avJakobs brev ha kjend innhaldet i Bergpreika. Det er uklart om desse nytestamentlege skrifta byggjer på minnet eller munnlege tradisjonar, eller om dei byggjer på framstillinga i evangeliet etter Matteus.

Forfattaren viser ikkje til seg sjølv i evangeliet, men etter kyrkjeleg tradisjon vart det forfatta avapostelenMatteus. Forfattaren meistrar bådegresk oghebraisk språk (og mest sannsynlegarameisk) (jf 1,22f; 2,23; 21,42) og kjenner godt til rabbinsk skrifttolking. Han er dermed godt kjend med jødisk historie, sedar, tankar og folkegrupper. Matteus vel ofte å sitere dethebraiske gamle testamentet og ikkje det greske. Det er ikkje unaturleg å konkludere med at forfattaren var ein skriftlærd jøde.Forfattarens språkkunnskapar gjer det problematisk å identifisere evangelistenMatteus med Jesulæresvein,tollarenMatteus (Matt 10:1).

Det er vanskeleg å avgjere kor evangeliet er forfatta, men det kan vere skrive i Syria, gjerne iAntiokia (dagensAntakya). Antiokia hadde ei stor jødisk forsamling, og der voks det relativt tidleg fram ein stor kristen kyrkjelyd (jfApostelgjerningane kap. 11).

Den sterke tilknytinga til Det gamle testamentet og fleire jødiske trekk ved evangeliet gjer det sannsynleg at forfattaren har hatt jødekristne som målgruppe, men ikkje nødvendigvis ein spesiell kristen kyrkjelyd.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Evangeliet etter Matteus

Litteratur

[endre |endre wikiteksten]
  • Kjelder: Artikkelen byggjer på ei omsetjing frå svensk og norsk bokmåls Wikipedia
  • Brown, Raymond E.,An introduction to the New Testament, (The Anchor Bible reference library), New York : Doubleday, 1997.
Evangelia
Paulinske brev:
Andre brev
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Evangeliet_etter_Matteus&oldid=3565175»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp